BERGE R. FURRE

Med stor sorg har vi motteke meldinga om at vår kjære kollega Berge R. Furre døydde 11. januar 2016 etter lengre tids sjukdom. Det vakte ei viss oppsikt da historieprofessoren og SV-politikaren vart kalla til eit professorat i teologi ved Universitetet i Oslo i 1991, men Berge kom til sine eigne. Som ung teologistudent på 1950-talet hadde fag og sosialistisk engasjement vore vanskeleg. Det kyrkjelege og teologiske miljøet den gongen var gjennomgåande konservativt politisk. Han måtte ut, og han vart etterkvart ein sentral politikar for SF/SV og historieprofessor i Tromsø.

Berge fann seg til rette som professor i teologi. Han var ein inspirerande og støttande vegleiar for studentar og doktorandar og ein skatta førelesar, ja, ein må kunne seie at han var ein av dei siste folketalarane våre, ein retorikkens meister som på ein sjeldan måte evna å fengje dei som høyrde på. Vegen attende førte òg til at han vart ordinert til prest i 1998 og teneste som vikarprest i Hasvik i Finnmark. Han utvida universitetsteologien sitt globale interessefelt. Som sekstiåring lærte han seg portugisisk og reiste til Brasil på forskingsopphald. Der møtte han rørsla for dei jordlause bøndene og opplevde korleis eit kristent engasjement gjekk saman med sosialisme og ansvar for miljøet - slik han sameinte det hos seg sjølv.

Fagleg spente Berge breitt, men utan at breidda vart overflatisk på nokon måte. Han skreiv like grundig og kunnskapstungt anten emnet var mjølk, spionasje, vekking, nykarismatikk, eller det mykje brukte oversynsverket «Norsk historie 1905-1990». Det kyrkjehistoriske hovudverket hans, «Soga om Lars Oftedal» er ein biografi og på same tid ei fordjuping i norsk kulturhistorie i perioden.

Mange ville ha ein bit av han, og han sa helst ja, anten det var store oppgåver som Lund-kommisjonen og Nobelkomiteen, eller føredrag for ei lokal kyrkjegruppe. Vi var mange som delte på han, og han hadde ein raus familie i Elisabeth og døtrene. Berge Furre vil bli hugsa som ein utradisjonell, mangfaldig og fargerik kollega – og framfor alt som eit godt menneske. Vi vil for alltid minnast han med takksemd.

På vegne av kolleger ved Det teologiske fakultet

Aud V. Tønnessen (dekan)

Hallgeir Elstad (professor)

Dag Thorkildsen (professor)