Helge Brekke (77) er på rekordjakt. Her er hans råd til sofagrisane.

– Eg skal ta den rekorden, om eg så må ha rullator og privatlag.

IKKJE NOKO DILL: Mangeårig rektor Helge Brekke har alltid likt å trene. Han har eit råd til dagens skuleleiarar: – Eg meiner at gymtimane i skulen må utnyttast betre. Der er det for mykje dill i dag, seier han.  Foto: Marita Aarekol

Han hostar og harkar, men det skuldast ikkje dårleg form. Trass i astmaplagene susar Helge Brekke (77) forbi langt yngre mosjonistar i Brekkeløypa i Knarvik.