Adressa har hatt ein del artiklar om GMO-mat i det siste. Oikos-Økologisk Norge deltar i Nettverk for GMO-fri mat og vi har interessert oss mye for saken.

Stor motstand: Et banner mot genetisk modifiserte avlinger plassert foran EU-parlamentet. Foto: SCANPIX Foto: Foto: NTB Scanpix, AP

Vi ønsker å kaste blikket på moment som hittil ikkje er belyst i Adressa.

Det påstås at genmodifisert mat vil konkurrere ut rein mat på grunn av pris. Vårt inntrykk er at GMO-maten er billig på grunn av det B-stempel den har. Forbrukaren ønsker å kjøpe rein mat. Derfor må GMO-maten prises lågare om ein ønsker å selge den. Mange ønsker nok billig mat, men vi trur at fornuften sigrar – folk flest ønsker den beste maten.

Folk flest er klar over korleis industrimatprodusenten Monsanto har fått sine godkjenningar av dei ulike GMO-vekstene i USA. Desse godkjenningane har lite med seriøs forsking og vitenskaplege bevis å gjere. Det har med pengar å gjere, og det at Monsanto har klart å plassere sine folk inn som landbruksminister eller statssekretærar i USAs regjering. Når så dei ulike GMO-sortane er godkjente i USA, så trugar USA med handelsstraffereaksjonar om ikkje Europa godkjenner det same.

Da GMO-sortsutviklinga starta for fullt for ca 30 år sidan var det tre-fire store mål som vart sett:

Utvikle sortar som gav større avling

Utvikle sortar som tålte tørke og frost

Utvikle sortar som tålte det kjemiske sprøytemiddelet Glyfosat som i utgangspunktet drep alt grønt. Uttalt formål: redusert sprøyting

Utvikle sortar som sjølve produserer insektgift: Uttalt formål: redusert sprøyting

Statistikk viser at parallelt med innføring av GMO i USA har den «naturlege» avlingsframgangen vi har hatt i heile den vestlege verden sidan opplysningstida på 1700-talet på grunn av sortsutvikling, dyrkingsteknikk, vekstskifte etc - stoppa opp i USA. Avlingsframgang har halde fram i GMO-fri del av verden. Dette samsvarer godt med det inntrykk ein får ved å snakke med bønder i USA. Det er vanskelegare å få gode avlingar med GMO-frø.

Ein har ikkje klart å utvikle sortar som betre tåler frost eller tørke.

Ein har utvikla matplantesortar som tåler Glyfosat (Roundup). Men ugraset har også utvikla seg til å tåle Glyfosat. Ein har no i fleire år auka doseringa ved sprøyting, men innser no at heile prosjektet er mislykka. Monsanto har i realiteten utvikla monsterugras som er nesten umuleg å bli kvitt og giftbruken er mangedobla.

I media har det no i fleire månader versert resultat av ein fransk studie som viser at ein type genmais frå Monsanto kan føre til auka kreftrisiko. EUs mattrygghetsutvalg (EFSA) avviser den franske professor Seralini sine dyreforsøk som viser at rotter som i to år et genmodifisert mais sprøyta med Glyfosat (Roundup) oftare får kreft og døyr tidlegare. Også rotter som får mikromengder Roundup i drikkevatnet tar skade av det. Seralini hevdar at grunnen til at EFSA ikkje godtar hans resultat er at EFSA alt i 2003 godkjente den genmodifiserte Monsanto-maisen NK603 og derfor ikkje ønsker bråk om dette ni år etterpå. For folk flest fortoner det seg som at det med dette er bevist at Glyfosat er meir skadeleg enn ein har trudd tidlegare. Etter dette er det også offentleggjort store studiar gjennomført i 18 land i Europa som viser at ein kan påvise rester av Glyfosat i kroppen til gjennomsnittleg over 40 prosent av befolkninga.

GMO-utviklarane har også klart å utvikle planter som produserer insektgift. Men desse stoffa finnes sjølsagt også i maten vi får frå desse plantane. Fleire forskarar meiner at det faktum at ca 80 prosent av USAs befolkning har mageproblem delvis skyldes den insektgift som plantene sjøl har produsert pga GMO.

Nettverk for GMO-fri mat er glad for det restriktive regelverket vi har i Norge på dette feltet. Men sjøl med dette regelverket har Mattilsynet godkjent 19 GMO-sortar for bruk i fiskeoppdrett. Ingen GMO-matvarer er godkjente for import så langt og forindustrien for det vanlege landbruket fører så langt også ei restriktiv linje.

Fleire av dei som har kome til orde i Adressa sine reportasjer har tru på at industrilandbruket vil vinne fram og at GMO-maten vil gå sin sigersgang inn på alle matfat. Men det finnes også fleire signal som peiker i motsatt retning:

Parlamentet i Tyskland vedtok 27. juni endringar i den tyske patentlova og forbyr no patent på plantar og dyr som stammer frå konvensjonell eller vanleg avl- og foredling. Endringa kjem etter krav frå mange sivilsamfunnsorganisasjonar inkludert bønder som har bedt om innstrammingar. Dei er redde for ei bølge av patentar på plantar og dyr etter mønster frå det som skjer med GMO-planter. Det løpet er kjørt.

Der Spiegel hadde nylig ti sider med det ein kan kalle «dødsdommen» over industrilandbruket og samlebåndsmaten. «Natürlich künstlich. Billig, schnell, industriell: Unser Essen vom Fliessband» var teksten på første side.

Fleire statar i USA arbeider no med planar for å påby merking av GMO-mat. Monsanto og fleire andre industrimatkonsern drar derfor fram dei tunge skytsa for å hindre dette. Men ei fersk meiningsmåling i New York Times viser at 93 prosent av dei spurte er ueinige med «Verdens mest hata konsern» Monsanto og støtter kravet om merking av GMO-mat.

Det finnes altså mange teikn som tyder på at kampen for naturleg mat og landbruk enno ikkje er tapt. Vi ser det som ein foreløpig siger at Monsanto for tida seier at dei har gitt opp Europa som marked for GMO i landbruket. Oikos – Økologisk Norge er av den oppfatning at det norske landbruket har mye å tene på halde seg GMO-fritt. Så langt vi kjenner til har implementering av GMO i mat vore mislykka eller berre ført problem med seg.

Å halde norsk landbruk GMO-fritt vil vera ein stor konkurransefordel i framtida og vera med å styrke det positive bildet folk flest har av norsk landbruk.