Det har vore hevda at den moderne laksemerda er ein av våre aller viktigaste oppfinningar.

- Det er liten tvil om at framtida for sunn, rein og flott laks frå Noreg har ei stor framtid med den velstandsutviklinga som Asia opplever , skriv Arne Hjeltnes, her i sommarleg og maritim prat med Salmar-gründer Gustav Witzøe (til venstre) i Kanalen i Trondheim.

Å klara å temma laksen, slik mennesket gjorde med kyr og sauer tusenvis av år før, har skapt grunnlaget for ein enorm norsk suksess langs kysten vår, men ikkje minst ute i verda. Stadig kan ein lesa at me nordmenn ikkje har like mykje bra å slå i bordet med som til dømes våre svenske og danske naboar. Volvo, Saab, Abba, Lego og Bang Olufsen.

Men laksen er vårt Ikea, slik statsminister Erna Solberg sa i eit foredrag ein gong. For den reisevante nordmann er dette ikkje noko ny oppdaging. Det er ikkje mykje som synast frå vår vesle nordlege nasjon ute i verdsmarknaden. Men laksen synes. Det kan eg lova deg.

Eg budde i Hong Kong i nesten tre år og arbeidde med nettopp laks for Sjømatrådet. Der var den til og med mykje meir populær enn Ikea. Kinesarane synes det er kjekt med skandinavisk design, men skjønar ikkje kva som er festleg med å setta saman møblane sjølv. Spør dei om Noreg, veit dei berre ein ting; Salmon, laks.

I dag er det laks å finna over heile Asia. Indonesia er mellom eit av dei landa der vår laks vinn stadig nye tilhengarar. Det er liten tvil om at framtida for sunn, rein og flott laks frå Noreg har ei stor framtid med den velstandsutviklinga som Asia opplever. Fleire og fleire får råd til laks, og frå eit kulinarisk perspektiv er det morosamt å sjå kor godt vår nordlege laks glir inn i dei ulike asiatiske kjøkenretningane. Den er god som tandoori, passar fint i thai-mat og i sushi er den å finna overalt.

Viss merdene var den største oppfinninga som skal sikra oss bærekraftig levebrød frå havet i framtida, så er nordmenn sin innsats for å få laksen inn i japanarane sin sushi på byrjinga av åtti-talet den nest viktigaste. Den enorme populariteten sushi har fått har skapt eit fantastisk eventyr for den norske laksen.

Det var hardt arbeid og litt flaks som gjorde at oppdrettslaksen vart ein viktig del av sushibølga. Det var ikkje gitt. For tredve år sidan drog ei gruppe nordmenn under leiing av fiskerminister Thor Listau til Japan. Dei såg kor populært sushi var og byrja arbeida med å fremja laksen i den japanske matkulturen. Prosjekt Japan, som satsinga heitte, var noko så unorsk som eit breitt samarbeid mellom politikarar, byråkratar, fiskeriorganisasjonar og aktørar. Til og med ambassadør Freihow var engasjert. Han sprang rundt med ein kjølebag og delte ut smaksprøvar til japanarane. Det gav frukter. I 1980 eksporterte me to tonn laks pe. år til Japan. Tjue år seinare hadde dette vorte til 90000 tonn i året. I dag reknar me at eksportverdien av den laksen som vert eten rå er over fem milliardar kvart år. Det er noko me heilt sikkert kjem til å leva av i framtida og. For sushibølga berre aukar. Sjølv på Voss er det sushirestaurant, og då har me det som markedsførarar kallar 100 prosent penetrasjon.

Det er 973 konsesjonar for lakseoppdrett (31.12.2014) og 200 verksemder som produsere laks i landet vårt, men framleis er det berre 36 kommunar langs kysten som huser oppdrettsnæring. Arealet som vert brukt er omlag like stort som Andøya, så det er liten tvil om potensialet. Sjølv når to store marknader som Kina og Russland har gitt oss problem av ulike årsaker, er etterspurnaden aukande. Verda vil ha meir norsk laks. Året med handelshindringar, 2015, vart eit nytt rekordår, der eksportverdien på laks og ørret for fyrste gong var 50 milliardar kroner. I dag ser me mellom anna at ein heil laks på 4–5 kilo er meir verd enn eit fat råolje.

Sjølv om laksen vår er på tallerkar over heile verda, går trefjerdedelar av det me produserer til EU. Frankrike er den største marknaden, Polen og Portugal nummer to og tre, medan USA er sterkt veksande. Asia aukar heile tida, men og land som Tyrkia seglar opp som eit stadig meir viktig land for norsk laks.

Den spede starten med draumen om å fora opp den lekre, raude og populære laksen var starten på noko få trudde kunne verta ein stor og viktig verdiskapar langs kysten – og ein enorm suksess i alle verdshjørne. I dag kjem berre to prosent av maten vår frå havet. Skal me metta 8–9 milliardar om tretti-førti år, er det klart at havbruk må veksa. Den teknologiske utviklinga laksebransjen har gjort, kjem no ein masse andre oppdrettsartar til gode. Kunnskapen, utstyret og teknologien har vorte ei betydeleg eksportnæring, ved side av den ferske fine laksen.

Det er utfrodringar, nokre er løyste, andre vert det jobba med. All matproduksjon har påverknad, men når forskarane samanliknar vår lakseoppdrett med kva som helst av anna proteinproduksjon er dei ikkje i tvil om kva som er best for klima og miljø. Kvar dag et over 14 millionar menneske verda over norsk laks.

Det lovar godt for framtida og er i seg sjølv endå eit bevis på at laks er viktig for Noreg.