Vinteren 2016: Han slepp ikkje taket, kanskje aldri, aldri slepp han taket.Tankane riv og slit i Ida, ti år etter overfallet i Fredrik Meltzers gate. Ho hadde vore i 14-års-dagen til bestevenninna. Dei hadde mora seg med karaokespelet Sing Star, prata og hatt det kjekt. Berre nokre minutt etter at ho gjekk frå bursdagsfesten dukka han opp.

BURSDAGSFESTEN: Ida Lillebostad (t.v.) var på bursdagsfest og feira venninna Thale Antonsen Holmelid (i midten). Til høgre Viktoria Mellingen Thuen, også ei venninne. Like etter at Ida gjekk frå festen blei ho overfalt. Foto: PRIVAT

Blir ho aldri ferdig med han? Kva liv lever han no, kven er han, kva gjer han? Ho klarer ikkje å la vere. Ein vinterdag i år kikkar ho på Facebook-profilen hans.

Ida ser på bileta, stoggar ved eit ultralydbilete, eit ufødd barn. Skal han bli pappa? spør ho seg sjølv, og veit ikkje kva ho skal tru. Ho var jo sjølv barn, tidleg i tenåra, då han festa kvelartaket, truga henne på livet og valdtok henne – tok frå henne nesten alt.Det gjekk fem år før politiet fann ut kven gjerningsmannen var, sjølv om dei eigentleg hadde han. Det skjedde ei anna liknande valdtekt i same område berre fire månader seinare. Då blei gjerningsmannen teken. Han var den same som valdtok Ida, men politiet såg ikkje samanhengen.Ho visna år for år, gjekk nær til grunne. Kvifor fann ikkje politiet ut av det før? Ida har aldri fått skikkeleg svar.For det serievaldtektsmannen gjorde mot henne, fekk han ein forvaringsdom i tingretten. Forvaring blir brukt overfor personar som er spesielt farlege for andre sitt liv, helse og fridom. Og om det er nærliggjande fare for gjentaking av lovbrotet. Dei sakkunnige påpeika risikoen for nye lovbrot.Men i lagmannsretten blei straffa gjort om til vanleg fengselsstraff.Han sona to år for det han gjorde mot Ida. Ho er ufri.Tanken slepp ikkje. Han slepp ikkje. Det blir vår.Han er her, igjen. Som ei ånd. Som ein vond pust som kjem og går.

DUKKA OPP: I vår dukka fantomteikninga opp att i BT. Teikninga politiet laga etter Ida si skildring av valdtektsmannen i 2006.

Ei venninne ringjer Ida. Spør om alt er vel, og om ho er i lag med nokon. Ho har ei dårleg nyheit å kome med, og vil ikkje at Ida skal vere åleine. Han er i avisa igjen, fortel ho. Fantomteikninga politiet laga på bakgrunn av Ida si skildring for ti år sidan, har dukka opp i BT igjen.«Dømt for tre voldtekter – nå er han tatt igjen», heiter det i overskrifta 10. mai i år. Han som valdtek, igjen og igjen. Sikta for å ha valdteke, for fjerde gong.13 år og seks månader etter det første overfallet.

DET FØRSTE OFFERET: Siren Dyrnes Myrmel klarar seg bra i dag, men meiner systemet har svikta i høve til valdtektsmannen. - Berre for det han gjorde mot Ida burde han aldri ha sloppe ut igjen.

Desember 2002: Inne frå klosettet der ho sit, høyrer Siren Dyrnes Myrmel at det går i ei dør. 18-åringen og venene har opplevd god stemning på Torget Music Pub fire dagar før julaftan i 2002. No er det stengjetid. Folk er på veg ut. Siren må berre eit siste ærend før ho kan gå heim.– Eg er tom for toalettpapir. Unnskyld, kan du hjelpe? spør Siren personen ho høyrer utanfor.Ho får ikkje noko svar. Spør ein gong til. Idet ho bøyer seg ned for å kunne ta imot papiret, smell det. Han sparkar og døra treff Siren hardt i hovudet.

Ho fyk bak i klosettet. Mannen trengjer seg inn til henne, festar eine neven over nasen og munnen hennar, og ber henne halde kjeft. Sinnet kokar i Siren. Ho må tenkje klart, halde hovudet kaldt, men slit med å få puste. Mannen kyssar henne på munnen, mens han held henne fast. Det verkar absurd for henne, som om han trur det er eit reelt foreplay. Ekte og frivillig, liksom. Han held henne fast, stikk fingrane inn i skjeden hennar, medan han gjentek at ho ikkje må skrike. Ikkje må skrike.Siren har aldri sett denne mannen før. Ho oppfattar han som «enkel i hovudet», og er så roleg som ho kan.

– Du er nøydd til å la meg få lov til å puste. Elles funkar ikkje dette, får Siren sagt, før ho spelar med gjerningsmannen. Igjen seier han at ho må love ikkje å skrike.

Ho lovar og han slepp grepet. Siren reiser seg, samlar alt ho har av krefter og pust, smell til han og så skrik ho. Så høgt ho kan. Full av adrenalin hoppar ho på han. «Han skal faen ikkje få sleppe unna», tenkjer ho. Dørvaktene kjem til, og held mannen fast.

I politiforklaringane nektar mannen for alt, seier han hadde drukke, var dårleg og gjekk på dametoalettet sidan det var kø på herrane sitt. Det var funne avtrykk av støvelen hans på utsida av dodøra. Og eit vitne såg han kike over kanten og ned der Siren sat. DNA-analysen talar heller ikkje til hans fordel.Ein månad etter overfallet blir mannen dømt i Midhordland tingrett, for fleire mindre lovbrot. Han sonar ein knapp månad i Sandeid fengsel, frå april til mai. Ute igjen, før valdtektssaka kjem for retten, gjentek historia seg med tjuveri, rusmisbruk, skadeverk, bråk og trugsmål mot to polititenestemenn.

