Dagens regjering står bak målet om å auke den norske matproduksjonen. Skal denne auken skje med basis i norske ressursar, må utmarka brukast.

Berre fire prosent av Sør-Trøndelag er jordbruksareal. Det meste av fylket er utmark. Her ligg det store areal som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr. Sør og aust i fylket ligg noko av dei beste fjellbeita vi har i Sør-Noreg.

LES OGSÅ: Min reise ut av komfortsonen

Tal frå prosjektet «Arealrekneskap i utmark» ved Norsk institutt for bioøkonomi, viser at vel 8 millionar dekar eller 50 prosent av landarealet i Sør-Trøndelag kan nyttast som beite for husdyr. Det vil seie at det frå desse areala kan haustast fôr som gjev tilvekst hos beitedyr.

Innafor fylket er det stor variasjon i beitekvalitet. Dette har i første rekkje samanheng med berggrunn, lausmassar, topografi og klimatiske tilhøve. I fjellområda i sør og aust er det næringsrike bergartar som gjev beite av særleg god kvalitet. Det gjeld kommunane Oppdal og Rennebu, og mykje av Midtre-Gauldal, Holtålen, Røros og Tydal. Karakteristisk her er dei mange frodige bjørkeskogsliene. Der fjella er høge, som i Oppdal, kan beitedyra trekke opp i høgda med snøsmeltinga og få tilgang på nygroe. Dette gjev god tilvekst også utover seinsommar og haust.

LES OGSÅ: Bruk fakta i rovdyrdebatten

Beitekvaliteten er lågare på fattigare bergartar og i meir nedbørrike delar av fylket. Her er det store myrareal som har låg beiteverdi. Sør-Trøndelag er det myrrikaste fylket i landet, heile 18 prosent av fylkesarealet er myr. Ytre strøk med røsslyngheier og fuktheier, vil også jamt over ha låg beitekvalitet i utmark, men det finst lokale variasjonar.

Utmarka er viktig for landbruket i Sør-Trøndelag. Denne «gratisressursen» er eit vilkår for lønsemd i sauehaldet. Storfehaldarar ser no også meir mot utmark som del av fôrgrunnlaget for spesialisert kjøtproduksjon på ammeku. 18 000 storfe, 150 000 sauer, 500 geiter og 600 hestar gjekk meir enn 5 veker på utmarksbeite i 2015. 24 prosent av driftseiningane i fylket hadde sau i utmark og 21 prosent storfe. Heile 83 prosent av fylkesarealet vart bruka av organiserte beitelag. Sør-Trøndelag har også tamreindrift med fire reinbeitedistrikt som meir eller mindre brukar areal i fylket til beiteland både sommar og vinter. Samla reintal for distrikta er om lag 12 000.

Det er store ulikheiter i beitebruken i fylket. Det meste av sau går i sørvestre delar i kommunane Oppdal og Rennebu. Oppdal, med 48 000 sau, har høgast sauetal i utmark av alle kommunar i landet. Kommunane i aust har langt mindre med husdyr på utmarksbeite, men her er det meir tamrein. I låglandsbygdene og dei kystnære kommunane er det lite dyr, mens delar av Fosen har høg sauetettheit. Utmarka er eit felles matfat som også må delast med gode bestandar med elg, hjort og villrein.

Dersom ein brukar sau som måleeining, viser berekning av fôrproduksjonen i utmark i Sør-Trøndelag at fylket kan ha plass til vel 500 000 sauer. Ut frå fôruttaket i 2015, kan dyretalet i alle fall doblast. Det er likevel viktig å vera klar over at utmarksbeitet ikkje er ein uendeleg ressurs. I Oppdal, som er den store utmarkshaustande kommunen, kan beitedyrtalet vera vel høgt i delar av kommunen. Ved planlegging av beitebruk og omdisponering av areal til andre formål som til dømes hyttebygging, må det takast omsyn til dette.

Det meste av vegetasjonsbiletet i utmarka i Sør-Trøndelag er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Fylket har store skoglause areal, som ligg under den klimatisk potensielle skoggrensa. Dette gjeld særleg i kyststrok der mellom 30 og 45 prosent av kommunearealet i fleire kommunar er potensielt attgroingsareal. Røros har størst areal med heile 395 km², eller 20 prosent av kommunearealet, som kan gro att med skog. Ei stor landskapsendring er her på gang dersom beitetrykket blir for lågt. Attgroing vil redusere verdien av areala både med omsyn til beite, biologisk mangfald og landskapsoppleving.

Beiting påverkar vegetasjonen gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Det er i første rekkje grasartar som blir fremma av slik påverknad. Ved lågt beitetrykk skjer det endringar også i markvegetasjonen. På beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset, på fattigare mark kjem det lyngartar og dvergbjørk. For lite beitedyr er oftast situasjonen i Sør-Trøndelag no. Beitekvalitet-en som generasjonar med beitebruk og utmarksslått har skapt blir derfor sakte redusert på store areal. Utmark må bruk-ast skal beitekvaliteten takast vare på.

Dagens regjering står bak målet om å auke den norske matproduksjonen i takt med befolkningsauken. Det må da produserast ein prosent meir mat per år. Skal denne produksjonsauken skje med basis i norske ressursar må utmarka brukast. Det medfører eit særleg ansvar for dei bygder som har dei beste ressursane. Ei rik utmark gjev mulegheiter for næringsutvikling. Trendar hos norske forbrukarar tyder på at det kan vera muleg å ta ut ein meirverdi for produkt produsert i rein og vakker natur, med god dyrevelferd. Ikkje minst er kortreist mat med lokalt serpreg viktig i utvikling av lokalt reiseliv. Kjøt frå utmark står fram som eit eksotisk produkt etter kvart som jordbruket vårt blir meir og meir industrialisert.

Utmarksbeite byr på mange utfordringar. Andre arealbrukarar som utbyggingsinteresser, vern av natur og rovdyr, jakt og friluftsliv, vil no vera med å avgjera korleis utmarka skal forvaltast. Det går ikkje utan konflikter. Færre gardsbruk og større buskapar gir ei utfordring i organisering av utmarksbruken. Her støyter rettar tileigna frå 1800-tals landbruket mot dagens behov. Det er no viktig å utvikle driftsformer for bruk av utmark inn i eit moderne landbruk, driftsformer som ser den totale ressursen i inn- og utmark i samanheng.