JONAS SKARSVÅG FOSSHEIM (1996-2016)

Den 29. april omkom Byåsen-guten Jonas Skarsvåg Fossheim, berre 20 år gamal, i ei kanoulykke i Bøelva i Seljord der han gjekk ekspedisjonslina ved Seljord Folkehøgskule. Jonas hadde i løpet av året nådd Kilimanjaro og Basecamp ved Mount Everest saman med kameratar og lærarar. Han var nett komen tilbake frå Nepal då ein kanotur i Bøelva tok hans unge liv. Kanoen med to elevar hamna utfor eit uoversiktleg fall i elva, og Jonas vart dregen under i den sterke straumen. Ved Rikshospitalet var alle forsøk på å redde han forgjeves.

Jonas vart bisett frå Ilen kyrkje den 19. mai. Frå skulen i Seljord kom 40 elevar og lærarar til høgtida i kyrkja og til minnestunda etterpå. Omkring 300 møtte i kyrkja. Det kan ikkje beskrivast med ord kor sterkt ulykka har ramma mor Nina og far Jens, sysken, familien elles, og vener. I kyrkja og ved minnestunda vart det kjent for alle kva for ein fin ungdom Jonas var.

Jonas hadde ein uvanleg sterk karakter, og gjorde sine eigne vegval. Hans store lidenskap var fjellturar og klatring, ofte saman med broren Hans. Rektor ved folkehøgskulen sa han var i ein eigen liga som klatrar. Blant vener framheva han ikkje eigne prestasjonar, men var oppteken av å oppmuntre medelevar til å betre sine eigne.

Jonas var skuleflink. Han var ein lesehest og skreiv særdeles gode tekstar allereie i barneskulen. Medelevar og vener framheva særleg hans varme og klokskap, og hans evne til å sjå og ha omtanke for alle rundt seg. Han var ein stemningsskapar; ved høgtlesing, ved å spele gitar eller munnspel, ved sine kreative påfunn. Han var ven med alle, lytta og var støttande. Særleg i diskusjonar om samfunnsspørsmål og verdiar var han engasjert. Jonas var kompromisslaus i tema han brann for. Som einaste elev på sitt trinn ved Katedralskolen, valde Jonas nynorsk som hovudmål.

Jonas var sterkt musikkinteressert, tok gitartimar og spela gitar i mange år.

Som ein naturleg konsekvens av si interesse for natur og fjell, språk og familietradisjonar var hans val av universitetsstudium klart: Han skulle studere jus ved Universitetet i Bergen. Alt låg til rette for at ein sterk personlegdom skulle gje sitt gode bidrag til vårt samfunn vidare. Det vart ikkje slik. Og veslebror får ikkje lenger ha det privilegium å vekse vidare opp med sitt store forbilde, ein svært omsorgsfull storebror. Vi må vone at familien finn styrke til å møte ein ny kvardag i det Jonas stod for, i den han var. Takk, Jonas.

Kristian Fossheim