Den arbeidsledige, unge mannen står tiltalt for valdtekt i Bergen tingrett seinhausten 2003, nær eitt år etter overfallet på Siren. Han har ei rotlaus fortid, og berre niårig grunnskule. Den unge mannen flytta heimanfrå første gong som 15–16-åring, og skifta ofte bustad og arbeidsforhold. Ifølgje sakkunnige skal han ha blitt mishandla som barn.No må han sjølv svare for valdtekt.Han nektar framleis for å ha gjort noko mot Siren. Men retten trur han ikkje. Han vinglar. Dei trur på offeret. Dei tekniske bevisa, i tillegg til DNA-prøver, støttar hennar forklaring. Mannen, som no er 22 år gammal, blir funnen skuldig og startar først soninga av fengselsdommen på to år i januar 2005.Overfallet blir i dommen skildra som skremmande og krenkjande.

Overgriparen deltek på førebyggjande livsstils- og rusmeistringsprogram i Bergen fengsel og får positive tilbakemeldingar. Han fungerer greitt sosialt og i høve til oppgåvene han får. Likevel slit han med rusproblem. Behandling eller program knytt til seksualisert vald eller sinne, får han ikkje på dette tidspunktet. Samtidig viser han ikkje forståing for overgrepet han er dømt for. 1. juni 2006 er han fri på prøve.Tre veker seinare stoggar han ei glad, ung jente som er på veg heim til mor i Nygårdsgaten.

Sommaren 2006: Ida Lillebostad er kledd i raude ballerinasko og blomstrete kjole med dongeribukse under. Ho går gjennom Fosswinckels gate. Klokka er halv eitt om natta. Dei hadde så mykje å prate om på bursdagsfesten hos venninna. Det var difor det blei så seint. Juninatta rett før Sankthans er kjølig. Siste skuledag på Rothaugen er over. Sommaren ligg framfor Ida no. Ungdomstida ventar, om berre nokre veker fyller ho sjølv 14 år.Ein mann tek kontakt. Han verkar hyggeleg – i starten. Ser ikkje spesielt rusa ut, ikkje unormal i kroppsspråket heller.– Har du fyr, spør mannen.Han er kledd i raud hettegenser og ein lilla, underleg caps.– Nei, eg røykjer ikkje, svarar Ida.– Så flink du er, det er ikkje bra å røykje.

Ida er van med å treffe på slitne og rusa menneske, anten det er på skulevegen gjennom Nygårdsparken eller i nærbutikken. Dei er menneske, dei òg, er ho oppdregen til. Dei bit ikkje. Ho lyttar til og pratar med alle slags folk. Denne mannen er svært søkjande. Han er oppteken av å bli likt av Ida, og gjer seg stakkarsleg, spelar på empatien hennar. Stel tilliten hennar.– Kor gammal er du? spør han– 13, seier ho.Ho er så fin, smart og moden for alderen, seier han, og fortel vidare at han nett har sloppe ut av fengsel, at han hamna i feil miljø med mykje rus. Han må kvitte seg med dårlege vener og er så einsam.Idas telefon ringjer. Det er mamma. Ho lurer på om ikkje Ida er heime snart? Det er jo berre nokre minutt frå venninna og heim.– Eg er rett oppe i gata, eitt minutt unna.

Augo hans blir hardare, legg Ida merke til. Han ber om at ho ikkje må gå, at ho må prate meir med han, bli med han, den stakkars mannen.– Nei, det er seint, seier ho.Ida prøver å gå frå han. Ho er så nær heimen, men likevel så langt vekke. Han vil at dei skal setje seg på ein benk i Fredrik Meltzers gate, framfor den grå bygarden, inntil rododenronbuskane. Ida tenkjer på ei fluktrute og satsar på å springe frå han.Men han legg jakka si over skuldrene hennar. Held henne fast.

HER SKJEDDE DET: Valdtektsmannen skubba Ida Lillebostad inn mellom rododendronbuskene her.

– Eg må heim, gjentek Ida.Ho prøver å skubbe han vekk frå seg.– Kva vil du med meg, spør ho.Han vil ta på henne. Ho svarer at ho er altfor ung for han.– Eg er berre 13 år, gjentek Ida.

Ho er livredd. Samstundes svirrar tankar i hovudet. Ho tenkjer på utvegar, og spør mannen kva han eigentleg vil gjere med henne? Ida prøver å overtale han til å gje seg, og la henne få gå i fred.– Du øydelegg ikkje berre for meg, men òg for deg sjølv, seier ho til han. Han kjem i fengsel igjen om han ikkje stoggar no.Men Ida når ikkje fram til han.Overfallsmannen held armen stramt rundt halsen hennar. Ho skrik etter hjelp. Han strammar grepet når ho skrik. Ida får vanskar med å puste.Slik ho hugsar det, spør ho:– Har du tenkt å drepe meg når du er ferdig, eller la meg gå?Mannen svarar ifølgje Ida at han er nøydd til å få henne til å halde kjeft.– Ja, eg er nøydd til å drepe deg om du ikkje held kjeft.

Ida prøver å ringje mamma. Han klemmer hardt rundt hendene hennar, ristar telefonen vekk, den landar på asfalten, ligg og blinkar der, medan han krafsar på kroppen hennar, på magen, brystet, under kleda. Han har skubba Ida inn i rododendronbuskane og kommanderer henne til å ta av seg buksa.Ho nektar. Han festar grepet under kjeven på Ida, slik at ho ikkje skal klare å gjere motstand. Ho slepp taket, dreg av seg dongeribuksa og blir liggjande på bakken.Han held eit hardt grep om halsen på Ida, medan han tek henne på kroppen igjen. Kyssar henne. Tek hendene ned i trusa og fingrar inn i skjeden hennar.Ida prøver å kome seg laus, han strammar halsgrepet igjen. Ho frys til. Ventar på augneblikket. Eit sekund slappar han av. Ho kjem seg opp.

