Profilerte stillinger

Adresseavisens kronikk onsdag 11.juni 2008

Namnet på byen Trondheim

Den gamle striden om bynamna Trondhjem -Nidaros -Trondheim ber alderen sin godt. I år er det eit slags 80-årsjubileum

for da det for alvor knaka saman om dette namnespørsmålet. I fjor var det eit friskt, seniorpolitisk framlegg i Trondheim

bystyre om å gå inn for forma Trondhjem. Framlegget vart forkasta med stort fleirtal.

Publisert: 11.06.2008 kl. 12:11
Endret: 11.06.2008 kl. 12:18
Etter at Stortinget vedtok namnet Trondheim 6. mars 1931 har det likevel vore forunderleg stille om sjølve den språklege bakgrunnen for bynamnet. Det har Roger Lockertsen fått slutt på no med doktoravhandlinga si om det filologiske grunnlaget for den lange bataljen rundt 1930. Ho kom i bokform for kort tid sia, med tittel som i overskrifta her.

Det var to hovudspørsmål som var i framgrunnen i den såkalla Nidaros-striden: Det eine var kva som var det gamle eller eldste bynamnet, det andre var om forma Trondhjem var vaksen fram på norsk, dvs. trøndersk grunn Det var den kjende språkmannen Didrik Arup Seip som drog det filologiske lasset for namnet og namneforma Trondhjem. For Nidaros argumenterte norrønfilologen og namnegranskaren Gustav Indrebø og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud. Mest ingen norske språkmenn har da eller sia for alvor støtta Seips synspunkt, medan det har vore mangment i støtteapparatet til Indrebø og Kolsrud. Likevel var det synspunkta til Seip som vann fram blant vanleg folk i Trondheim og til slutt i ein viss monn også på Stortinget.

Roger Lockertsen går nøye inn på argumentasjonen til desse tre hovudmennene og i tillegg arkeologen, trondheimsmannen Theodor Petersen som var ein ivrig tronjæmmer. I 1929-30 var det eigentleg ingen av hovuddebattantane som hadde teke seg bryet med å studere originalkjeldene, særleg dei latinske. Det er Lockertsens forteneste at han kan byggje resultata sine på grundig studium av først og fremst dei kyrkjelege originalkjeldene. Han har vore i Vatikan-arkivet og saumfare dokument som Seip, Indrebø og Kolsrud berre kjende i avskrift.

På dette grunnlaget kan han vise at bispe- og seinare erkebispestaden vart kalla Nidaros av kyrkja alt tidleg på 1100-talet, mykje tidlegare enn Seip hadde argumentert for. Når erkebispesætet i Bremen på slutten av 1000-talet nyttar namnet Trondheim (Trondemnis), så kjem det av at den angelsaksiske arven frå misjonskyrkja tilsa at bispen ikkje hadde ein fast residens enno. Adam av Bremen nemner såleis i 1070-åra i tillegg til Bjørgvin dei to «bispeseta» Trondheim og Vik, som tilsvarar dei seinare Nidaros og Oslo. Det er altså den gamle bruken av Trondheim og Vik (Oslofjorden) som områdenamn vi ser her, som i så mange norrøne kjelder i høgmellomalderen. Det same gjeld òg den trønderskforfatta historieframstillinga Ágríp frå slutten av 1100-talet.

Ein må sjå på tekstsamanhengen, konteksten, i kvar einskild kjelde seier Lockertsen, og det prøver han på i heile argumentasjonen sin. Da finn han òg ut, som rett og rimeleg er, at ordet kaupang har vore eit samnamn i den trønderske talen, bruka som seinare om den næraste byen

eller svensk stan (jf. Stan og på Staa om Røros). Ein kan altså ikkje utan vidare samanlikne med Koppang i Nord-Østerdalen eller Kaupanger (den såkalla Lusakaupangen) i Sogn.

Seip meinte at områdenamnet Trondheim hadde vorte bynamn forholdsvis kort tid etter at Olav Tryggvason hadde grunnlagt byen ved Nidelva. Lockertsen sannsynleggjer likevel at det

er Nidaros som har vore det

vanlege bynamnet i skrift fram til tida rundt år 1400. Kor lenge Nidaros-namnet har halde seg i talemålet er eit langt vanskelegare spørsmål, men det er grunn til å rekne med at gamlenamnet har vore vanleg blant norskfødde også ei tid etter reformasjonen i 1530-åra.

