Å lage friluftsspel i Trondheim er risikosport. Pålandsvind og horisontalt regn frå fjorden treng ikkje vera det største problemet, arrangørane må også takle media, sponsorar og politikarar.
Endret: 30.08.2010 kl. 10:05
Profilering i media er ein viktig del av synliggjeringa, i Trondheim kjem ein arrangør ikkje utanom Adresseavisen.
Etter 21 år opplevde Korsvika-spillet i 2010 for første gong at ei forestilling måtte avlysast. Generelt gjorde juniklimaet sitt til at færre møtte fram for å sjå ei oppsetting som Ole Jacob Hoel i Adresseavisen karakteriserte som «en fin og helhetlig forestilling». Det var dessverre lita hjelp i at anmeldaren konkluderte med at «været var under enhver kritikk, men det er også den eneste innvendingen jeg har mot årets oppsetning i Korsvika. Gå og se det! Men kle dere!»
Ved sida av Maridalsspillet i Oslo, er Håkon og Kark i Korsvika det einaste frilufts-spelet som har greidd å halde det gåande over lengre tid i ein større norsk by. I Tydal og Selbu, på Frøya og Røros, i Lensvika, Rissa og Osen – her trassar folk januarfrost, pålandsvind, hagl og mygg for å sjå lokale amatørar i eller utan samspel med profesjonelle aktørar. Ein kunne tru at publikumsgrunnlaget ville vera enda større i Trondheim, men her tar den potensielle tilskodaren ein rask sjekk på yr.no, før han avgjer at han heller ikkje i år tar sjansen på å få litt fukt i håret.
Det er ganske sikkert fleire frå Trondheim som ser Elden på Røros, Den siste viking i Rissa og Olav Engelbrektsson på Steinvikholmen, enn det er som møter fram for å sjå Håkon og Kark på Lade. Feilen kan sjølsagt ligge hos oss som arbeider med oppsettinga, men det er generelt eit problem at det er tungt å lage spel i urbane strøk. Raud vinter på Levanger er ikkje det einaste byspelet som har hatt sitt å stri med.
Profilering i media er ein viktig del av synliggjeringa, i Trondheim kjem ein arrangør ikkje utanom Adresseavisen. Berre for å ha sagt det: Eg er klar over at ingen aktør innafor kultursektoren har krav på spalteplass. Det er likevel interessant å sjå på kva slags prioriteringar kulturredaksjonen gjennomfører.
Den store vinnaren er naturlig nok Spelet, her held det at ein statist på Stiklestad bryt beinet for å hamne i avisa, eller at Paul Ottar Haga lanserer ein teori om at det sikkert blir eitt eller anna å krangle om i år også. Nummer to er Elden, gjennom dei siste par vekene før premieren var det i år fem artiklar i kulturdelen av Adressa – i tillegg til regelmessig oppfølging i framsyningsperioden. Nummer tre er midnattsoperaen Olav Engelbrektsson. Mindre fornøgd er nok Karolinerspelet i Tydal og Den siste viking, begge måtte nøye seg med to godt synlige oppslag.
Med ein einslig artikkel i Ut-guiden dagen før premieren, hamnar Håkon og Kark i godt selskap i lag med Jordbæroperaen i Lensvika og Livet på felgen i Råkvågen. (Vel, skodespelar Øyvind Brandtzæg greidde å kuppe inn litt ekstra Korsvika-reklame i spalta «Hva føler du nå?», men dette kan knapt reknast med.) Vi var heldigare enn Vømmølspelet i Selbu, Spelet om Lapskauskongen Leopål i Meldal, Bjørnørspelet i Osen, Namsens auge i Grong, Trua og saltet i Vikna og Styggdalspelet på Stiklestad, ingen av desse ser ut til å ha fått førehandsomtale i Adresseavisen. Men desse bygdene ligg vel stort sett utafor det tradisjonelle nedslagsfeltet til avisa. Og i Trondheim les folk Adressa uansett.
Eg respekterer den retten redaksjonen har til å prioritere. Da vi i 2004 hadde fått både ein journalist frå kulturredaksjonen og ein frå byredaksjonen på trua til å lage oppslag om oss, med heilt ulike vinklingar, skar leiinga igjennom og meinte at ein einslig artikkel fekk vera nok. Som sagt: Denne avgjerda respekterer eg. Det er opptil Adresseavisen å ta stilling til kor stor spalteplass det historiske byspelet i Trondheim skal få. Samtidig gjer dette redaksjonen til ein kulturpolitisk aktør.
Omfanget av profilering i media er med på å forme det biletet to viktige grupper får av eit fenomen: Politikarar og potensielle sponsorar. Ingen er i tvil om at Spelet, Elden og Olav Engelbrektsson er viktige merkesteinar i det trønderske kulturlivet, heller ikkje eg. Men høg kunstnarisk kvalitet er ikkje den einaste faktoren som har skapt dette inntrykket. Eg vil også meine – inhabil som eg er – at det langt frå er mangel på kunstnarisk kvalitet som gjer at Håkon og Kark av somme blir oppfatta som eit lokalt bygdespel på Lade. For aktørar i politikk og næringsliv vil medieomtale som oftast vera viktigare enn det kunstnariske, og dei færraste hugsar no at prosjektet fekk Trondheim kommunes kulturpris for 2004.
Eg må elles presisere at «bygdespel» ikkje er ein negativ karakteristikk. Tvert om. Eit stort bygdespel blir vist på Stiklestad kvart år ved olsoktider, eit lite skal framførast i Holtålen i september: Elvesus ved Eliplassen. Begge har si rolle å fylle innafor kulturlivet i Trøndelag.
I mangfaldet av trønderske spel har somme overlevd lenge, andre er oppført ein eller to gongar utan at det vart etablert ein tradisjon. I Trøndelag er det over ein treårsperiode gjennomført eller under planlegging meir enn 30 spel. Ingen veit i dag kor mange av desse som enno er aktive om 10 eller 20 år. I somme kulturpolitiske kretsar i Sør-Trøndelag skal det visstnok vera stemning for å satse på eit fåtal «fyrtårn» på spelfronten. Eitt av dei lengst levande, Håkon og Kark, er ikkje nemnt mellom desse.
Korsvikaspillet har greidd seg gjennom 21 år, i 15 av desse med stadig fornying av noverande manuskript og musikk. Håkon og Kark er ikkje berre det einaste byspelet i Trondheim, det er også det nest største barne- og ungdomsteatret i kommunen – etter BUL. I vår tid er det uvanlig at opptil tre generasjonar frå samme familie kan vera aktive på den samme arenaen. Som profesjonelt prosjekt får spelet samtidig ein stadig sterkare posisjon innafor feltet kultur og næring.
Til sjuande og sist er det berre den skapande krafta i eit par hundre amatørar og profesjonelle som kan vise om eit fenomen som Håkon og Kark har kvalitetar nok til å overleva. Samtidig er ikkje entusiasme og idealisme nok. Ein dugnad av dette slaget treng deltakarar både frå næringslivet og frå kulturpolitisk hald.
idar@lind.no

