Kronikk

Uretten mot samane må ende no!

Statsminister Erna Solbergs opningstale under den samiske jubileumsveka Tråante i februar, står i sterk kontrast til rettssaka som i juni utspelte seg i skjønnsretten i Trondheim.

Tråante 2017: Statsminister Solberg heldt opningstale og sa at fornorskingspolitikken heldigvis er over, skriver kronikkforfatterne. Her er Solberg saman med ordfører Rita Ottervik.Foto: Rune Petter Ness

Saken oppdateres.

Under jubileumsveka Tråante i februar var heile landet, med Trondheim i bresjen, med på feiringa av ein merkedag i samisk – og trøndersk - og norsk – historie. Trondheim by stod fram som eit sørsamisk regionssenter og omfamna det samiske folket, den samiske kulturen, dei samiske fargane. Statsminister Solberg heldt opningstale og sa at fornorskingspolitikken heldigvis er over – dette svarte kapittelet i norsk historie.

Dei siste tiåra har samepolitikken gått ut på å rette opp negative verknader frå fornorskinga; og no er det viktig å bidra til revitalisering av samisk kultur og språk. Særleg la ho vekt på arbeidet for dei samiske språka i åra som kjem, og at samane som har mista språket sitt, skal få moglegheit til å ta det tilbake. Reindriftssamane i Trøndelag og dei massive utfordringane dei har stått i og framleis står midt oppe i – vart ikkje nemnt. Noreg blir sett på som eit føregangsland når det gjeld minoritetsrettar og var i 1990 det første landet til å ratifisere ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. Sametinget vart opna av Kong Olav året før, i 1989, der han beklaga den urett som tidlegare var gjort imot samane i Noreg.

Les også: - Samisk kunst er noe av det heteste i den internasjonale kunstverdenen

Forvaltningsområdet for samisk språk, som vart oppretta i 1992, likestiller samisk med norsk som offisielt språk i Noreg. (Det skulle likevel ta 16 år før dette i praksis gjaldt sørsamisk – da Snåsa i 2008 som første sørsamiske kommune vart innlemma i forvaltningsområdet.) Revitaliseringa av samisk språk og kultur blir i fleire tilfelle drege fram som eksempel på vellukka revitaliseringsprosessar, og for sørsamisk språk sin del ser det ut til at stillinga i dag er sterkare enn for 20 år sidan.

Erna Solberg har med andre ord stort sett rett i at fornorskingspolitikk ikkje er aktuell politikk lenger i dag, men likevel står innhaldet i denne festtalen i grell kontrast til det som er den daglege verkelegheita for reindriftssamane i Trøndelag - og til skjønnsrettssaka som i juni er avslutta i den gamle lagmannsretten på Kalvskinnet.

For kva med reindrifta og arealpolitikken? Igjen har samane måtte sitje i retten og kjempe for områda som forfedrane har brukt til reindrift i hundrevis av år. Igjen er sjølve livsgrunnlaget til urfolket i Noreg og Trøndelag truga. Sørgruppa i Fovsen Njaarke Sijte, Fosen reinbeitedistrikt, kjempar mot Fosen Vind og utbygginga av eit vindmølleanlegg i vinterbeitet til reinflokken. Utbygginga har alt starta, og overmakta synest stor. Og dette er ikkje første gongen trønderske sørsamar sit i retten. Reindrifta i Trøndelag har vore i rettssaker nesten kontinuerleg etter at dei fekk tilstrekkeleg menneskerettar til å faktisk gå til sak – der storparten har endt med tap.

LES OGSÅ: Vindmøllene vil ødelegge fjellet mitt

Denne politikken der sørsamane har gått på tap etter tap, kan kallast ein bit for bit-politikk. Dei har mista ein liten bit her og ein liten bit der til vassdragsutbyggingar, toglinjer, hyttefelt, vegar, jordbruk, gruvedrift, kraftlinjer, aukande turisme – og no vindmøller. Og før dei mista desse små bitane, mista dei store bitar, som Gauldalsvidda på slutten av 1800-talet – men det var i kjeppjagingas tid, før rettssakene starta. Mange samar har oppigjennom åra vorte tvungne til å slutte med reindrift på grunn av slike saker og manglande arealvern.

