I ein kronikk i Adresseavisen 04.04.17 set pedagogane Anne-Lise Sæteren og Kjerstin Eithun Vang opp ein falskt skilje mellom faglæraren og pedagogen. Dei meiner at ei undervisingsfagleg styrking vil gå utover den pedagogiske kompetansen til lærarstudenten. «Det nytter ikke hvor god læreren er i brøk eller grammatikk», så lenge han ikkje evnar å tilpasse undervisinga, seier dei. Den gode læraren skal sjå heile eleven. Vel og bra. Dette treng ein ikkje bere tittelen pedagog for å skjøne; det er like openbert for faglærarar i norsk og matematikk.

Sæteren og Vang viser til ein student som etter eitt år i læraryrket byrja på ein pedagogisk mastergrad, fordi ho hadde lært for lite pedagogikk i det ordinære lærarstudiet. Med fare for å opptre anekdotisk sjølv, har eg til gode å møte ein lærarstudent som først og fremst slit med relasjonsbygginga til elevane. Studentane er jamt over flinke med elevane og er genuint interesserte i å jobbe med barn og unge. Derimot er det fleire som manglar ei klart definert fagleg interesse før dei byrjar på studiet. Sjølv om vi gjer vårt beste for å stimulere faginteressa, melder studentane ofte tilbake at dei skulle hatt endå meir fagleg påfyll. Meir tid til fagleg fordjuping

ønskjer vi fagtilsette òg.

LES OGSÅ: Ikke visste jeg at kommunen mente at en sånn spesialskole var best for meg

Vi som jobbar med undervisingsfaga i lærarutdanninga, er ikkje berre faglærarar, men òg fagdidaktikarar. I fagdidaktikken handlar det om kvifor ein skal og korleis ein kan undervise i eit gjeve emne, t.d. brøk eller grammatikk. Det er dessverre ein altfor velbrukt klisjé når nettopp desse emna blir trekte fram som døme på teori som synest å liggje milevis unna den pedagogiske skulekvardagen.

Som norskdidaktikar og grammatikar kan eg syne kor feilslegen og misvisande klisjeen er. Vi veit at det er mange som ikkje kan svare tilfredsstillande på dette spørsmålet: «Kva er grammatikk?» Dersom ein trur grammatikk = rettskriving og skrivereglar (slik mange gjer), kan ein i neste omgang ikkje vite kvifor ein skal og korleis ein kan undervise i det som eigentleg er grammatikk. Grammatikk er studiet av eleven sitt eige språk, det handlar om kva reglar som ligg til grunn for at vi snakkar nettopp slik vi gjer.

Kvifor uttalar Nina og Per det same ordet ulikt, og kvifor bøyer Ahmed verbet sterkt, som Nina og Per bøyer svakt? Grammatikk er på denne måten eit av fleire utgangspunkt for å sjå heile eleven – men ein må kunne faget for å kome til denne pedagogiske slutninga.

Les også debattinnlegget: Det er ikke rart at unge søker til porno

Lærarane treng altså meir fagleg kompetanse; det nyttar verkeleg at dei er gode i brøk og grammatikk. Fagleg kompetanse ligg til grunn for å vere ein dyktig fagdidaktikar, og ein dyktig fagdidaktikar må til for å lage gode skuleopplegg. Gode skuleopplegg er det som i botnen gjer skulen til ein meiningsfull stad å vere. La meg derfor driste meg til å påstå:

Ein lærar som skaper ein fagleg meiningsfull kvardag, har betre føresetnader for å lukkast som relasjonsbyggjar, enn ein som i første omgang ikkje har føresetnader for å fylle elevane sine dagar med fagleg meining.

Les også: Strålende bil, men ingen skal finne seg i slikt byråkratisk tøv

Det er altså ikkje ei motsetning mellom fag og pedagogikk. Vi utdannar pedagogar også gjennom undervising i fag og fagdidaktikk, eller gjennom brøk og grammatikk, som kanskje var det tørraste Sæteren og Vang kom på.