Fleire avisinnlegg i Trondheim i sommar har kome med ønske om at «Spelet om Heilag Olav» skulle spelast på trøndersk (jf avisleiar i Adresseavisen 28/7), eller i alle fall ikkje på «sunnmørsk» (anonymt synspunkt 2/8).

Det kan i den samanhengen vere grunn til å minne om at det ikkje er noko nytt at mange har vore misnøgde med Olav Gullvågs språk. Enkelte kritikarar har meint at all nynorsk språkbruk er å kritisere og klagar over gamle, uforståelege ord, slik det heitte i ei bokmelding frå 1950-talet - «ikke spesielt for Gullvåg, men de fleste toneangivende landsmålsforfattere.»

Det er såleis god grunn til å etterlyse både språk- og kulturkompetanse og større vilje til å forstå norsk språk. Det verkar lettare å demonstrere manglande nynorskkompetanse enn t.d. mangelfull kompetanse i framandlandsk. Og Gullvåg sjølv har jo også kommentert tidlegare ønske om å føre fram «Spelet» på trøndersk. I eit brev til dottera Åse i desember 1952 heiter det t.d.: «(Suul har nemleg mangfoldiggjort det med stensil i vakkert prenta omslag) og som er oppglødde men som kan ha eit råd å gje, burde det ikkje vera på trøndersk, var det ein som spurde. Som om kong Olav og Tormod Kolbrunarskald og Arnljot Gjelline var trøndarar!»

No er det sjølvsagt opp til Verdal kommune og den nye instruktøren å vurdere kva for «grep» dei vil gjere med «Spelet». Frå sidelinja har det i alle fall vore svært interessant å sjå korleis «Spelet» har gitt rom for fornying og vitalisering, etter kvart som instruktørar og sentrale skodespelarar og andre aktørar har deltatt. Det er heldigvis lenge sidan Olav Gullvåg vart vurdert som «en forlåren sønn» av mange trønderar, på grunn av språksynet sitt.