Sylvi Listhaug har fått i land sin første jordbruksavtale, ingen liten prestasjon for ein politikar som hadde som utgangspunkt at ho tok over eit kommunistisk system.

- Veg ikkje opp: Den norske landbruksmodellen kan nok tole ein fireårs slankekur. Men dei relativt få store føretaka som veks kan ikkje vege opp for dei mange små bruka som sluttar, skriv kronikkforfatteren. Foto: Fredrik Varfjell/, NTB scanpix

Listhaug må balansere på stram line mellom eit storstingsfleirtal som er usamd med henne og sjølvtrygge bondeorganisasjonar som har opinionen med seg. Krav og tilbod i jordbruksoppgjera er delt i to hovudpostar: statlege overføringar, som skal finansiere dei landbrukspolitiske verkemidla og prisar. Årets avtale med Bondelaget, som har ei ramme på 400 millioner kroner, viser at Listhaug har godtatt den norske landbruksmodellen. Men det meste (315 mill. kr.) kjem på pris, og den magre auken i bruken av budsjettmidlar på 85 mill. kr, viser at Listhaug har sett norsk landbruk på ein slankekur.

Eitt av dei viktigaste grepa i årets jordbruksavtale er auken i målprisen på korn (10 øre pr. kilo for matkveite, 8 øre for bygg) kombinert med auka tilskot til prisnedskriving på korn til fôr, som gjer at kraftfôrprisen blir uendra. Dette verkemiddelet styrker konkurransekrafta til norsk kornproduksjon og aukar indirekte verdien av å bruke grovfôr.

Eitt av dei mindre, men symbolsk viktige grepa for Listhaug var å tvinge Bondelaget til å gå med på fjerninga av fraktilskotet til pelsdyrfôr, noe som vil ramme pelsfarmane i distrikta hardt. Dette vil falle i god jord hos dyrevernorganisasjonane.

Ei anna endring som alt er omstridd er det nye tilskotet til utsiktsrydding på 20 millionar kroner. Denne nye tilskotsordninga skal gå til rydding av vegkantar og utsiktsplassar, og bidrar nok ikkje til auka matproduksjon, men vil bli oppfatta positivt av landbrukets alliansepartnarar innan reiseliv. Det er ikkje tvil om at slik arealtilskota er innretta i dag, finst det ikkje noe insentiv til å vedlikehalde det herrelause kulturlandskapet.

Ingen av dei store strukturgrepa Listhaug gjorde i fjor, slike som å fjerne avkortinga i tilskota for store produsentar, vart reversert i år. Det største nederlaget for bondeorganisasjonane er at dei ikkje fekk igjennom kravet om å innføre tak på husdyrtilskota knytta til dyretal. Listhaug har over to år bevisst flytta støttekroner frå små til store produksjonar og nedprioritert distriktsprofilen i den norske landbrukspolitikken. Med den nye avtalen har Bondelaget klart å stoppe og dempe noen av endringane som vart foreslått i år, men dei følgjer med på ferda som bremskloss med allierte i Stortinget. For Bondelaget var det truleg viktig å få til ein avtale i år for å berge forhandlingsretten.

Listhaugs største nederlag denne gongen ar at ho ikkje fekk Bondelaget med på 7 eller 9 regionar for sal av mjølkekvotar. No blir det etter krav frå KrF og Venstre opp til fleirtalet i Stortinget å drøfte kva som skal skje med ein eventuell revisjon av dagens 19 fylkesregionar for sal av kumjølkkvotar.

Listhaug hevdar at landbruket er inntektsvinnarar med ein prosentvis auke på 3,75 prosent, og i prosent stemmer det når andre grupper i år får om lag 2,7 prosent. Men med ein lønnsauke på 13000 kroner blir landbruket lønstaparar like vel, samanlikna med andre grupper som fekk 16000 kroner. Slik vil gapet til andre grupper, som i dag er på 220000 kroner, berre blir større med Listhaugs prosentpåslag.

Sylvi Listhaug har vore heldig med mye. Først fekk ho låg rente i fanget. Så vart det eit godt avlingsår i fjor, æra for det må ho vel dele med høgare makter. Æra for landbrukspolitikken må ho også dele med Trygve Slagsvold Vedum, etter som effekten av det gode raudgrøne jordbruksoppgjeret våren 2013 varte fram til midtsommars i 2014, da Listhaugs første oppgjer tok til. Dagens jordbrukspolitikk kom i stand etter eit forlik med KrF og Venstre, som fekk plussa på 250 mill kr i Stortinget. Så i meir enn ein forstand har Listhaug fått hjelp av andre til den positive utviklinga vi no ser med mindre bruksnedgang og stor investeringsvilje. Forklaringa på det siste kan også vera at mange sat på gjerdet og venta på kva som ville skje, og når bøndene ser at ministeren blir halden i ørene av stortingsfleirtalet, så vågar dei å satse.

Sylvi Listhaug har vorte tvinga av KrF og Venstre til å godta den norske landbruksmodellen, men prisen for dette er at både modellen og mange av bøndene er sett på ein kraftig slankekur. I staden skal dei største bukkane sendast til seters for å gjera seg feite. Åleine kan dei neppe levere den auken i matproduksjonen som eit samla Storting har bedt om. Den norske landbruksmodellen kan nok tole ein fireårs slankekur. Men dei relativt få store føretaka som veks kan ikkje vege opp for dei mange små bruka som sluttar. Ein bonde som driv i samdrift med 45 kyr sit att med 12000 kroner ekstra etter årets oppgjer skal ein tru eksemplet i Jordbruksavtalen, men ein bonde på Hølonda med 15 kyr vil sitte att med 4000 kroner etter den same utrekninga med referansebruk. Det meste av årsaken til den store forskjellen er at 8 øre pr kg i auka målpris på mjølk slår ut mest for den som produserer mest.

Det bøndene får vil koste ein gjennomsnittsfamilie ti kroner, eller ein halv kopp kaffi i månaden. Men det er før Reitan og co har tatt sitt. Da blir det nok plussa på fleire kaffikoppar, kjenner eg daglegvarekjedene rett.