Erlend Østgaard

Erlend Østgaard vart fødd 28. august 1938 på Trongfoss i Namsskogan kommune. Der vaks han opp som nest eldst av fire brør, ein aktiv unge som lærde seg sjølv å rekne og lese; Snorre gjorde sterkt inntrykk på ein 5-åring. Elles treivst han svært ute med friidrett og friluftsliv, fiske og bærplukking i nærområda langs Namsen og Rubben.

I 1951 flytta familien til den vesle grenda Hildal i Odda kommune. Der fekk Erlend nye vener med sosialt turliv kring Hildalsstølen og leikarring i Ungdomslaget. Grunnutdanninga i orgelspel gjorde han også til habil hobbypianist. Det vart realskole og gymnas i Odda til han gjekk ut som preseterist i 1957.

Etter militærtenesta i Hærens våpentekniske korps starta han ved Lina for teknisk fysikk ved NTH i Trondheim, fullførde siv.ing. 1963-64 og lic.techn. 1966. Andre april same året gifte han seg med Randi Kolkind som vart med han ut i verda. Han var NORDITA-stipendiat ved Niels Bohrs Institut i København 1965 – 1967, eitt år ved Princeton University og det neste ved UCSD i La Jolla, der eldstebarnet Ingunn vart fødd. Så vart det to år i München og Dr.techn. i 1970 før han endeleg kom heim som førsteamanuensis ved UNIT 1972. Han roa seg der, og fekk sønene Vemund i 1973 og Sven i 1977, og fast bustad i Devlesvingen på Lade. Der vart det år som oppmann for handball i SK Trygg/Lade. Han arva barndomsheimen på Trongfoss, den vart «base camp» for familiens friluftsliv i mange år.

Erlend vart professor 1991. Ved instituttet underviste han mellom anna astrofysikk og kosmologi, populære fag som rekrutterte mange master-studentar. Han vegleidde også fleire fram til PhD og var instituttstyrar ein periode. Forskninga hans har i hovudsak handla om kvantitative modellar for ulike fenomen i væsker og faste stoff, til dømes spinnpolarisert hydrogen, fast og flytande helium, materie i atomkjernar, nøytronstjerner og kvarkstjerner. Han har òg studert mekanismar for korleis pulsarar sender ut røntgenstråling og gravitasjonsbølgjer. Det vide faglege engasjementet omfatta også spørsmål om alt frå liv i universet (exobiologi) til ufoar i Hessdalen.

I mars 2001 fekk Erlend infarkt med hjartestans på skitur i Bymarka. Han vart berga, og kom seg utruleg, men oksygensvikten hadde gitt varige hjerneskadar. Enno eit tiår heldt han kontakten med sitt gamle fagmiljø ved hjelp av gode støttekontaktar ved instituttet, spesielt fysikkseminara kvar fredag var eit høgdepunkt. Og barnebarna Sunniva, Jonatan, Nikolai og Mathilde var alltid til glede. Men det vart fleire infarkt og hjarteanfall og svært redusert helse etter kvart. Likevel satsa kona Randi alt på at han kunne få bu heime i generasjonsbustaden deira på Persaunet så lenge det var råd. Etter eit lårhalsbrot i fjor måtte det bli pleieheim, eit nytt lårhalsbrot i år og operasjon på St. Olav vart for mye. Der sovna han stille inn natt til mandag 8. februar.

- «Han Erlend veit nok». Vi lyser fred over Erlends minne.

Jan Myrheim

Kjetill Østgaard