Folk i områda dei kontrollerer, er skremte til lydnad. For terror er faktisk verksam. Det har vi erfaring for frå dei verste terrorregima i førre hundreåret.

Ambisjonane til dei som styrer denne «staten», er store: Her gjeld det ikkje berre å erobre eitt enkelt land, her er det tale om heilag kamp for å spreie ein ekstrem variant av Islam med alle middel. Dei som måtte vere usamde i prosjektet, eller ikkje har den rette varianten av trua, fortener å døy. Det har vore kjettarars lodd også andre stader.

Leiaren har utnemnt seg sjølv til kalif, det vil seie åndeleg overhode over alle muslimar, og signaliserer med det at han plasserer seg sjølv i ein tradisjon tilbake til det første arabiske verdsriket, da nyomvende disiplar av Muhammed på få tiår la under seg land frå dagens Iran i aust til Spania og Marokko i vest. Motiva for ekspansjonen den gongen var langt fleire enn religiøs misjonsiver, men at det var viktig, er det vanskeleg å nekte for. Det endelege målet var eit fellesskap av truande som strekte seg over heile verda, ikkje noko mindre. Da måtte tidlegare ordningar feiast vekk.

Denne perioden er ei inspirasjonskjelde for mange muslimar, men ingen tek det så langt som IS. For dei er ikkje eksisterande statsgrenser relevante. Grensa mellom dagens Syria og Irak vart trekt opp i 1916, da dei britiske og franske diplomatane Sykes og Picot drog ei «linje i sanda» for å markere interesseområda til dei to maktene i dei tyrkiskkontrollerte områda i Midtausten. Den grensa var kunstig for folk som budde der den gongen, og i dag er det openbert at freistnadene på å skape levedyktige moderne statar innanfor desse grensene, har vore mislykka. Det som heldt dei saman, var diktatorisk autoritet.

Svake statar utan tilstrekkeleg legitimitet er dermed eit vilkår for at IS kunne kome dit dei er i dag. Men har IS sjølv potensiale i seg til å bli ein meir langvarig stat?

Territoriet har dei, og dei rår i alle fall over tilstrekkeleg valdsmakt til å halde effektiv kontroll over både folk og land. Dei har i tillegg greidd å sikre seg kontroll over både landbruksareal og oljekjelder, og det finst tydelegvis tilstrekkeleg mange kyniske oljekjøparar til at dei kan få selt det dei utvinn – inntil vidare. Om dei slår over i ein defensiv strategi og tek sikte på å fryse grensene for territoriet, vil dei kunne lykkast. Men det vil vere i strid med misjonsprosjektet som dei bygger heile verksemda si på. Og skal territoriet utvidast vidare, må krigen fortsette.

Det inneber også at det ikkje finst andre middel til å stanse IS enn vald. Dette er grunnen til at amerikanarane har valt å bruke luftmakt mot dei. Assad-regimet i Syria, som lenge såg ut til å frede islamistane for å konsentrere seg om andre motstandarar, har også no vendt seg mot IS. Dermed har det oppstått ein heilt umake situasjon, der USA, Iran og Assad har felles taktiske interesser av å knekke IS.

Den viktigaste motstanden kjem frå kurdarane. Dei vart skuva til sides både av Sykes-Picot og av fredsslutningane etter første verdskrigen, og har ei lang historie med undertrykking og motstand bak seg. No er dei på veg til å byggje sin eigen stat etter eit mønster vi kjenner att frå dei europeiske nasjonalstatane. Det lét seg ikkje sameine med ekspansjonen til IS.

For oss i vest er det behageleg å forsyne kurdarane med våpen slik at dei kan ta støyten i kampen. Men bildet er uklart. Korkje Tyrkia eller Iran ønskjer eit sterkt Kurdistan. Kva gjer dei? Og ikkje minst: Når vil Saud-Arabia innsjå at det ikkje er alle motstandarar av sjia-islam som fortener deira støtte?

ola.stugu@ntnu.no