Trondheim pride feirar i desse dagar mangfaldet for 20. gang. Vår mangfaldige skeive historie står i fare for å gå i gløymeboka. Kor mange i Trondheim er klar over at det var her den første foreininga for homofile blei danna i Norge?

Ein gong på 1500-talet kom ei gåtefull kvinne ved namn Gjertru vandrande til Sokne-dalen i Midtre Gauldal. Ingen visste kor ho kom frå, og ho slo seg til i utkanten av bygda ved ein foss. Her rydda ho ein gard og her starta ho ei smie. Alt på eiga hand. Eller kanskje ikkje heilt, fleire hadde nemleg høyrd ambolten gå i smia sjølv då Gjertru var vekke frå garden…

Det vart sagt at det var dei underjordiske som var på ferde som hjelparar på garden. Gjertru var altså ikkje berre ein einstøing, ho spelte også på lag med overnaturlege krefter. Og ikkje berre det: det blei sagt at Gjertru var «uvanleg stor og breivaksen» og at ho gjekk for å vera «båing».

Les også: - Drag er også ramme alvor

Det er usikkert om segna om Gjertru er basert på ein verkeleg person eller ikkje. Men eksistensen av denne historia i den folkelege tradisjonen fortel oss ein heil del om korleis ein har sett på normalitet og avvik i det tradisjonelle norske bygdesamfunnet. At ei kvinne dreiv ein gard på eiga hand var ikkje noko vanleg syn – berre i kraft av dette kunne Gjertru bli oppfatta som grenseoverskridande. Det usikre opphavet hennar – kanskje var ho svensk? – bidrog til å gjera sløret av mystikk tjukkare. Ho overskreid grenser på så mange vis, ikkje berre geografisk, men også ved sin kontakt med underjordiske krefter. Og ikkje minst: ho trådde over grensene for det å vera kvinne, ho eller hen var båing – eit ord som fram mot vår tid har vore brukt i heile Trøndelag og delar av Hedmark om «tvikjønna» dyr eller om menneske som blei oppfatta som annleis kjønnsleg sett. Historia gir oss slik eit sjeldant innblikk i korleis det «skeive» har vore oppfatta i eldre tid.

Les også: Børge Brende åpner Trondheim Pride

Me veit nemleg svært lite om korleis ein har oppfatta annleis kjønnsuttrykk og seksualitet i det tradisjonelle norske bondesamfunnet. Personar som i dag identifiserer seg som til dømes lesbisk, homo, bi eller trans er ikkje lette å få auge på i norsk bygdehistorie. Ein grunn til det er at historikarar og lokalhistorikarar har vald å teia, å ikkje spørja, å ikkje trenga seg på. Det var i og for seg forståeleg i ei tid då tronge oppfatningar om kjønn og seksualitet framleis rådde. Ein annan grunn er sjølvsagt at ingen norske bygdefolk på 1500-talet eller 1800-talet kjende til og brukte omgrep som «homoseksuell» eller «heteroseksuell».

Fikk du med deg denne kronikken: Som mannlig prestefrue har jeg sett en revolusjon på nært hold

Men det fanst altså andre omgrep – omgrep som samlarar av ord, som Ivar Aasen og andre, har kjend til, men som knapt har vore tematisert av norske historikarar og språkhistorikarar. Omgrepet båing – eller ord med same tyding frå andre delar av landet – som tvitulling, kværkje og hørve – fortel oss at det har vore individ som har vore plassert i andre båsar. Har det også vore leveleg for dei i lokalsamfunna? Me veit lite om det. Dei kan ha funne seg sine plassar, sine eigne rom. Kanskje som Gjertru i Soknedalen – i utkanten av bygda, på kanten av samfunnet, på lag med det framande og overnaturlege.

I desse dagar blir det feira Pride i Trondheim for 20. gang. Som andre stader i landet var dette i starten i all hovudsak eit lite arrangement for det skeive miljøet i byen. I løpet av dei siste åra har det vakse til ein folkefest for heile byen. Det heile inngår i eit større bilete der rettane til transpersonar, lesber, bifile og homsar er blitt anerkjende av store delar av befolkninga.

Opptatt av debatt? Les også: Jeg har nesten gitt opp å få meg fast jobb. Er utgått på dato. Ubrukelig

I lys av desse store haldningsendringane er det på tide at også den skeive historia blir trekt fram i lyset. Ord som «båing» og «tvitulling» er det kanskje ikkje mange som har noko forhold til lenger. Men det hadde vore av stor interesse å fått inn fleire historier om bruken av desse omgrepa, og meir generelt, historier om folk som har elska personar av same kjønn eller som har brote med samfunnet sine forventingar om kjønn. Dei som levde «annleis» i tidlegare tider fortener også å få si historie fortald.

Skeivt arkiv held til ved Universitetsbiblioteket i Bergen, men har eit nasjonalt ansvar for å ta vare på denne historia. Som ein del av arbeidet blir det utført videointervju med eldre personar frå dei skeive miljøa, og i samband med pride har me også utført nokre intervju i Trondheim. Me ønskjer alle moglege historier. Om det kvinnelege paret som dreiv ein gard saman. Om mannen som budde og heldt seg for seg sjølv og som det gjekk rykte om var båing. Eller om dei skeive miljøa i Trondheim så langt tilbake det er mogleg å dokumentera dei og fram til i dag.

Mer debatt: På mange arbeidsplasser kan ikke de ansatte snakke med hverandre. Må det skje en ulykke før vi våkner?

Kor mange i Trondheim er forresten klar over at det var her den første foreininga for homofile blei danna i Norge? Me har diverre knapt med detaljar om kven som sto bak, berre at det var ei gruppe menn som møttest på Sjømannshotellet i 1949 og 1950 og danna ei undergruppe av det københavn-baserte Forbundet af 1948. Det blei spela sveivegrammofon og dansa. Dette første forsøket på homoorganisering kunne vore av stor verdi å få dokumentert betre. Trondheim var altså først ute, men denne første foreininga varte berre i om lag eit halvt år. Først på byrjinga av 1970-talet blei det igjen organisert aktivitet for homofile i Trondheim.

Den skeive historia har lenge vore noko ein helst har villa teia om. Det er vårt håp at dette no kan endra seg og at denne delen av vår historie like naturleg som andre kan bli ein del av den dokumentasjonen og formidlinga som skjer i historielag, forsking og skuleverket.

Hør våre kommentatorer og gjest Yngve Brox oppsummere årets valgkamp i podkasten OmAdressert

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

Kronikkforfatteren: Runar Jordåen er historikar og fagleg leiar i Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen.