I det offentlege ordskiftet om udådsmannen Anders Behring Breiviks mentale tilstand dukkar det jamleg opp tilvisingar til rettspraksis frå mellomalderen, der det seiest å ha vore straffefridom for folk som var «utilreknelege» på gjerningstidspunktet.

Historieløst: Kronikkforfatteren mener det er lite å hente i den middelalderske rettshistorien for aktørene i rettsoppgjøret etter terrorhandlingene til Anders Behring Breivik. Foto: Rune Petter Ness

Den underliggjande påstanden attom dette er at vi har ein lang liberal og human tradisjon her i landet for å la vera å straffa personar som påvisleg ikkje har kunna ta ansvaret for straffbare handlingar dei har utført. Med tanke på den store rettssaka som står for døra, kan det då saktens vera grunn til å sjå litt nærare på dei rettshistoriske forhold det her så ofte blir vist til og lagt så stor vekt på. Kva sa eigentleg mellomalderleg norsk lov om drap utført av slike folk, og kor relevant er det for saka vi no snart står midt oppe i?

Vi har lovmateriale som dreiar seg om handlingar utførte av «galne» personar, både i landskapslovene for Gulatinget og for Frostatinget, altså lovstoff som er atskilleg eldre enn Magnus Lagabøtes landslov frå 1270-åra. Dei to landskapslovene er såpass like at vi her kan halda oss til Frostatingslova (oms. av J. R. Hagland og J. Sandnes, Oslo 1994). I båe lovene er det i kristendomsbolken og i mannhelgebolken (bolken om personleg rettstryggleik) at vi finn spørsmålet om óðs mannz, galen manns, gjerning rettsleg tematisert. I Frostatingslova er det i kristendomsbolken (bolk III: 3) tale om straff for seksuelt samkvem mellom personar som var nærare i slekt enn det lova tillet. Båe partar, mann og kvinne, vart i slike tilfelle straffskuldige og mista alt sitt gods til biskopen.

Unnatak her var om mannen «bryt seg or band eller folk veit for visst at det har vore sett vitløyse på han før og etteråt». Det å bryta seg or band var då eit uttrykk for det same som å vera óðr (vill, rasande, galen), underforstått at personen var så vill og galen at han laut bindast opp for ikkje å valda skadeverk, i verste fall drap. I den nemnde rettsregelen frå kristendomsbolken seiest det ikkje noko om straff for den som gjorde brotet, om han vart rekna som galen. Vi kan gå ut frå at straffefridom galdt. Lovheimel for korleis galne drapsmenn skulle handsamast, er elles å finna i mannhelgebolken. Er det tale om drap i nære relasjonar, seier lova det slik (bolk IV: 31): «Om ein far vert så galen at han drep son sin, eller sonen far sin, eller bror bror sin, då skal han fara or landet i utlegd og aldri komma att i landet». Altså slett ikkje straffefridom.

Det andre tilfellet som er omtala, gjeld drap utført av person som er «så galen at han bryt seg or banda og vert mann til bane» (bolk IV: 32). Det at personen var i band innebar då at vedkommande var allment kjend for å vera så galen at han laut bindast fast i band. Også ein slik person skulle fara or landet «sidan når han er kommen til vitet». I så fall skulle han ha godset sitt, og han hadde ein halv månad på seg om sommaren og ein månad om vinteren til å komma seg bort. Avgjerande her var såleis at gjerningsmannen i ettertid kunne komma «til vitet». Då var han rettsansvarleg og fekk si straff. Om betring ikkje skjedde, var det andre forhold å ta omsyn til. Sidan drapsmenn som «kom til vitet» fekk ha godset sitt, men måtte fara or landet i utlegd, synest det underforstått at den som vart verande galen, i alle fall har måtta avstå gods han eventuelt har hatt.

Spørsmålet om ein person var «galen» eller om han var «ved vitet» vart elles avgjort utan rettsleg rådføring med særleg kunnige eller røynde personar, slik det elles kunne vera tale om i juridisk vanskelege saker. Spørsmålet om ein person var «galen» og ute av kontroll eller ikkje, synest altså å ha vore rekna som heilt sjølvinnlysande, og kven som helst kunne hekta inn personar dei oppfatta som galne: «Om nokon ser galskap på ein mann, då kan den som vil, binda han utan straff og taka han til tings og be frendane hans taka han» (IV: 32). I siste instans var det altså slekta som hadde ansvaret for å ta hand om personar samfunnet rekna som galne. Det gamle rettssamfunnet var såleis ikkje så oppteke av den galnes ve og vel som dagens retoriske bruk av rettshistoria kan synast å vilja ha det til. Det samfunnet i gamletida nok var mest oppteke av, var å hindra utilrekneleg galne personar å gjera skadeverk. Rettsleg interessant har også spørsmålet om arv vore, både for erklært galne og for etterkommarar av personar som var så ville og galne at dei «braut seg or band». Men det er ikkje så relevant for saka dei fleste no er opptekne av.

Det kan såleis ikkje vera så mykje å henta i den eldste rettshistoria vår, korkje for påtalemakt eller forsvarsinstans i saka mot Breivik. Mellomalderens rettstenking opererte med klåre kategoriar og opna ikkje for tvil om ein drapsmann var óðr eller ei. Var han óðr, eller œði (galskap) kunne fastslåast, var det heller ikkje tale om straffefridom i alle tilfelle.

Historieløst: Kronikkforfatteren mener det er lite å hente i den middelalderske rettshistorien for aktørene i rettsoppgjøret etter terrorhandlingene til Anders Behring Breivik. Foto: Rune Petter Ness