I desse dagar er det 200 år sidan Kielfreden vart underskriven, eit dokument på 28 artiklar og eit tillegg.

Svensk konge: Karl III Johan vant en stor seier med Kielfreden og kunne krones i Nidarosdomen i 1818. Men grunnlaget for et selvstendig Norge var også på plass i 1814. Foto: M alt av : Jacob Munch

Hovudinnhaldet er at danskekongen Fredrik 6. sa frå seg kongemakta over det norske riket, frårekna Grønland, Færøyane og Island, slik at dette Noreg «for fremtiden tilhøre kongen af Sverige med fuld ejendomsret og suverænitet og danne et kongerige forenet med det svenske».

Kongen skulle få overta svensk Forpommeren med øya Rügen og dessutan få utbetalt ein million riksdalar. Dette skulle gje fred mellom dei to landa. Fredrik 6. vart garantert snarleg fred også med dei andre landa i alliansen mot Napoleon, dei som hadde garantert at Sverige skulle få overta Noreg. Etter statsfellesskap mellom Danmark og Noreg i 434 år, sa danskekongen opp fellesskapet og åpna for at nordmennene skulle gå inn i eit anna fellesskap. Kunne einevaldskongen verkeleg gjera dette? Kunne stormaktene gje slike garantiar? Korleis gjekk dette til?

Noreg som premie. Først om morgonen 15. januar gjekk det bod frå tingingane i Kiel til den svenske kronprins Karl Johan og danskekongen Fredrik 6. med ferdig tekst, og det skulle gå lang tid før heile resultatet av tingingane vart kjent. Vegen var kortast til Karl Johan som låg ved Kiel med svenske hærstyrkar. Han var under eit svært tidspress. Etter deltaking i det store slaget mellom Napoleon og hans motstandarar ved Leipzig 16.-19. oktober, hadde han som leiar av den nordlege del av dei allierte si hær, om lag 60000 mann, marsjert nordover. Oppgåva var snarast å definitivt knekkja Napoleons militære makt. Men Karl Johan var særleg oppteken av vederlaget for sin innsats. Det var for å vinna Noreg, nærmast som kompensasjon for det tapte Finland, at han hadde gått med i alliansen mot sin tidlegare medkrigar Napoleon. Nå ville han ikkje venta lenger med å få kontroll over det han var lova.

Frå 7. desember var han i gang med militære aksjonar mot vikande og underlegne danske styrkar. Overmakta var stor og vegen var kort inn på dansk kjerneområde, men 15. desember gjekk han likevel med på våpenkvile som kom til å gjelda til 5. januar. To dagar seinare såg Fredrik 6. seg nøydd til å akseptera militært nederlag. Intense tingingar følgde frå 10. til 14. januar. Med fredsavtalen på plass kunne Karl Johan setja kursen mot Frankrike. Han hadde vunne ein stor siger, men hadde nok ei uro for at det kunne bli krevjande å innkassera gevinsten.

Fredrik 6. hadde også i lengre tid vore under eit veldig press. Det engelske åtaket på flåten i 1807 hadde ført til alliansen med Napoleon, ein allianse som danskekongen seinare hadde site fast i. Den avtalen om Noreg som Karl Johan frå 1812 hadde fått i stand med motstandarane av Napoleon, var trugande. Fredrik 6. hadde tidvis hatt optimistiske tankar om å koma ut av problema utan altfor store tap av territorium og prestisje. Men Karl Johan hadde vunne fram med sine planar, hans allierte hadde gjeve klåre lovnader, og med hans veltrena hær på landegrensene i sør hadde faren for å miste heile det dansk-norske riket blitt ein akutt realitet. Militær motstand var nyttelaus, og det måtte betalast for alliansen med Napoleon. Var det nok å avstå Noreg? Kor katastrofalt kunne tapet bli? Kongen venta nervøst på den endelege avtaleteksten i sitt hovudkvarter på Fyn.

Mellom svikar og slaktar. Medan Karl Johan hadde nokre urolege tankar om kva problem det kunne bli med å overta Noreg, hadde danskekongen opplagt tankar om korleis han kunne unngå å gjennomføra fredsavtalen fullt ut. Ingen av dei hadde skruplar med at avtalen galdt eit heilt folk som sjølv ikkje kom til orde. Fredrik 6. tok seg god tid med å gjera avtalen kjend i Noreg. I første omgang vart det proklamert at fred var oppnådd. Det var gledesbod til eit land som opplevde hungersnaud. Men fredsvilkåra som etter kvart vart kjende skapte anna stemning. Hadde kongen, «han far i København», som nordmenn trufast hadde tent, verkeleg sagt frå seg farskapet og nærmast gjeve sine born bort til ein annan herre? Hadde han verkeleg svike sitt folk? Ville han gjera nordmenn til svenskar, han som måtte vita at det var det siste nordmenn ønskte å bli? Karl Johan hadde stått bak propagandatiltak overfor nordmennene dei to siste åra utan særleg gjennomslag. No kom det opp ein propaganda andre vegen. Men tilvising både til tidlegare militærkarriere for Napoleon og ansvar for hungersdød i Noreg vart jamvel nemninga menneskeslaktar brukt om Karl Johan.

Frå kveg til folk. Mange nordmenn var djupt vonbrotne over kongen som hadde vist dei frå seg, og nærte mistru, ja nærmast avsky for han som no ville ta styret over dei. Prins Kristian Fredrik var i landet som statthaldar, og handla i strid med instruksar om rask retur til Danmark. Kanskje var det i von om ny allianse med Danmark, men han vart raskt leiar for eit folk som ville ha sjølvstyre, og nytta det handlingsrom som hadde oppstått. Danskekongen hadde sagt farvel, svenskekongen ville ein ikkje ta imot, ein ville styra sjølv. Ei mektig fridomsrørsle kom i gang. Dette kunne skje medan Karl Johan og militærmakta hadde kurs mot Paris, og først kunne tenkja på retur derifrå etter at byen var erobra ved utgangen av mars. Når han så skulle gjennomføra avtalen, viste det seg at det ikkje lenger handla om å flytta kveg over frå ei kve til ei anna. Kielfreden hadde skapt grunnlag for at 1814 kunne bli det store merkeåret i norsk historie.