Kristin Sørsdal (49) kryssar Piazza Garibaldi. For turistar som kjem til Napoli med tog eller buss, er det travle torget med ventande drosjar og tutande mopedar det første synet som møter dei.

Men Sørsdal går mot straumen. Ho skal vise oss eit heilt anna Napoli.

– Elena Ferrante trudde vel aldri at nokon ville dra for å finne bydelen, seier Sørsdal og går mot togstasjonen.

2000 boksider

I fem år kjempa ho for å få omsetje den mystiske, italienske forfattaren Elena Ferrante til norsk. Då klarsignalet plutseleg kom i fjor haust, kasta Sørsdal alt ho hadde i hendene. Sa opp jobben, flytta frå Bergen og kvitta seg med nesten alt for 2000 italienske boksider si skuld.

Alt som før: Den same nabokjerringa som sat utanfor huset då Kristin Sørsdal budde i den røffe bydelen Forcella på 1980-talet, sit her enno. Foto: Jan M. Lillebø

Pseudonymet Ferrante er eit av verdslitteraturens største namn akkurat no. Italias mest kjende ukjende forfattar har gjort internasjonal furore med «L'amica geniale», eller «Mi briljante venninne» på norsk, eit firebandsverk om eit 60 år langt venskap mellom to venninner i ein ukjent bydel i Napoli.

For eit halvt år sidan visste knapt nokon i Noreg kven Elena Ferrante er. Så kom den første boka ut på norsk i mars, vart raskt ein snakkis og har vore på bestseljarlista sidan. Når Ferrante-fansen denne månaden gir seg i kast med bok nummer to, «Historia om det nye namnet», jobbar Sørsdal på spreng med å omsetje den tredje.

Men eigentleg startar historia 30 år tidlegare.

Ein opprørsk og usentimental 19-åring tok farvel på rutebilstasjonen i Arendal. Mor fekk kontant beskjed: «Kjem eg ikkje heim i løpet av ein månad, blir eg der!»

Aleine på interrail

I ryggsekken låg interrail-billetten. Kristin Sørsdal var på veg til Napoli, aleine, trassig innstilt på å klare seg sjølv, skaffe seg ein stad å bu og eit levebrød. Ho var luta lei heimbyen og skulle iallfall ikkje studere. Ho sa ingenting til mor om at ho også hadde eit lite håp om å møte igjen Chiro, den napolitanske ferieflørten frå sommaren før.

«Du må hugse å ringe, Kristin», bad mor tynt.

Å få seg jobb og ein plass å bu var langt vanskelegare enn ho hadde trudd. I Napoli må du kjenne folk. Sørsdal budde på ungdomsherberge, pengane rann ut, ho grein og kjende seg aleine, men var for sta til å ta toget heim.

Etter kvart klarte ho å brødfø seg som vaskehjelp på barar og timehotell. Ho fann eit ledig rom i La Sanità, ein av dei mest klanskontrollerte bydelane i Napoli, lykkeleg uvitande om at folk drap kvarandre i nabolaget. Sørsdal skjønte likevel raskt at det var viktig at dei som sat på pinnestolar ute i gata, visste kven ho var. Då var ho trygg.

«Det er ein italienar som stadig skriv kjærleiksbrev til deg frå militæret», sa far då ho ringde heim før jul. Slik fann Kristin og Chiro kvarandre igjen i Napoli. Først to og eit halvt år seinare pakka ho sekken og reiste frå både han og byen.

Ikkje i sin villaste fantasi hadde ho trudd at Napoli skulle kome så sterkt tilbake i livet hennar, mange år seinare.

Bar på ein draum

I 2008 sat Kristin Sørsdal og to venninner på ei strand på øya Ischia utanfor Napoli. Ho var 42 år, jobba som lærar på Nygård skule i Bergen, men hadde lenge drøymt om å bli forfattar, og aller helst forfattar og omsetjar.

Det perfekte liv, tenkte ho.

Men no var det tolv år sidan ho gjekk ut av Skrivekunstakademiet i Bergen, og ho hadde enno ikkje debutert.

Venninner: «Frå nå av skulle eg altså alltid halde meg i nærleiken av Lila, gjere som henne, og sjølv om ho ikkje likte det og prøvde å jage meg vekk, skulle eg aldri tape henne av syne». Foto: Jan M. Lillebø

Nesten like lenge hadde italienskvitaren prøvd å etablere seg som omsetjar. Ho var kresen. Forfattarane måtte anten vere kvinner eller frå Napoli. Men ho fekk ikkje foten innanfor hos forlaga.

Trassige Sørsdal bestemte seg derfor for å gjere det endå vanskelegare for seg sjølv. Forfattarane ho skulle omsetje, måtte vere kvinnelege og frå Napoli. Dette fortalde ho dei to italienske venninnene i sola på Ischia, og det var då den eine sa:

– Kanskje Elena Ferrante er noko for deg?

