«På slutten av turen såg vi anleggsplass og store delar av vegen som er bygd. Då var det ikkje regnet som gjorde at ein vart trist og forbanna» skriver Hans Jørgen Hedels og Magne Vågsland i dette debattinnlegget.

Nå har vi brukt ein siste sjanse til å oppleve Storheia og områda rundt før vindindustrien ødelegger området.

Dette er eit fantastisk naturområde med store variasjonar i landskap og former.

Her er nakne fjellparti, blaute myrer og glissen skog med gamal furu. Plutseleg kan ein møte ein loddrett fjellvegg, der den planlagde ruta må ta omvegar.

Les også Trygve Lundemos kommentar: Storheia er større enn Alta; hvor er engasjementet?

80 vindturbinar

I dette området skal det altså bli bygd 80 vindturbinar som vil rage 145 meter opp i lufta. 17 av desse kjem langs grensa til Hildremsvatnet naturreservat.

For alle som ferdast lags kysten her vil denne industrien bli godt synleg og alle vil stille spørsmål om kva behov denne energien skal dekke. Er det lokal industri som har bruk for slike mengder med energi som bare kjem når det er høveleg med vind?

Nei, her er det overskotet av norsk fornybar kraft som skal bli endå større. Sjøl med støtte frå norske forbrukarar (grøne sertifikat) vil denne kraftproduksjonen aldri bli lønsam. Norge skal altså eksportere subsidier og norsk natur til Europa.

Opptatt av debatt? Les også: Yo! Adressa! Hva skjera? Rundt 20 klikksaker om Williams-konserten sier sitt

Tragisk

Det er tragisk korleis vi her blir vitne til at lokale politikarar og anleggsindustri har greidd å presse gjennom eit anlegg som vil ødelegge eit område for all ettertid.

Her blir det bygd 24 km med veg og store mengder med torv blir lagt til tørk og CO2 blir frigjort.

Om 25 år er det slutt med konsesjonen for dette anlegget. Då skal turbinane riggast ned, men denne kostnaden er ikkje tatt med i vurderinga.

Mer debatt: Skal bobileiere få overnatte hvor som helst?

Galskapen

Denne sommaren har reinen beita i Storheia for siste gong!

Aldri vil ein her kunne oppleve følelsen av villmark, og i store delar av eit samla Trøndelag vil denne galskapen bli synleg.

Kanskje er det ikkje for seint å snu, men alt nå er vegen i gang opp på sjølve Storheia.

Les også: - Vindmøllene vil ødelegge fjellet mitt

Trist og forbanna

På slutten av turen såg vi anleggsplass og store delar av vegen som er bygd.

Då var det ikkje regnet som gjorde at ein vart trist og forbanna.

Vi får håpe at ansvarlege får namna sine oppført på informasjonstavle, slik at vi i ettertid kan sjå kven som valde kortsynt inntekt framfor natur og reindrift.

Hør våre kommentatorer snakke om kristne verdier, norsk og trøndersk kultur og litt valgkamp. Gjest: Ingvild Kjerkol (Ap)

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

«Dette er eit fantastisk naturområde med store variasjonar i landskap og former. I dette området skal det altså bli bygd 80 vindturbinar som vil rage 145 meter opp i lufta» skrivHans Jørgen Hedels og Magne Vågsland. Foto: Privat