Dei er ein trio og dei er søte. Dei er Trio Søt
Endret: 05.10.2005 kl. 09:04
Den 27. september var Chateau Neuf i Oslo staden for verdshistorias mest framifrå Motorpsycho-hyllest. Dei tre jentane i Trio Søt spelte fem songar av musikkgruppa Motorpsycho i strålande nynorsk-omsetting. Dei tre songane var:
«Ventande på den eine»
«Pillar, pulver og kjenslespel»
«No er det skøytetid»
«Stjernesmelt / elskovsljos»
«Stor sjokk»
Jentane i Trio Søt syng nydeleg og sangane kan du høyra på verdensveven om du besøkar heimesia til gruppa.
- Til vanleg er vi ein trio som syslar med nasjonalromantisk song. Vi speler og syng Grieg på aldersheimar og lignande, sier Anne Lise Frøkedal til Adresseavisen.
- Men eg har vore ein stor fan av Motorpsycho sidan eg va svært ung. Og vi bestemte oss for å gjøre denne hyllesten da vi skulle spela på ein konsert i Chaeteu Neuf i regi av musikklinja på universitetet i Oslo. Lydmannen i bandete som eg speler i til dagleg ville ta opp lyden fra konserten og sånn gikk det til at sangane havna på heimesida til Motorpsycho.
Dei øvrege medlemmane i Trio Søt heter Helga Gunnes og Ragnhild Elisabeth Risanager og driver mest på med klassisk sang, fortel Frøkedal.
- Heile prosjektet var eit hobbyprosjekt, men det seier sitt at songane til Motorpsycho er så sterke at dei tåler slik behandling, seier Frøkedal.
Trio Søt har ingen planar om eit besøk i Motorpsycho-hovudstaden Trondheim. Men Frøkedal seier at om den søte trioen blir invitert så ser ho ikkje bort ifra at prosjektet kan bli gjennomteke.
Vi for håpa at dei trønderske arrangørane kjenner si besøkstid.
I mellomtida gir vi her eit prov på omsettinga av «No er det skøytetid» ( Now, it`s time to skate)
Eg såg deg på torsdag
Eg møtte ikkje ditt blikk
I fin sommarkjole, på sykkelsetet ditt
Nett då eg trudde at du kvarv på din veg
Smilte du til meg
Eg såg deg på fredag
Berrføtt på ei strand
Aleine ved gjerdet, med draumar i di hand
Du viste meg fridomens veg
Då du tende eld
Gav ein smil til meg
"Nå er det skøytetid", sa du
Me var i himmel nummer sju
Eg trudde aldri at dette skulle skje
Men sjå på meg nå, eg kan ikkje gå
Eg danser rundt som ei ballerina
Eg såg deg på laurdag
Du var visna vekk frå meg
Diskuter denne saken
Innsendt av -, 04.09.2007 05:56:11
Sitter på den vestlige halvkulen, langt borte fra Trio Søt, og nyter musikken og sproget. Dette er utrolig bra!
Innsendt av Kari F. Haaheim, 07.10.2005 14:02:22
Så vakkert nynorsk klinger. Disse søte jentene kan mer enn å synge, de kan omskrive sangtekster til nynorsk også! Gode tekster som seier noke. Stå på!
Innsendt av Turid de Faveri, 04.10.2005 15:17:10
Jeg var tilstede da de fremførte Motorpsycho hyllesten. Jeg er tanten til Ragnhild Elisabeth. Vil gjerne at dere sender dette innlegget til Haugesunds Avis da jentene kommer derfra.
Innsendt av Ivar Buskned, 04.10.2005 14:36:16
No er det skøytetid er jo aldeles nydelig. Få den ut på plate - nå!
Innsendt av Jørgen Pørgen, 04.10.2005 15:07:54
Det varmer mitt hjerte å se disse søte jentene. Stå på, Trio søt!
Innsendt av Lene Unnerud, 08.10.2005 10:29:11
Hjertet mitt banket og svulmet av lykke i hele går etter at jeg oppdaget Søt Trio på Mpsycho-siden. Og litt ulykkelig fordi jeg ikke var tilstede på konserten. Håper det blir flere anledninger!