Ida spring frå staden. For livet. Alt ho kan. Heimover. Ho spring på sokk og éin bar fot, nedover ein bakke som aldri kjendest så lang før.Ho ringjer på utanfor ein av bygningane i nærleiken. Kvinna slepp ikkje Ida inn, sjølv om ho fortel kva som har skjedd. Vil dei ikkje tru henne? Kvifor er dei redde henne?Ida treffer ein mann.– Herregud, kva har skjedd? spør han og lurer på kor staden var der ho sprang frå valdtektsmannen. Han spring av garde. Ida ser han aldri meir.Nede i Nygårdsgaten treffer ho på to andre menn, dei ringjer politiet. Like etter kjem mamma imot Ida. Ho har skjønt at noko er gale.Ida har ikkje lenger kjensle i fotsolen. På halsen har ho store merke. Ida vil ikkje la mamma omfamne henne. Ho vil ikkje bli tatt på av nokon.

Politiet kjem. Ida blir køyrt til sjukehuset, der dei ringjer for å vekke ein barnelege midt på natta. Ida sit lenge og ventar. Barnelegen kjem og spør om Ida har hatt menstruasjon før. Det har ho. Då må ho ha ein annan lege. Ein eldre herre gjer den gynekologiske undersøkinga. Ida synest det er vanskeleg, ein ny mann, nett no, til denne ubehagelege undersøkinga.Etterpå får ho med seg sovetablettar heim.Valdtektsmannen har stukke av i den lyse juninatta.Ida forklarar politiet så godt ho kan, korleis han såg ut. Dei lagar ei fantomteikning. Men finn han ikkje. Skal dei ikkje klare å ta han?

Ida Lillebostad bles ut 14 lys på blautkaka. Tre veker etter det brutale overfallet feirar ho sin eigen bursdag. Tilsynelatande går ting greitt. I tida rett etter valdtekta får ho tilbod om hjelp, men takkar nei til det meste. Ida føler ho ikkje treng hjelpa den første tida. Ho fornektar eigentleg at noko plager henne. Gradvis mister ho konsentrasjon. Vanskane skal kome til å snike seg på, og overmanne henne.Ein stad der ute går Idas valdtektsmann fri.Sidan han framleis er ute på prøve, har han møteplikt og samtalar hos friomsorgskontoret. Han møter fem gonger frå juni fram til 18. august, utan at løyndomen han ber på blir avslørt.«... i friomsorgens samtaler med han i møtepliktperioden møtte vi en positiv og optimistisk mann ...,» heiter det.Hovudføremålet med møteplikt er å hindre tilbakefall.Mannens sosiale liv er prega av rusbruk. Han er i arbeid som målar. Om hausten vert han kasta ut av leilegheita og bur hos mora. Han er ikkje blitt kalla inn til samtalar hos friomsorgen sidan august, sidan saksbehandlaren har vore på ferie.13. oktober skulle neste møte finne stad. Natt til den 13. slår han til igjen.Fire månader etter valdtekta mot Ida – i nesten same nabolag som der han valdtok henne – går han laus på ei tredje kvinne.

DET TREDJE OFFERET: Tine (35), som vi kallar henne i denne historia. Ti år etter valdtekta er ho framleis bekymra for om mannen skal dukke opp att. Ho vil vere anonym.

Oktober 2006: Tine går åleine heim frå Zachariasbryggen til bygarden i Daniel Hansens gate på Nedre Nygård klokka to om natta. Den nyutdanna sjukepleiaren har vore på byen og festa med ei venninne. Det neste ho hugsar er at ho ligg fullt påkledd i senga si, med ein mann over seg. Ein mann ho aldri før har sett.Korleis ho hamna som fange av ein valdtektsforbrytar på eige soverom, er eit svart hol i minnet hennar. Tine veit ikkje korleis mannen klarte å ta seg inn på soverommet. Kanskje gjekk han etter henne frå byen.Ho skjønar med ein gong kva han vil, får panikk og kjempar imot med slag og spark. Tine slåst med alt ho har av krefter. Slåst til ho blir utmatta. Skrik det ho maktar.– Hald kjeft! seier han fleire gonger til henne.

Ho prøver å klore han i ansiktet og trykkje han i augo med fingrane. Då grip han tommelen hennar og bit, medan han festar eit hardt kvelartak på henne, så hardt og langvarig at Tine trur han vil drepe. Ho kjenner seg slappare og slappare, er så redd for å døy at ho ikkje yter motstand.

Etter slåstkampen med overfallsmannen, fokuserer Tine fullt og heilt på å overleve. I hennar hovud er to ting viktig: Ikkje å provosere fram fleire kvelartak og å planleggje flukt.I fleire timar tenkjer ho på korleis ho skal kome seg unna, utan å utsetje venninna ho deler leilegheit med for same fare. Tine koplar ut kroppen og det som skjer med den.Valdtektsmannen kommanderer henne til å ta av seg kleda, tvingar til seg samleie, før han ber henne liggje i armkroken og prate. Han seier han har vanskar med forhold, men at han likar Tine. Ho prøver å gjere han til lags, sympatisere med han, slik at han ikkje blir valdeleg igjen. Ho fortel litt om seg sjølv, og ber han om ikkje å halde henne om halsen igjen. Tine spør om lov til å gå på toalettet, og augnar eit høve til å kome seg vekk og fri.Mellom soveromma i leilegheita er det ein gang og ei stove. Men venninna søv med låst dør og øyreproppar. Tine vågar ikkje å støye med å trengje seg inn, ho er redd valdtektsmannen då kjem etter og tek venninna òg.Ho går tilbake til sitt eige soverom, for å skape seg ein stad der ho har «lov» til å bevege seg, og slik halde ved like tillit frå valdtektsmannen, slik at han ikkje går laus på venninna.

