Adresseavisens kronikk mandag 5.mai 2008

Matematikk som stormaktsinstrument

Midt i den til tider forvirrande debatten om matematikk i vårt land det siste ti-året, kan det vere liten tvil om at vi kan hente inspirasjon frå USA.

Saken oppdateres.

Aldri har vel matematikkens strategiske posisjon i eit moderne samfunn blitt understreka med større styrke enn ved innleiinga til Executive Order av 18. april 2006 frå den amerikanske presidenten: «For å halde Amerika konkurransedyktig, støtte talent og kreativitet og stimulere innovasjon i heile den amerikanske økonomien . . . og gje nasjonens barn og ungdom den utdanning dei treng for å lukkast, skal det vere USA sin politikk å fremje større kunnskap og sterkare prestasjonar i matematikk blant amerikanske skuleelevar.»



Orda er henta frå den korte policy-fråsegna ved oppnemning av eit nasjonalt panel som skulle legge grunnlaget for å styrke matematikken gjennom heile det amerikanske skuleverket, frå barnehagen gjennom alle årstrinn, inkludert vidaregåande. Vi sporar ein sterk nervøsitet for matematikken i verdas mektigaste nasjon, ein nervøsitet vi kjenner att frå vår heimlege debatt etter PISA-rapportane. Matematikkundervisning er her blitt heva til nasjonal førsteprioritet. Det må ha vore eit sjokk for det nokså arrogante politiske establishment i Washington DC, der alt amerikansk går for å vere verdas beste, å hamne under middels på PISA-rangeringa i OECD-landa. Litt etter annleislandet Noreg.

I ordren til matematikkpanelet vart det stilt strenge krav til arbeidet. Det skulle ikkje bli synsing! Nei heile arbeidet skulle tuftast på «beste tilgjengelege forsking». Sjølvsagt sat nasjonens beste fagfolk i panelet, frå kognitiv psykologi og pedagogikk til matematikarar i øverste skuffe, og med ein tidlegare universitetsrektor, Larry R Faulkner, som leiar.



To år seinare, nå i mars, kom svaret med tyngde, etter kritisk gjennomgang av enorme mengder publisert forsking (16 000 rapportar), der berre forsking som tilfredsstilte panelets eigne strenge kvalitetsdefinisjonar fekk vere med, og etter omfattande høyringar landet over. Panelet slår fast at i størstedelen av det 20. hundreåret har USA hatt ein styrke i matematikk som ingen andre land. Ja, det måtte komme! Men slik er det ikkje lenger. Og dermed: «Utan omfattande og vedvarande endring i utdanningsystemet (les: i matematikk) vil USA misse sin leiarskap i det 21. hundreåret.» Slike salver av kritisk sjølvinnsikt er ikkje vanlege i USA. Og ein ting kan vi vere trygge på: Denne rapporten blir ikkje lagd på hylla slik vi gjerne gjer i Noreg. Det skal bli spennande å følgje endringsprosessane vidare. Varsel om betydelege løyvingar frå Kongressen ligg alt føre.



Men kva er så medisinen? Panelet er sikre i si sak. Dei seier det ikkje slik ordrett, men det viktigaste kan gjerne samanfattast i det enkle slagordet «Back to basics!» Diskusjonen i rapporten er sjølvsagt godt strukturert og omfattande, men om ein skal seie det med få ord: Første punkt er grundig opplæring i dei fire rekneartane: Addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon i grunnskulen, med særleg vekt på grunnleggande forståing av divisjon, brøk og prosent, og rekning med heile tal. Dette er ein heilt naudsynt føresetnad for andre punkt: like grundig opplæring i algebra, dvs rekning med bokstavar, i ungdomsskulen og vidaregåande. Algebra er ein nøkkelfaktor for å meistre matematikk og andre viktige fag i høgre studier, blir det slått fast. Som eit like viktig tredje punkt: Elevane må lære verdien av grundig og hardt arbeid. Øving og atter øving er minst like viktig som talent. Å tru på at talent og intelligens er nok, er eit direkte feilspor. Og når eit tema er ferdig behandla, så skal det vere ferdig og ikkje «dullast» vidare med. Med andre ord: Læringa skal vere grundig på det steget temaet blir teke opp. Det blir spesifisert eit grunnleggjande og felles pensum som ikkje utgjer det heile, men som blir sett på som kritisk viktige nøkkelkunnskapar som alle må ha. Og lærebøkene skal ned i volum. Forlaga har hatt den uvanen å produsere musteinar av matematikkbøker som skremmer elevane.

Ja, noko så vanleg og «gamaldags» er det altså som skal til for å gjere ungdomen i stand til å redde verdas mektigaste nasjon frå å falle etter i konkurransekraft. Men kva gjer ein så med talent? Det blir rådd til å gje talentfulle elevar ei differensiert undervisning og la dei følgje sitt naturlege tempo som kan vere mykje høgre enn for gjennomsnittet. Slike opplegg har vist seg å ikkje ha skadelege verknader på elevane, som til dømes hol i kunnskapane på andre områder, men derimot å ha tydeleg positive effektar, mellom anna i å stimulere til rekruttering innan realfag og ingeniørfag.



Panelet er tilbakehaldne når det gjeld bruken av dataverktøy, særleg kalkulator. Dei rår ikkje frå bruk av pc, men viser til spesielle områder der bruken har vist seg positiv. Drilling av ferdigheiter er eit område der datamaskinar og opplæringsprogram kan ha bra effekt. Det positive med dette er å fremje automasjon av enkle rekneoperasjonar, noko som frigjer minne som trengst for tyngre og meir kompliserte oppgåver.

Akkurat som i Noreg blir den gode og effektive læraren trekt fram som svært viktig. Det må nyttast både ressursar og omtanke på å skape og halde på slike. God kompetanse er ein generell føresetnad, akkurat som vi omsider er blitt samde om i vårt land, og som vi ser er gjennomgåande vektlagt i Finland, nasjon nummer ein i PISA-evalueringa.

Men panelet, med sin grundige gjennomgang av vitskapleg litteratur, har funne at ei rad spørsmål om korleis barn lærer matematikk, ikkje er tilstrekkeleg godt analyserte. Rapporten definerer dermed ei rekkje viktige forskingsoppgåver, som ein bieffekt av oppdraget.



Midt i den til tider forvirrande debatten om matematikk i vårt land det siste ti-året, kan det vere liten tvil om at vi kan hente inspirasjon frå USA. Det fell også inn i ein tradisjon på det pedagogiske området, og skulle såleis slett ikkje vere ein framand tanke. Personleg er eg ikkje i tvil om at vi har mykje å vinne på å studere og ta inn over oss resultata i The Final Report of the National Mathematics Advisory Board



kristian.fossheim@ntnu.no



Viktig Øving og atter øving er minst like viktig som talent i matematikkundervisninga, skriv kronikkforfattaren. Foto: LISE ÅSERUD/Scanpix

Vis debatt
comments powered by Disqus

Trykk her for debattregler

Gikk du glipp av disse?