Tidlegare i år vart det kjent at Sør-Sudan har ratifisert den internasjonale barnekonvensjonen og at Somalia har sett i gang prosessen med ratifisering.

Når dette er fullført vil 196 land ha slutta seg til konvensjonen. Berre eitt land manglar, dette landet er USA. Kva er grunnen til at USA ikkje vil vera med og sikra alle born grunnleggjande menneske-rettar?

Ironisk nok spelte USA ei sentral rolle i utforminga av konven-sjonen i 1980-åra, under president Reagan. Under Bill Clinton signerte USA barnekonven-sjonen i 1995. Dette innebar ein aksept av hovudprinsippa i konvensjonen, men utan at han vart gjort juridisk bindande for USA. Ei slik signering er vanlegvis eit signal om at landet førebur ratifisering. Neste steg vil vera at presidenten sender avtalen over til senatet, og med senatet si godkjenning kan presidenten formelt ratifisera avtalen. USA si grunnlov krev 2/3 fleirtall i senatet for tilslut-ning til slike avtalar. Slik som senatet no er sett saman, er det liten sjanse for at konvensjonen vil bli ratifisert med det fyrste. Motstanden ligg i fyrste rekkje i det republikanske partiet, men heller ikkje demokratane har gjort mykje for å fremja saka. Under presidentvalkampen i 2008 uttalte Barack Obama: «It’s embarrassing to find ourselves in the company of Somalia, a lawless land. I will review this and other treaties, and ensure the United States resumes its global leadership in human rights.» Likevel har ingenting skjedd, etter over seks år med Obama som president.

Barnekonvensjonen vart vedteken av Sameinte Nasjonar (SN) i 1989, og er ein av ni konvensjonar som byggjer på menneskerettsfråsegna frå 1948. Barnekonvensjonen består av 54 paragrafar som skal sikra born sine grunnleggjande rettar på ei rekkje område. Paragrafane er basert på fire hovudprinsipp, dette er omsynet til barnet sitt beste, prinsippet om ikkje-diskriminering, retten til overleving og utvikling, og barnet sin rett til å uttala seg og bli høyrd. Sjølv om USA framleis manglar, har ingen andre internasjonale konvensjonar blitt ratifisert av så mange land.

Å gje born tryggleik og vern mot m.a. tvangsarbeid, prostitusjon og mot å bli barnesoldatar kan synast som ein sjølvsagt ting som dei fleste burde kunne semjast om. Kvifor er då så stor motvilje i USA mot å slutta seg til konvensjonen? Motstanden ligg for ein stor del på eit prinsipielt plan. Mange ser på dette som ei innblanding i nasjonale tilhøve, og meiner det undergrev USA sin rett til å styra seg sjølv. Men det blir særleg oppfatta som eit inngrep i foreldre sin rett til å oppdra sine eigne born, nokre hevdar det gir born rett til å gå til søksmål mot sine eigne foreldre dersom dei er usamde med foreldra. Problematisk er også born sin rett til religionsfridom, dette blir tolka som at foreldre ikkje kan oppdra borna i si eiga tru. Særleg aktive i motstanden er ein organisa-sjon som kallar seg «Parental Rights», som meiner at barnekonvensjonen vil føra med seg ei konstant overvaking og mistanke mot foreldre. Det vert hevda at foreldre vil bli fengsla om dei ikkje let ungane sine bli vaksinerte og at konvensjonen gir pålegg om obligatorisk seksualundervisning frå fireårsalderen.

Har så konvensjonen hatt nokon praktisk innverknad på born sine liv omkring i verda? Svært mange born lever i fattigdom og brot på born sine rettar skjer i stort omfang kvar dag. Likevel har det skjedd mykje positivt for born sine levekår dei siste 25 åra, dødsraten for småborn har gått ned, langt fleire får vaksinar, utdanning og reint drikke-vatn. Dette skuldast sjølvsagt ikkje konvensjonen åleine, og juridiske avtalar er langt frå tilstrekkeleg for å få vidare framgang. Men forsking viser at konvensjonen har hatt ein effekt også i det praktiske livet, og at han er ein av faktorane bak den positive utviklinga. Konven-sjonen anerkjenner born som uavhengige rettssubjekt, ikkje berre som foreldra sin eigedom. I mange land har born sine rettar og særlege behov for vern blitt integrert i det nasjonale lovverket, og fleire land har oppretta eigne barneombod. Dette har også påverka praktisk politikk og vore eit utgangs-punkt for overvaking og oppfølging av born sine behov og levekår.

Ei amerikansk ratifisering vil vera eit stort steg framover for barnerettar og born sine livsvilkår både i og utanfor USA. Dersom det er slik som Obama hevdar, at supermakta USA vil ha ambisjonar om å spela ei rolle for menneskerettar internasjonalt er dette avgjerande. Berre slik vil landet kunne ha tyngde og truverd i arbeid for å gje born ein tryggare oppvekst. Men ei amerikansk tilslutning vil fyrst og fremst ha ei stor prinsipiell og symbolsk tyding. Det vil i så fall bli den fyrste menneskeretts-konvensjonen som blir ratifisert av alle medlemslanda i SN, og vil dermed bli ein milepæl ikkje berre i arbeidet for born sine rettar, men også i menneskerettsarbeid generelt. Konven-sjonen er det fyrste juridisk bindande internasjonale instrumentet for å innlemma heile spekteret av menneskerettar – sivile, kulturelle, økonomiske, politiske og sosiale – for born og unge under 18 år. Ei full oppslutning om konvensjonen vil markera ei sams global vilje til å sikra og vidareutvikla dette instrumentet. Fyrst når USA har ratifisert vil alle born i verda ha dei same rettane.