Overgangen i skrift til Trondheim, og den danskspråklege forma Trondhjem, høyrer først og fremst slutten av 1400-talet til. Det har namnegranskarane vore nokså samde om. Men i

Nidaros-striden var det òg

viktig for Trondhjem-tilhengarane å prøve å sannsynleggjera at namneforma var norsk, altså at -hjem her hadde vakse fram på norskspråkleg grunn.

Theodor Petersen fekk da det hugskottet at forma kunne ha vakse fram frå ein j-aktig (palatal) uttale av -nd- i Trond-, visstnok initiert av Seip som gjekk inn for denne tanken med fynd og klem. Det er berre den haken ved dette at vi manglar fullstendig parallellar til ei slik utvikling i norsk. Dette viste målføregranskaren Jørgen Reitan bergstøtt alt i 1928, og Lockertsen tar ei grundig oppsummering av debatten og ei repitert, men vel nødvendig avliving av «palatalteorien». Som særleg Indrebø har vist, kom forma Trondhjem i skrift inn for fullt med dansk språk i siste helvta av 1400-talet.

Lockertsen har ikkje berre granska dei gamle, sentrale kjeldene i original, han har òg hatt høve til å bruke privatarkiva etter Seip og Indrebø. Der kjem det m.a. fram at Seip har underslått Nidaros-belegg som (seinare professor) Johan Schreiner la fram for han. Det samsvarar godt med det som vart hevda i samtida, nemleg at Seip var temmeleg selektiv i kjeldebruken sin.

For dei fleste av oss som har vakse opp lenge etter Nidaros-striden, kan han synast både fjern og uverkeleg. Men synet

på hendingane rundt 1930 har endra seg etter kvart og motsetningane mildna. Ein peikepinn om at Nidaros i dag er eit gangbart namn, fekk vi vel òg da det for ikkje lenge sia var namnekonkurranse om den nye brua frå Piren mot Nyhavna (Pirbrua). Her vann det nostalgiske alternativet Nidarosbrua over det meir praktiske Pirbrua.

ola.stemshaug@hf.ntnu.no

OLA STEMSHAUG

Førsteamanuensis i nordisk ved NTNU. Mindre motsetningar For dei fleste av oss som har vakse opp lenge etter Nidaros-striden, kan han synast både fjern og uverkeleg. Men synet på hendingane rundt 1930 har endra seg etter kvart og motsetningane mildna, skriv kronikkforfattaren. Foto: LARS GISNÅS

 

Skriv din kommentar

Tittel*

Kommentar

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Adresseavisen ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Kronikk, mandag 6. februar 2012

Nytt syn på det biologiske prinsipp

Prinsippet om «utviklingsfremmende tilknytning» bør være viktigere enn «det biologiske prinsipp» Les mer

 

Kronikk, fredag 3. februar 2012

Et farlig tomrom

Les mer

Kronikk, torsdag 2. februar 2012

Behov etter traumer

Les mer

 

Kronikk, onsdag 1. februar 2012

Slaget på Domkirkegården

Les mer

Kronikk, tirsdag 31. januar 2012

PCB – tar det aldri slutt?

Les mer

 

Signert, mandag 6. februar 2012

Kampen om klimaet

Mens snøstormen hyler i Marokko, folk fryser i hjel i Bulgaria og regnet høljer ned over mine gode venner i Longyearbyen, utsetter regjeringen klimameldingen enda en gang. Det gjør de antagelig rett i. Les mer

 

Kronikk, mandag 6. februar 2012

Nytt syn på det biologiske prinsipp

Prinsippet om «utviklingsfremmende tilknytning» bør være viktigere enn «det biologiske prinsipp» Les mer

Leder, mandag 6. februar 2012

Unge boligsøkere får nytteløse råd

Regjeringen har ingen annen boligpolitikk enn å gi nytteløse råd til unge som vil skaffe seg et sted å bo. Les mer

 

Leder, lørdag 4. februar 2012

Gode nyheter i Midtbyen

Handelen i Midtbyen i Trondheim har snudd fra tilbakegang til fremgang. Les mer