Eldsjela Einar (80) skulle blåse liv i Laksevågløpet etter tolv år. Så hamna han på sjukehus.

I generasjonar har Einar Skjerping vore der for Laksevåg Turn og Idrettslag.

HASTVERK: Ein infeksjon slo han ut på slutten av pinsehelga. No håpar Einar Skjerping å koma seg ut av sjukesenga i tide til å rekka Laksevågløpet laurdag.  Foto: Ørjan Deisz

Utsynet er vidt og fint over byen. Like til Laksevåg er det råd å sjå frå infeksjonspost vest i 7. etasje på Haukeland sjukehus.