FANGA HER: Her i ei leilegheit i Daniel Hansens gate var Tine fanga på sitt eige soverom i fleire timar med ein valdtektsmann.

Inne på soverommet blir Tine valdteken igjen. Ho føler han trugar henne med nye kvelartak, ved å leggje handa på halsen. Klokka er nærare seks på morgonkvisten då ho ber om å få gå på toalettet igjen. Venninna er vaken no, sidan ho skal tidleg på jobb. Tine får varsla. Dei låser seg inn på venninna sitt soverom og ringjer politiet. Dei høyrer han romsterer i stova. Tine held pusten. Ho føler hjartet banke så hardt at det er i ferd med å sprengje seg ut av brystet.– No hoppar vi ut vindauget, seier ho.Men han kjem ikkje. Finn dei ikkje.Soverommet er prega av kamp då politiet kjem. Senga er trekt halvvegs ut frå veggen, ei blomsterpotte ligg knust på golvet. Tine skjelv og gret. Ho har eit kraftig merke i tommelen, blåveis over det høgre auget og bløding i munnslimhinna.Valdtektsmannen blir teken utanfor leilegheita og varetektsfengsla. Med seg har han kameraet og førarkortet til Tine. Ho blir køyrt rett til valdtektsmottaket, og deretter vidare til politiet.Ved personundersøkinga i fengselet seinhausten 2006 verkar valdtektsmannen psykisk nedbroten, utan å ville gå nærare inn i verken fortid eller framtid. Han vil ikkje ha fleire samtalar.

Våren 2007: Han står tiltalt for valdtekt for andre gong. Mannen seier han hadde drukke alkohol og brukt hasj og hugsar berre delvis. Han hevdar han må ha kome i snakk med Tine på gata, og at han var saman med henne då ho låste seg inn i leilegheita. Han vedgår seksuell omgang med Tine, men hevdar det skjedde frivillig etter «kort tids flørting».Retten trur han ikkje, ikkje denne gongen heller, og meiner valdtekta blei utført på ein «skremmende, brutal og krenkende måte». Det skjerpar straffa at han er dømt for valdtekt tidlegare. Begge tilfella reknar dei som overfall. Begge gonger har han vore rusa. Valdtekta mot Tine er gjort i prøvetida. Retten finn ikkje noko formildande. Spørsmålet er om tidsbestemt fengselsstraff er nok vern for samfunnet, eller om forvaring må til, slik aktor påstår.I dommen refererer dei til friomsorgen:«... dersom han skulle bli dømt på ny, synes hans lovbrudd å kunne være knyttet til hans ubearbeidede forhold til kombinasjonen kvinner/seksualitet/vold, kombinert med rusmidler. Hvor mye innsikt han selv har i disse er vanskelig å si. I ettertid kan en tenke at friomsorgen burde fokusert mer på disse samtalene knyttet til møteplikten...»Retten meiner det er gjentakingsfare og kjem «under en viss tvil» fram til at det er grunnlag for ein forvaringsdom med ei ramme på fem år.

Åra 2007 til 2011: Valdtektsmannen sit inne. Men Ida veit ikkje at han sit i forvaring for ei anna overfallsvaldtekt gjort berre månader etter at han valdtok henne. For saka hennar er uoppklart.I hennar verd er han framleis der ute ein stad.Han slepp ikkje taket. Valdtektsmannen.Ho har ei sterk trong til å endre utsjånad, farge håret, slik at han ikkje kjenner henne igjen. Og ho står opp klokka fire om natta for å kome seg på skulen tidsnok. 9. og 10. klasse blir tøffe år med mykje fråvær.Ho er manisk og spent, etter kvart utagerande, og eksperimenterer med alkohol. Ida hyperventilerer brått, kjenner prikking i kroppen.Ho er fanga. Han er fri.Ida veit ikkje at han sonar ei straff, veit ikkje at han er ute på permisjonar, jula 2009, jula 2010, at han bryt vilkåret om rusforbod, at han under julefeiring heime hjå mora blir overstadig rusa og lagar bråk.Men Ida blir stadig minna om valdtektsmannen. Når nokon kjem nær med ein ånde som stinkar alkohol, så er han der igjen. Valdtektsmannen lukta sterkt av alkohol då han tvinga seg til kysset.Dunsten av han, vil den nokon gong forsvinne?Ida kranglar med mora, og med lærarar. Nokre viser forståing, andre blir frustrerte over henne. Ida er ikkje til stades. Ho er full av angst, deprimert og nærast apatisk. Ho sovnar i timane. Før overfallet hadde ho gode karakterar, no har ho nok med å møte opp.

Ida har smerter i magen. Frys mykje. Kroppen står i heilspenn. Ida går til behandling på barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling på Haukeland tre-fire gonger i månaden. Ida føler at psykologane ikkje får heilt tak på det ho slit med. Ho forvitrar framfor augo deira.Ida blir 17, det blir teke meir tak i problema når ho er på vidaregåande, der ho har kome inn på særskilt grunnlag. Ifølgje Ida ber ein lærar om at ho må få fart på seg, noko ho opplever som mobbing. For Ida er det ikkje så lett å skrike det ut:– Hei du, eg har angst!Ein psykolog kjem på skulen og har samtale med lærarar, prøver å forklare om posttraumatisk stressliding, kjend som PTSD, ein psykisk skade som mellom andre mange soldatar slit med. Psykologen rår Ida til å skifte klasse.Ida føler ho ikkje fortener noko. Alt ho er glad i, som ho synest er hyggeleg og fint med livet, musikk, filmar, tv-seriar, vener, alt kuttar ho ut. Livsgneisten forsvinn. Ho sluttar å ete. Helsesøster sender brev til legen. Ida får behandling for depresjon. På det minste veg ho 35 kilo. Det er som om ho så vidt er i live.Sommaren etter 2. klasse på vidaregåande, blir ho lagt inn på psykiatrisk avdeling, frivillig. I 3. klasse er ho 50 prosent sjukmeld. Ho tek eit år ekstra på vidaregåande. Sakte er ho i ferd med å finne attende til livet. Til seg sjølv. Det er snart fem år sidan det skjedde no. Så dukkar han opp igjen.Politiet ser ein samanheng. «Slik ble voldtektsmysteriet løst», skriv BT.