Meldte overgang til nynorsk

Det var som om Kristin Sørsdal kjende att stemma i Elena Ferrante sine bøker. Det korthogde, ujålete språket ho sjølv hadde lært på gata i Napoli. Personane ho møtte i teksten, søritalienarar som kjempa for tilværet langt bortanfor dei hollywoodske «o sole mio»-mytane.

– Eg kjende at det ville gå fint å omsetje Ferrante til nynorsk, det litterære språket eg klarar å skrive innanfor, seier Sørsdal.

Ho, som kjem frå ein bokmålskultur i Arendal, hadde meldt overgang til nynorsk i vaksen alder.

– Eg måtte skrive på det språket som ligg nærmast det språket stemma inni meg snakkar. Dei fire orda «eg», «heilt», «ikkje» og «me» var nok til at eg måtte velje.

I Ferrante-rus prøvde Sørsdal første gong i 2009 å overtale Samlaget til å gi ut ei av bøkene. Samlaget tende ikkje på Ferrante, men på Sørsdal. I 2010 debuterte ho med «Makabre bikkjer».

Året etter kom Elena Ferrante ut med ny roman. Boka om to venninner i Napoli skulle bli del av eit større verk, og hadde alt, syntest Sørsdal: Skildringar av barndom, venskap, hat og kjærleik. Eit svært persongalleri, ein dæsj kioskpreg og eit historisk bakteppe som strekk seg frå 1950 til 2010. Midt i blinken, tenkte Sørsdal.

Med krum hals gjekk ho i gang med å omsetje romanen ho gav den norske tittelen «Mi briljante venninne». Samlaget var framleis høfleg lunken. Rett nok hadde forlaget «på ein måte opsjon på manuset», fekk ho til svar, men marknaden for omsett litteratur er knalltøff og risikoen stor, etc.

Først då Ferrante-feberen var eit faktum i USA og Europa, skjønte Samlaget at dette kunne bli stort. Ferrante måtte ut på norsk faderleg fort! Sørsdal gav seg over til Ferrante.

Oppvekst under vulkanen

Utanfor togvindauga ruvar Vesuv, ein av verdas farlegaste vulkanar. Napoli er enno ikkje heilt blitt seg sjølv igjen etter forrige utbrot i 1980. Stillas og støtteverk er blitt ståande, i tiår etter tiår, for å halde den vaklande byen oppreist.

Mykje tyder på at forfattaren som kallar seg Ferrante, vaks opp under den same vulkanen. Også Elena og Lila, dei to hovudpersonane i «Mi briljante venninne», blir fødde i ein napolitansk bydel. Dei veks opp til unge kvinner som drøymer om eit betre liv bortanfor fattigdomen og valden.

Men bydelen held sine i eit klamt grep. Også dei som kjem seg derifrå, er merkte for livet av bydelens måte å tenkje på, snakke på, vere på. Ferrante skildrar dette indre livet så innsiktsfullt at mange har spekulert i om forfattaren skriv om sin eigen oppvekst.

Sørsdal tok opp jakta på bydelen. I to år leita ho etter spor i teksten og byen. Ho gjekk gate opp og gate ned, i selskap med Google Earth.

Ferrante har skjult sine spor godt, men røper namnet på ei kyrkje, La Sacra Famiglia. På nettet oppdaga Sørsdal at ein kyrkjelyd med same namn held til i bydelen Gianturco, tre togstopp i retning Pompeii.

Pensjonatverten rådde henne til å ta av seg alle smykke før ho drog.

Gatesmart: «Det som slo meg, var den nye tonen ho brukte, ei skarpsindig dosering, både freidig og beherska. Der var ho, med munnen flammande av leppestift. Ho fekk Marcello til å tru at ho hadde lagt fortida bak seg, ho fekk Michele til å tru at den utspekulerte arrogansen hans var morosam». Foto: Jan M. Lillebø

Kristin Sørsdal går inn i mørket. Det luktar piss. Boss ligg strøydd, og under føtene singlar det i knust glas. Tunnelen, som markerer grensa til bydelen Gianturco, har tre opningar, akkurat som den i bøkene.

Ein dag i femte klasse skulkar Elena og Lila skulen. Venninnene vil sjå havet, og nokon har sagt at havet ligg bak Vesuv. Dei går gjennom tunnelen for første gong i sitt liv, og då dei kjem ut på andre sida, får dei ei sterk oppleving av å vere frie. «Eg kjende meg lykkeleg i møte med det ukjende», skriv Elena.

Ferrante-feber

I Gianturco fann Sørsdal ikkje berre tunnelen, men også den breie storgata og dei femetasjes murbygningane slik dei er skildra i «Mi briljante venninne». Ho fann kyrkja, der venninnene vart konfirmerte og gjekk på kino.

No sit Sørsdal på trappa utanfor barneskulen der Elena og Lila kunne ha gått. Alt er så stille. Det er sundag og pranzo; familiane er heime og et lunsj. Ho ser seg rundt.

– Det kan hende at Elena Ferrante vaks opp her, seier Sørsdal.

– Er det viktig å vite kor bydelen ligg?

