OLA HUNDERI

Ola David Raa Hunderi døydde 13. juni 2016, 77 år gamal. Han vaks opp i Lærdal som yngste av seks sysken. Ola Hunderi studerte teknisk fysikk ved NTH og vart sivilingeniør i 1963. Frå 1966 studerte han ved University of Maryland, USA, der han tok PhD-grad i 1970 i materialoptikk. Etter det var han postdoc ved Victoria University, New Zealand i to år og ved Chalmers i Gøteborg i fire år. I 1976 kom han tilbake til Trondheim og NTH som vikarprofessor ved Metallurgisk Institutt og forskar i SINTEF. Han vart utnemnd til professor i Almen fysikk ved NTH i 1981, ei stilling han heldt til nådd aldersgrense i 2009.

Fagleg var Ola breitt orientert, med evne til å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt. Han var ein framståande eksperimentalist, spesielt på optiske metodar. Med si gode teoretiske innsikt kunne han tolke målingar av mange ulike slag. Hans vitskaplege produksjon tel over 180 nummer. Han var ein framifrå førelesar og rettleiar, og ønskte at studentane ikkje berre skulle skjøne fysikk, men òg kunne ta fysikken i bruk i kvardagen og i industrien. Ola var rettleiar for mange titals hovudfagskandidatar og ei rekke doktorandar, og han var også ein dugleg formidlar av fysikkspørsmål for skoleklassar og andre interesserte. Han var medforfattar av eit større fysikklæreverk på norsk, og medredaktør av oppslagsverket «Surface Characterization». I Realfagsbygget ved NTNU vart det installert ein «Foucaults pendel» i 2007 på initiativ av Ola, ‘så besøkande og studentar dagleg kan sjå at jorda roterer’.

Ola sine gode kunnskapar i matematikk og numeriske berekningar gav opphav til eit nytt fagområde ved Metallurgisk institutt på 90-talet: Datasimulering og modellering av materialoppførsel ved industrielle prosessar. Dette feltet vart sentralt i nye aluminiumsprosjekt og førte til store satsingar ved SINTEF. I 1987 tok Ola initiativ til at det vart oppretta ei SINTEF-avdeling i Anvendt fysikk, der han sjølv var leiar i fem år.

Familien Hunderi fekk mange krevande år då Ola si første kone Inger Anne vart ramma av Alzheimer. I den samanheng utgav han ei bok med hennar måleri og sine eigne betraktningar om å leve med ein dement. I åra 2008-2009 heldt han seminar og foredrag om demens rundt i landet, til hjelp og trøyst for pårørande av demente. I sine seinaste leveår fekk han oppleve eit nytt godt ekteskap, med si Kjersti.

Ola hadde eit vinnande vesen og var godt likt av alle. Vi saknar han som ven og kollega, og våre tankar går til hans nære familie.

Anne Borg; Kristian Fossheim; Otto Lohne; Emil J. Samuelsen