Ei kvinne på 80 år blir overfallen og valdteken i Veiten hausten 2010. På nyåret i 2011 ser ein krimteknikar i politiet på andre uoppklara saker for å finne gjerningsmannen. DNA frå ei valdtekt i 1996 passar med DNA-funn i Veiten-saka. Dei har han. Kan han stå bak i fleire andre uløyste saker, som valdtekta mot Ida Lillebostad i Fredriks Meltzers gate i juni 2006?Etterforskaren får ikkje klaff, men ser at framgangsmåten til valdtektsmannen i Ida-saka stemmer med handlemåten til ein annan mann som sit fengsla og har to overfallsvaldteker på rullebladet. Dei sjekkar DNA-profilen hans mot DNA-materialet frå Ida sin overfallsmann. Klaff.Under avhøyr tilstår han uoppfordra å ha valdteke Ida.«Skjønte aldri at same mann sto bak», melder BT i februar 2011 og: «Han slo til i same nabolag, fremsto som stakkarslig og slo til om natten. Likevel koblet ikke politiet de to sakene.»– Vi skulle ha avslørt mannen tidlegare. Vi må no gå gjennom etterforskinga og sjå kvifor vi ikke klarte dette, seier politiførstebetjent Jens Ekmann i BT i 2011.Fem år seinare, når BT kontaktar Ekmann på ny om saka, er han pensjonert og viser oss difor vidare.

KOM SEG LAUS: Ida Lillebostad klarte å stikke av frå overfallsmannen her ved desse buskene i Fredrik Meltzers gate for ti år sidan, men i åra etter ville han likevel ikkje sleppe taket. Ville det vore annleis om politiet tok han?

Hausten 2011: Idas vekt er ikkje lenger farleg låg. Ho går på sterkaste dose «lykkepiller» og kjenner seg friskare enn på lenge – før valdtektssaka kjem opp i tingretten hausten 2011.Denne gongen er sakkunnige, psykiater og psykologspesialist, til stades for å vurdere mannen som no er valdtektstiltalt for tredje gong. Ti vitne forklarar seg. Han vedgår valdtekt, og at han prøvde å oppnå samleie med henne. Retten festar ikkje lit til det han seier om at han trudde ho var 17–18 år.Eit foto viser Ida som ei spedbygd, lita jente.«Det må reageres strengt mot et så alvorlig seksuallovbrudd – forsøk på voldtekt til samleie ...», heiter det i dommen.Kvelartaka var skremmande. Ida var redd for å døy. Dei alvorlege skadeverknadane for Ida i desse fem åra etter blir framheva.Forvaringstida har nyleg gått ut. Påtalemakta vil forlengje. Dei meiner det er nærliggjande fare for at han vil gjere eit liknande lovbrot igjen.

Mannen har teke utdanning i fengselet, og har planar om å ta fagbrev som målar. Han har vore innsett på Ila og kome attende til Bergen fengsel. Han har gjennomført kurs i stressmeistring, alternativ til vald og gått 54 timar i behandling hos Institutt for Klinisk Sexologi og Terapi. I tillegg har han vore gjennom samtalar om rusvanskane. I Bergen fengsel har forvaringa vore i open avdeling med lågare tryggleiksnivå.Valdtektsmannen skuldar på vanskar i oppveksten.– Eg skammar meg. Eg har øydelagt veldig mykje av livet hennar, seier han i retten. Han seier han angrar og at det ikkje vil skje igjen.Retten er redd for at gjerningsmannens forklaringar er prega av verbale utsegn utan djupare og reell forståing.«... slik innsikt er sentral for å opparbeide sperre mot nye overgrep ...»

Dei sakkunnige trur han ikkje, og meiner det er risiko for at han er seksualisert valdeleg i framtida òg. Dei blir styrkja i vurderinga av å følgje rettssaka. Mannen får diagnosar:

  • «Emosjonell ustabil personlighetsforstyrrelse, bordline type (...) sårbarhet for opplevd avvisning, sinneutbrudd (...) Med bakgrunn i observandens antisosiale handlinger og holdning og hans egosentriske narsissistiske trekk, så vurderes han likevel ikke å ha klart psykopatiske trekk (...)»

  • «Dyssosial personlighetsforstyrrelse,» meiner dei sakkunnige og seier mannen manglar evne til å føle skuld eller la seg påverke av erfaringar, inklusiv straff.

  • Sidan ungdommen har han drukke store mengder alkohol, og slik endra personlegdom, køyrt rusa og blitt teken for lausgjengeri. Rusvanskane er omfattande og skadelege.

  • Dei sakkunnige påpeikar ei rad risikofaktorar i høve til seksualisert vald og at mannen har «problemer med hensyn til å profittere på behandling.»

Bergen tingrett fastslår at det er fare for nye alvorlege seksuallovbrot og forlengjar forvaringa med to år. Sakkunnige konkluderer med at han treng behandling i fleire år framover, noko retten sluttar seg til.Avgjerda i tingretten blir ikkje ståande.