– Ikkje for lesarane, men som omsetjar fekk eg ei aha-oppleving. Gianturco er heilt annleis enn bygardane og smaua inne i byen, der eg først innbilte meg at Elena og Lila budde. Det er så lett å gjere feil.

– Kunne du tenkt deg å møte Elena Ferrante?

– Nei. Eg lurar ikkje på kven ho er.

– Ingen har vel større Ferrante-feber enn du?

– Eg som les kvar bok om og om igjen, minst fem gonger, har absolutt Ferrante-feber!

Danningslitteratur

I fjor stod jenta som vaks opp på Tromøy utanfor Arendal, i ein større bokhandel på Martyr-piazzaen i Napoli. Butikken hadde hengt opp store plakatar av årets store bestseljarar. Elena Ferrante og Karl Ove Knausgård, også han frå Tromøy.

– For meg var det litt sprøtt. Ein viktig forskjell på dei to er at han skriv sjølvbiografisk, ikkje ho, seier Sørsdal.

– Er du så sikker på det?

– Ja. Ferrante er oppteken av fiksjon og av å skrive forteljingar frå Napoli. Det er romankunsten ho er oppteken av, og av litteratur som danning.

Briljante Ferrante: 81-åringen Iola Fortina, som Kristin Sørsdal møter i Gianturco, var lenge overbevist om at barndomsvenninna Maria gøymde seg bak pseudonymet Elena Ferrante. Foto: Jan M. Lillebø

Det ville vere feil å hevde at Sørsdal, som i mange år var aleinemor med viltre tvillinggutar, aldri har hatt det travlare. No er sønene 22 år. Men den norske interessa for Ferrante har gått frå null til hundre så å seie over natta. Fans og forlag kan nesten ikkje få neste bok fort nok.

– Eigentleg er det heilt sprøtt. Det har gått frå den eine

ytterkanten til den andre. Men det er vanskeleg å få folk til å forstå at det tek tid å omsetje kvart ord, kvart komma i bokverket. Av respekt for forfattaren og alt arbeidet som ligg bak, er dette litteratur som treng tid; ikkje serielitteratur som ein tørstar etter å bli ferdig med fortast mogeleg.

Pustar ut på metal-festival

Stabukken fekk ikkje berre den eine, men begge føtene godt innanfor. Sørsdal og Ferrante er ikkje ferdige med kvarandre før i 2017. Bok tre kjem i mars neste år, bok fire i oktober, og når Sørsdal er ferdig med den fjerde og siste i serien, går ho i gang med tre tidlegare Ferranteromanar.

49-åringen bur dels i Italia medan ho omset «Mi briljante venninne»-kvartetten, og har knappe tidsfristar. Av og til har ho vore så sliten at ho berre har hatt lyst til å gråte.

Ti amo: «Eg sa ikkje meir. Eg omfamna han, klemde han inntil meg så hardt eg kunne. Eg hadde lyst til å bli kjærteikna og kyssa over heile kroppen, eg kjende ein trong etter å bli knust, biten, eg ville miste pusten». Foto: Jan M. Lillebø

– Eg som strevde slik med å bli forfattar, og så sit eg her og mistar meg sjølv til Ferrante, har eg tenkt. Men så seier eg «slutt å vere så barnsleg, Kristin, det var jo du som jobba slik for å få dette til!» Sjølv om det nokre gonger er som eit mareritt, er det samtidig veldig frigjerande. Jobbe, jogge, sove, slik er livet mitt no. Når eg føler at eg er altfor «flink pike», reiser eg på metalfestival i Tsjekkia, rett og slett for å gjere opprør.

Kven er Elena Ferrante?

– Du kasta alt du hadde i hendene for å få ein annan forfattar til å skine?

– Eller for å stråle i glansen til ein annan forfattar, fordi eg ikkje får det til sjølv, spør ho retorisk. Og smiler.

– Scusi, har du høyrt om forfattaren Elena Ferrante ...?

Dei få vi møter i sundagsstille Gianturco, ristar på hovudet og går vidare. Utanfor ei av blokkene kjem ei nyfrisert, eldre kvinne mot oss.

– Scusi, vi leitar etter ein forfattar som ...

– Ah! Elena Ferrante, seier Iole Fortina straks og slår hendene saman.

– Då eg var jentunge, budde venninna mi, Maria Ferrante, i andre etasje, seier signora Fortina og peikar.

– Tidleg på 1990-talet las eg debutromanen til Elena Ferrante og såg filmen som kom seinare. Du kan ikkje førestille deg kor overraska eg vart! Eg var overbevist om at forfattaren var mi venninne Maria, og at ho brukte sitt gamle nabolag som ramme! Derfor ringde eg Maria, som no bur i åsen over Napoli. Maria svarte at «fleire har ringt, men eg har ingenting med dei bøkene å gjere! Eg gifta meg og fekk ein skokk ungar».

81-åringen ler og ristar på hovudet.

– Nei, det er ei gåte, heile forfarfattarskapet!

(Utdrag frå bøkene «Mi briljante venninne» og «Historia om det nye namnet» av Elena Ferrante, Samlaget, 2015).