SIGVAR SKJELVAN

Sigvar døydde brått og uventa 30. juni.

Det er ikkje lett å få til eit minneord som berre handlar om han som er borte. Det vil gjerne også handla om oss som sit att og kjenner på tapet. Men heilt feil blir ikkje dette siste heller, for når Sigvar no er borte, er også ein del av det vi hugsar som det gamle Sandvollan borte. Venneflokken har mista ein bit av ein felles identitet, litt av oss sjølve.

Tanken var først å skriva noko om det store, robuste treet som brått gjekk over ende ei vindstille og fin natt, da ingen kunne venta at slikt kunne skje. På ein måte passa det, men det kledde ikkje Sigvar. Litt for kunstig, og litt jålete, kanskje.

For det var han i alle fall ikkje Sigg, Siggen, eller for meg (Svein) helst Sigvar. Ekte og solid var han. Roleg og avbalansert. lojal. Til å lita på. Litt beskjeden, men ein som såg folk likevel. Sløsa ikkje med ord, men god å samtala med. Lun, med glimt i auga og eit godt smil. Ein god venn og kamerat.

Blant oss ungane i Heggstad-grenda på Sandvollan var Sigvar sprekingen. Spesielt på friidrettsbanen var han god, og han hevda seg i mange øvingar. Vi var mykje i lag i barne- og ungdomsåra, både jentar og gutar fødde mellom 1945 og 1950. «Oppi Dala», med fotball, skotthyll, og krokket. Etter små-auren i Kløvstadelva. Skjelbreirunden med musikk. Beatles, Stones, Yardbirds. Dette skapte sterke band, og gav oss mange felles minne.

Så skildes vegane litt. Vi skaffa oss utdanning, fekk oss arbeid og slo oss ned, kvar på vår stad. Sigvar tok utdanning i forsvaret og politiet. Han fekk ein lang yrkeskarriere i politiet i Trondheim. Han fekk også brukt kompetansen sin på fleire utanlandsoppdrag.

Røtene som var å feste til Sandvollan var likevel viktige for Sigvar, som for oss andre i venneflokken. Å få til samlingar der alle kunna vera med var likevel vanskeleg, spreidde som vi var rundt omkring.

Det var Turid og Sigvar som tok grep for å få dette til. Etter kanskje eit års planlegging skulle no 12 innfødde og inngifta sandvollingar møtast. Vi andre var innbedne til treff på hytta til Turid og Sigvar ved Børgin 8. juli. Men så melde ankermannen forfall. Torsdag 30. juni var stunda komen da Sigvar reiste for godt, brått og utan avskjed. I staden for det som var planlagt, vart det gravferd i Trondheim 8. juli. Glede og sorg knytt saman på ein sjeldant sterk måte.

Etterpå får vi andre spela Yardbirds-musikk utan Sigvar. «For Your Love», «Still I'm Sad». Ja, vi er «sad», og det er framleis vanskeleg å forstå at barndomsvennen og kameraten er borte. Men vi har mange fine og gode minne om Sigvar, og dei skal vi prøva å finna trøyst i.

For fleire i venneflokken

Svein Vestrum

Foto: privat