BJARNE OTERHOLM

Bjarne Oterholm døydde laurdag 3.september nesten 90 år gamal, og vart gravlagd frå ei fullsett Ås kyrkje 9. september. Han var fodd i Måndalen i Romsdal, nest yngst av 12 sysken. Etter examen artium i Molde vart han meieriteknikar og praktiserte ved fleire meieri. Som meieriingeniør frå Noregs Landbrukshøgskule studerte han vidare i Tyskland og USA. Han var forskar ved Hermetikkindustriens Laboratorium, bakteriolog og konsulent ved Meierilaboratoriet og statskonsulent i Trøndelag og vart i 1963 konsummjølkkonsulent i Norske Melkeprodusenters Landsforbund. Då starta han på livsverket sitt: Innføring av systematisk bakteriologisk hygiene-kvalitets-kontroll og teknologisk utnytting av bakteriologiske prosessar i meieriindustrien. Han vart teknisk sjef for mjølk og mjølkekonserver, teknisk direktør for dei produkttekniske avdelingane og til slutt FOU-direktør i Tine.

Meieriindustrien hadde eit godt og omfangsrikt konsulent- og kontrollsystem for ost og smør i Norske Meieriers Salgssentral. Halvparten av mjølkeproduksjonen gjekk til konsummjølk og flytande meieriprodukt, verd fleire milliardar kroner, men hadde ikkje noko tilsvarande. Bjarne treivst med dei enorme oppgåvene, men det var ikkje lett å endre ein 100 år gamal tradisjon. Bjarne festa grepet og slepte det aldri. Arbeidsmåla vart nådd. I tillegg leverte han og professor Peter Solberg mange vitskaplege arbeid, skreiv ei mengd artiklar i nordiske meieritidsskrift, ga ut bok om gamle mjølk- og osteprodukt og heldt fyrelesningar landet rundt og var aktiv i Det Internasjonale Meieriforbund. Då han vart pensjonist starta han konsulentfirmaet MilTek Ås og samarbeidde med Noregs forskningsråd om næringsutvikling og brukarstyrt forskning. Han var lojal og gløymde aldri at arbeidet skulle gagne både forbrukaren og mjølkeprodusenten, og omsuten for dei han samarbeidde med la han aldri frå seg.

Han levde etter professor J. Lindemanns påminning til oss: «Det er i kjemiens og fysikkens verden som i alle livets forhold, man må yde noe for å oppnå noe». Bjarne hadde visjonen og han var misjonæren, ein arbeidsglad og real ven som dreiv friidrott mest for sjølvkontroll og eiga grenseflytting. Han fekk Norske Meierifolks Landsforenings Gullmedalje for arbeidet med utvikling i meieriindustrien.

Det var nok godt å sjå om gard og hus og naust i vakre Måndalen og til heimstaden til si kjære Jorunn med skog og fiskerett i Rendalen. Der fann han ro.

Me takkar for gilde studieår og for samarbeid og samvære gjennom eit langt liv.

Sverre Sørbø, Alvdal