«Slapp forvaring i hemmelig dom,» skriv BA 17. mai 2013. Ifølgje avisa har han besøkt ein kjærast tidlegare på året og slått henne, slik at ho hamna på legevakta. Han blir tiltalt, tilstår og nokre månader seinare dømt til 60 dagar fengsel. Valdtektsmannen er ute igjen. I open soning, etter å ha anka forvaringsdommen til lagmannsretten. Men avgjerda om å gje han tidsavgrensa straff framfor forvaring har ikkje vore offentleg.Gulating lagmannsrett offentleggjer dommen frå ankebehandlinga då BA blir kjent med saka og ber om innsyn.Lagmannsretten viser til den fulle tilståinga domfelte gav for valdtekta mot Ida. Det blir påpeika at valdtekta skjedde før straffenivået blei skjerpa gjennom ny rettspraksis og lovgiving. Vidare meiner retten at det må bety noko at dommen gjeld eit lovbrot gjort før det som var omfatta av 2007-dommen.Det vil vere meir enn sju år sidan siste valdtekt, om han blir lauslaten hausten 2013, og domfelte vil truleg ha fullført fagbrev innan målarfaget, blir det framheva.Dei sakkunnige held i hovudtrekk på konklusjonen frå tingretten om risiko for seksualisert vald i framtida. Men lagmannsretten viser mellom anna til behandlinga han har fått i fleire omgangar hos psykolog. Dei nemner at det er vanskeleg å vite i kor stor grad domfelte vil gjere seg nytte av innsikta han har fått. Men:«Han må antas å ha modnet noe på den lange tid han har vært helt eller for det meste frihetsberøvet.»Sjølv om det finst «klart bekymringsfulle trekk» meiner retten at det no er reell tvil om vilkåret for forvaring er oppfylt.Straffa blir sett til to år i fengsel.Hausten 2013 er serievaldtektsforbrytaren ein fri mann.

Våren 2016 blir han teken igjen, 7. mai, i ei leilegheit i Bergen, sikta for å ha valdteke ei kvinne i 20-åra. Ho skal ha sove. Politiet finn undertøyet til både han og kvinna på staden. Mannen er no blitt 34 år. Han er blitt far til eit barn. Sidan sist han var i fengsel, er han bøtelagt med 10.000 kroner for eit mindre narkotikalovbrot og brot på vegtrafikklova.No risikerer han noko langt meir alvorleg, sin fjerde valdtektstiltale.34-åringen innrømmer å ha gitt den unge kvinna Rivotril, eit muskelavslappande, roande og angstdempande middel, men og eit middel som er knytt til overgrepssaker, med ein verknad som kan sløve ned og gjere brukarar søvnige og likeglade. Stoffet blir rekna som narkotika, om det ikkje er til medisinsk bruk.Mannen nektar først for å ha hatt samleie med kvinna. Men seinare kjem han til å endre forklaring, innrømme samleie, men nekte straffskuld.Fantomteikninga er tilbake i nyheitsbiletet. Sår blir rivne opp, vonde kjensler vekte til live hos kvinnene han har valdteke før. Dei blir sinte og redde. No, hausten 2016, vil dei seie tydeleg ifrå.

DET FØRSTE OFFERET: Siren Dyrnes Myrmel klarar seg bra i dag, men meiner systemet har svikta i høve til valdtektsmannen. - Berre for det han gjorde mot Ida burde han aldri ha sloppe ut igjen.

Siren Dyrnes Myrmel: – Gud, han er sjuk! Denne mannen er som dei verste forbrytarane i krimseriane, slik ugjerningane eskalerer, seier Siren Dyrnes Myrmel, den første som valdtektsmannen gjekk laus på for 14 år sidan.Siren føler avsky over at han er sikta på ny. Ho fattar ikkje at det kunne skje. Slepp han ut igjen no, så vil ho ikkje vere passiv og teie.– Då går eg ut med namnet.Siren tenkjer mykje på Ida Lillebostad, den yngste i rekkja av offer. Siren meiner det han gjorde mot henne då ho var 13, er nok til at han aldri burde sloppe ut igjen.– Den mannen bør aldri kome nær kvinner igjen.Eit dokkehus står i stovehjørnet. Leikar ligg strødde på golvet. Siren er åleinemor for ei jente på to og eit halvt år. Ho er utdanna kokk og i full jobb på ein butikk som sel økologisk mat. Siren kom seg gjennom sjokket og overfallet utan alvorlege seinskadar. Ho fekk ikkje hjelp etterpå, ikkje oppsøkte ho det heller. Ein kvinneleg akupunktør ho gjekk til for andre plager, blei til stor hjelp. Med henne kunne Siren prate om alt.Siren følte ho takla situasjonen, men trur det hadde vore langt verre, om ho ikkje hadde kome seg laus, om valdtektsmannen hadde klart å tvinge seg til samleie.

Valdtekta gjekk hardt inn på familien hennar. Mora var lenge redd Siren skulle få ein forseinka posttraumatisk stressreaksjon. Siren var open frå første stund, har aldri fornekta det som hende. Ho har heller ikkje skamma seg. Det er ein viktig grunn til at ho meistrar livet, trur ho.Siren ser ikkje seg sjølv som offer og vil ikkje la overgriparen definere henne. Etter det som skjedde ville ho leve som før, gjekk på byen og tusla aleine heim att om natta.– Det som er tabu, er å vere overgripar. Dei vågar jo ikkje stå fram og vedgå kva dei har gjort.Lenge etter overfallet, sjekka ho alltid utgangen i romma ho gjekk inn i. Nyleg blei det meldt om ei valdtekt ikkje langt unna der Siren bur. Det sette ein støkk i henne.– Klarar du å stole på folk?– Dei er jo her, seier Siren, smiler og kikar mot gjestene.Ved stovebordet sit to portugisiske Airbnb-gjester og et.

