Endret: 06.06.2003 kl. 22:55
Det same viser seg på det profesjonelle planet mellom anna gjennom gruppa «Famntak», som i desse dagar gjev ut ny cd med tekstar/melodiar av radarparet Hyldbakk/Sommerro som grunnlag. Ein kan notera klar seier til den nye favoritten «Famntak» (Trygve Brøske, Tone Søyset Døving, Jostein Ansnes og Anders Larsen), som fekk Kleivaprisen for året.
Når den godt samkøyrde duoen Henning Sommerro og John Pål Inderberg står for ei humoristisk og underfundig innleing, blir det slik stemning med det same at ein grip seg å tenkja at dei gjerne kunne ha halde fram heile kvelden. Dei sette òg eit uforgløymeleg punktum med Vårsøg og fekk publikum med på allsong. Det er eit framifrå eksempel på kor viktig det - bokstaveleg tala - er å finna tonen i eit program. Ein av aktørane, spelemannen Knut Buen, var inne på det same: - Ein må stemma både folk og felur! Høgdepunkt i køMen konferansier Holger Skei kunne by på ei slik kvalitetsmønstring at høgdepunkta sto i kø på podiet heilt frå åpninga med Erling Solem til dei elegante kortpasningane i prosa og låtar fra Jo Nesbø/Lars Jones. Og det vart akkurat slik den alltid like kvikke Anne-Cath. Vestly skildra i ein av epistlane ho framførde: - Kultur'n sklei inni vårs!

