Dotter mi gjekk akkurat ut av barneskulen. Læraren kalla seg «leiar for gruppa», «skipper på skuta».

Han var opptatt av at kvar enkelt skulle utvikle seg utifrå sine moglegheiter. At dei ilag laga arbeidsklima og læringsforhold der kvar enkelt kunne bruke og utvikle SEG best mogleg. Inklusive å sjå kvarandre som ressursar og det rike i å vere gruppe samansett av ulike typar med ulike sider. Arbeidet: å lære. Utgangspunktet for det: Å vere trygg. Han erklærte seg som tydeleg hovudansvarleg for begge deler.

Avslutningsforestillinga viste talent og tryggheit i fleng! Og empati! Og etterpå gav læraren kvar enkelt raud rose og personlege ord. Rørande. Og skummelt! Tenk om han, i si muntlege form, trakka over nokon grenser, nokon fekk meir fine ord enn andre, eller…! Dei spirande ungdommane møtte tydeleg kvart eit ord, - orda om dei andre og orda til seg sjølve. Det var ingen truande skyar i sikte, ingen hoggestabbe rundt noko hjørne,- endå så direkte, ærleg og personleg han var! Han hadde lukkast med sitt mål, denne læraren. Takk!!

Samme tid hadde eg 22 studentar oppe til muntleg eksamen i årets splitter nye fag på Institutt for musikk, NTNU: Entreprenørskap for musikarar. Klassisk og jazz. Dei har no ansvaret for si bygging av musikk som levebrød gjennom godt og hardt arbeid – kvar enkelt og ilag med andre – på utruleg mange ulike vis! Over tid. Og dei har mykje av ansvaret for KORLEIS, og kvar, sjølve. Det blir dans på roser og tornar – og for dei fleste: VILT varierte oppgåver og utmattande og fantastisk arbeid, innreiing av dagar, veker, månader og år sjølv - i jakt på gloa, flammen, bålet, brannen...(ingen HMS-sjef i sikte!) - og pengar til å leve av.

Og mange fine menneskelege møte vil det bli! Ein av desse, for meg; John Pål Inderberg. Han fortalte ei historie som brente seg fast: Han gjekk i Bybadet i Trondheim - på fast dag, til fast tid, år etter år - inklusive i badstue. Det gjorde ein «mannegjeng» óg, samtidig. Det gjekk årevis med kun nikk til hels. Men ein dag spurte ein av dei plutseleg: «Kva er det du driv med då?» Og han tenkte at «no må eg ikkje seie JAZZmusikar, jaffal itj!» Så han sa: «Æ e musikant». Svaret som kom var: «Å, faen. Musikk e schtøggt!!».

Ja, musikk kan vere stygt. Og fint. Og opnande. Og rørande og trøstande - og få ein til å danse, støvsuge, grine, sove, drømme…Om vi treng det? Om vi treng musikarar? Om vi treng dei som brukar all si tid, sine ressursar, sine hjarte, sine liv på musikk og kunst? Ja. Ytringsmangfold av mange og ulike slag, for alle i alle aldrar, på alvor? JA!

Det er ulike og unike menneske bak kvart eit arbeid. Vi blir til i lys av kvarandre. Verdien av ulike menneskelege ressursar er ufatteleg mykje tyngre enn pengar! Så spør ein meg: Ein bygger ikkje verken kulturbygd, kulturby eller kulturnasjon utan å ha med dei frie kunstnarane i grunnmuren og i reknestykket. Kulturpolitikar i kvar krik og krok: Vis kva du er sjef for!

God sommar! Lalala!

Eldbjørg Raknes, musikar Foto: Glen Musk