MOR: Siren er i dag mor til ei dotter på to og eit halvt år. – Når ho blir gammal nok, skal ho få vite kva som skjedde med meg.

Siren vil at samfunnet skal satse meir på førebygging. Det er hos gutar ein må begynne og ha skarpast fokus, meiner ho, tidleg, alt i barnehage og skule. Ungane må få lære om eigen kropp og respekten for andre, om grenser og kva seksualitet er. Siren trur overgrep og krenking er meir utbreidd enn dei fleste er klar over.– Spør du ti jenter, vil dei aller fleste ha opplevd noko ubehageleg.Etter at ho sjølv blei mor til ei dotter, er det noko ho tenkjer mykje på. Siren vil sende dottera på sjølvforsvarskurs når ho blir større.– Og når ho blir gammal nok, skal ho få vite kva som skjedde med meg.Når Siren fortel at ho allereie har snakka med dottera om at ingen andre skal ta på tissen hennar, om at ho bestemmer over eigen kropp, kjem tårene.

I vår sprakk nyheita om fleire valdtekter i ein barnehage i Bergen. Så fekk Siren melding om at det gjaldt barnehagen dottera går i. Det gjekk eit døger før ho fekk avklart at dottera ikkje var ramma. Offera var gutar. Det var ei lette, men veldige kjensler velta i henne.Siren tenkjer på dei andre kvinnene som enno ikkje har stått fram.– Om dei treng nokon å snakke med, så ring meg, seier Siren.

ANONYM: Tine er merkt for livet etter valdtekta. – Eg har framleis arr i tommelen frå då han beit meg, seier ho.

Tine: Ho held fram handa. Det er noko ho vil vise oss. På eit advokatkontor i Bergen sentrum fortel Tine for første gong om sitt møte med valdtektsmannen og livet etter. Det er ti år sidan haustnatta ho var fanga og blei valdteken på sitt eige soverom då ho budde i Daniels Hansens gate.Eit merke går aldri vekk.– Eg har framleis arr i tommelen etter at han beit meg.Kvinna midt i 30-åra er lågmælt og roleg, men sperrar augo opp når ho snakkar om han. Om han som festa kvelartaket på henne og valdtok på det som skal vere den tryggaste staden på jorda, soverommet. Om sjokket då ho las om at ei fjerde kvinne har meldt frå om ei ny valdtekt.– Eg blei fysisk uvel. Sint. Forferdeleg lei meg på denne unge kvinna sine vegner, for at dette skulle skje enda ein gong. Kvifor er han ute igjen? spør Tine.Bistandsadvokaten frå då saka var oppe for retten i 2007, Line Hvidsten Ingebrigtsen, sit ved sidan av Tine som støtte.– Han får jo berre halde fram, kjennest det som, heile vegen. Kvar gong han er ute, så gjer han noko, seier Tine.– Det er respektlaust overfor alle offera og andre kvinner at hans rettstryggleik er i forsetet og ikkje deira, seier advokaten.– Ja, han er notorisk. Livsfarleg, seier Tine.

VANLEG LIV: Tine jobbar som spesialsjukepleiar og er tobarnsmor i dag. – Utvendig ber eg ikkje preg av det eg har opplevd, seier ho.

Tine tok imot hjelp med ein gong. Mellom anna gjekk ho til Senter for krisepsykologi. Vener og familie stilte opp. Berre få veker etter valdtekta, kom ho i jobb. Det har vore til god hjelp å jobbe og ta vidareutdanning. Men det gjekk ei stund før ho våga å gå nokon stad åleine – som på jobb eller på tur. Framleis vil ho helst ha nokon rundt seg.Tine er gift og har to døtrer i barnehagealder. Ho lever eit normalt liv.– På utsida ber eg ikkje preg av det eg har opplevd.Tine fortel si historie for å stå saman med dei andre kvinnene som er utsette for serievaldtektsmannen. I håp om at historia ikkje gjentek seg. Tine har til no berre delt historia si med dei næraste. Ho vil vere privat. Difor vil ho vere anonym. Dessutan, ho er framleis redd for at han skal dukke opp att.Redd han skal stå på døra hennar når dei pussar opp huset, for han er jo handverkar og har jobba i bydelen ho bur i. Og ho er redd han brått dukkar opp som pasient der ho jobbar som spesialsjukepleiar.

Tine har fått beskjed kvar gong han har sloppe ut av fengsel, og kvar gong har frykta meldt seg for at han brått skal stå der framfor henne. Ho veit at hendinga aldri vil forsvinne.– Han tok med seg førarkortet og fotoapparatet mitt. Eg var livredd. I ettertid tenkte eg: «Kvifor gjorde han dette, ville han oppsøkje meg igjen?»Tine er merka av at han tok kvelartak, om nokon kjem nær halsen, så kjenner ho ubehag.– Eg trudde han skulle drepe meg då han heldt meg fast.Tine blir stille. Lenge.– Det sit i, seier ho.Men det plager henne ikkje dagleg.– Eg har klart å skubbe det vekk.Det som gav Tine tryggleik, var at gjerningsmannen blei teken umiddelbart. At han blei plassert bak lås og slå, lenge.Advokaten hennar seier mange valdtektsoffer fortel at dei er frykteleg redde for å treffe valdtektsmannen igjen, om han ikkje er teken eller slepp ut att. Ho meiner etterforskinga ofte tek for lang tid og har for dårleg kvalitet, på grunn av mangel på kunnskap og engasjement.– Men i ditt tilfelle fekk politiet servert alt på eit fat, påpeikar advokaten.– Om valdtektsmannen hadde gått fri, ville eg fått store vanskar, seier Tine.Slik som Ida Lillebostad fekk.