Knut Bergsland, som forska på det sørsamiske språket i frå 40-talet og fram til 90-talet, sa det var eit under at det hadde overlevt. Det vesle og godt spreidde språksamfunnet har stått imot over 200 år med til dels brutal assimileringspolitikk. Det har rett nok mista mykje terreng på vegen, blant anna langs Trøndelagskysten og inne i Trondheimsfjorden der folk har vorte fornorska og har «forsvunne» inn i majoritetssamfunnet – men det har overlevt. Og hovudgrunnen til det er reindrifta. Reindrifta har vore ein sterk konserverande faktor på språket: Utan den, hadde språket i dag vore utdødd.


«Lene tilhører en ny generasjon samer som sier fra når det begås urett»

Anna Sparrok, mor:

- Lene er veldig uredd og gjør alltid ordentlig det hun går inn for. Hun bestemte selv at hun skulle flytte på samisk internatskole for å få opplæring på sørsamisk da hun gikk i andre på barneskolen. Dette har gjort henne veldig selvstendig. Lene tilhører en ny generasjon samer som sier fra når det begås urett, hun har alltid vært opptatt av rettferdighet. Hun er, i likhet med sine to søstre, veldig knyttet til reindrifta. Hun er opplært i at kjærligheten til reinen overgår alt, reinen gir oss alltid mer enn den krever tilbake. Jeg blir stolt og rørt over den prestasjonen Lene gjør på filmen «Sameblod». Og jeg er like stolt over at hun har valgt å bli reindriftslærling. Men om hun velger å fortsette som skuespiller, er det også fint. Bare hun følger hjertet sitt.


Det er freistande å kalle bit for bit-politikken fornorskingspolitikk. Kanskje er det ikkje det som er intensjonen bak, men utfallet blir likevel det. Vi vel å tru at det i stor grad skuldast mangel på kunnskap – både hos storsamfunnet generelt, og hos politikarane som sit og gjer vedtaka og gir utbyggingskonsesjonar på bit for bit.

Samane i Trøndelag har vore og er framleis i stor grad lite synlege for storsamfunnet. Bit for bit blir landet deira borte – utan at politikarane som gjer vedtaka, har oversikt over alle dei andre bitane og kunnskap om kva konsekvensar dette har for heile det sørsamiske samfunnet – både næring, kultur og språk. Det er no på tide å leggje saman alle bitane som har forsvunne og innsjå at ein har kome fram til eit bristepunkt.

Det var nettopp det som skjedde hausten 2016 da Olje- og energidepartementet valde å ikkje gi konsesjon til vindmølleutbygging i sørsamiske Kalvvatnan i Bindal i Nordland. Internasjonale forpliktelsar gjennom folkeretten vernar om retten urfolk har til å utøve den tradisjonelle næringa si, og dette vart vektlagt i vedtaket.

Fikk du med deg kronikken om NTNU og samenes historie: Det er på tide å si unnskyld

Akkurat dei same forpliktelsane gjeld i Fosen-saka, og no er det på tide å ta dette på alvor. Fosen-saka må bli ståande saman med Kalvvatn-saka for å markere fjerninga av siste rest av fornorskingspolitikken. Dommen fell i august, og etter det står ei ny vindmølleutbygging i eit sørsamisk område for tur, nemleg Stokkfjella i Selbu. Kor skal dette ende?

Det må ende no!

Hør våre kommentatorer snakke om sommerferie, Starmus, Midbyen og valgkampen

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter


Ønsker du å motta aktuelle meninger i innboksen?

Abonner på nyhetsbrevet mitt og få ukentlig innblikk i hva jeg mener er viktige debatter og interessante meninger, både i Adresseavisen og hos andre. -Tone Sofie Aglen, politisk redaktør i Adresseavisen.

Gikk du glipp av disse?