Ida Lillebostad: Ho kjem syklande frå Sogn Jord- og Hagebruksskule. 24-åringen tek oss med på økologisk kafé i Aurland, bygda mellom stupbratte fjell og fjord. Ho fortel at ho har vore hos legen i dag. Ida har vondt i magen igjen. Blei vekt av sterke smerter om natta.Ho føler det er ei fysisk plage. Legen meiner det er angst. Ho kan nesten ikkje tru det – ti år etter.Kan det vere overfallet og valdtekta som plager henne enno?Ida gjekk på folkehøgskule etter å ha kjempa seg gjennom vidaregåande på fire år. Ho segla ut i verda med Statsraad Lemkuhl, vekk frå ein alvorleg depresjon. Ho byrja på endå ein folkehøgskule, kjøpte seglbåt, segla endå meir. Det var mykje å ta att, så mykje å oppleve og lære.Lære å leve.På folkehøgskule lærte ho sosiale spelereglar ho ikkje hadde fått med seg i åra ho sleit som mest. Attende i Bergen prøvde ho å ta matte og kjemi for å kome inn på biologi. Men ho fekk ikkje heilt til den forma for læring, å gjere alt åleine.No er ho her, i Aurland. I bygda er det ro, små tilhøve og jord og hagebruk, eit givande studium – sjølv om det ikkje er agronom ho trur ho vil bli.– Det er nesten utruleg å tenkje på kor langt nede eg har vore, seier Ida.

Fleire gonger så langt nede at ho tenkte på å avslutte livet. Mora hennar har og slite, vore sjukmeld. Dei har opplevd inntektstap og tap av sosialt liv. Ein periode vurderte Ida privat søksmål. 150.000 i valdsoffererstatning var det ho fekk. Det rakk ikkje langt med tanke på alt ho tapte.Ungdomstid, tryggleik, vener, kjærleik. Alt blei teke frå henne.Isolert sett synest Ida gjerningsmannen fekk svært lite straff for det han gjorde mot henne, i alle fall i høve til korleis ho har hatt det.– Valdtekta var mitt første møte med seksualiteten. Det øydela så mykje.Ida har vore innom «heile behandlingsapparatet» og hatt gode ressursar rundt seg. Mora har hjelpt henne mykje. Ho vil lære seg eit normalt liv, at ho ikkje kan bruke ein heil dag på å ete frukost før ho kjem seg ut døra. Ida er budd på at ikkje alle kjenner til eller forstår kva ho har vore gjennom. Ho skundar seg langsamt.No ber ho på ein lengt etter å vere viktig for andre.I mange år var nærleik frå andre og ein sår lengt for Ida. Men ho var traumatisert, og fekk det ikkje til, verken i hovud eller kropp.– Det var psykisk smertefullt og skurra i kroppen. Som om både hovud og kropp hadde sett opp ein forsvarsmur.No har ho fått ein kjærast, den første sidan ho blei sjuk etter valdtekta. Det har kravd tid og tolmod. Men Ida er sterkare no, og føler ho er i ferd med å vinne livet tilbake.– Men på ein måte tok han livet av noko i meg den gongen.Om alt kan reparerast, om han ein dag slepp heilt taket, veit ho ikkje. Ida veit ikkje om skadeverknadane kunne vore mindre heller, om det ikkje hadde gått fem år før valdtektssaka blei oppklart.

STUDENT: Ida Lillebostad har hatt eit vanskeleg liv etter valdtekta i 2006. I Aurland får ho ro.

– Ideelt sett burde vi ha funne gjerningsmannen og kopla dei to valdtektssakene frå 2006 før. Krimteknisk gjorde systematisk søk i ei anna sak og fekk treff, seier politiinspektør Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt.Ifølgje Fløystad stogga etterforskinga av valdtekta mot Ida i oktober 2006, rett før serievaldtektsforbrytaren slo til igjen – i same område på liknande vis. Politiinspektøren forklarer det slik:– Det kan sjå ut som om etterforskarane har hatt så mykje å gjere at dei gjekk rett på neste sak, og at dei ikkje løfta blikket og såg samanhengen mellom desse to sakene, seier Fløystad.– Ida gjekk nærast til grunne dei fem første åra etter valdtekta. Kva tenkjer du om det?– Det er forferdeleg trist.

Kvinnene serievaldtektsmannen er dømt for å ha valdteke spør seg alle: No er han sikta igjen, korleis kunne det skje? Hadde ikkje dei sakkunnige i tingretten vore tydelege på risiko for nye lovbrot?Rune Voll var lagdommar og administrator då Gulating lagmannsrett behandla ankesaka i 2012. Han vil ikkje kommentere avgjerda om å gje den dømte serievaldtektsmannen tidsbestemt fengselsstraff.«Jeg kommenterer aldri avgjørelser der jeg har deltatt som dommer», skriv han i ein e-post.No ventar den fjerde kvinna på avgjerda i si sak. Mannen sit i varektekt, sikta for å ha valteke henne.Ho opplever det som ei stor belastning å vente.

Kvinna i 20-åra orkar ikkje å snakke med oss. Bistandsadvokaten hennar, Ingrid Aksnes, seier valdtektssaka er «svært alvorleg og tragisk» og «ekstra vond» med tanke på historikken, med ein sikta som er domfelt fleire gonger før. Ho skriv til BT:«En må stille seg spørsmålet om en kunne unngått at min klient havnet i den situasjonen hun er i dag, dersom tidligere saker hadde vært håndtert på en annen måte.»BT har under arbeidet med denne historia gjentekne gonger prøvd å høyre gjerningsmannen si side. Han har takka nei.Ei av dei tre kvinnene som fortel si historie har vi gitt det fiktive namnet Tine, sidan ho vil vere anonym.