Over parkeringsplassen bak i biletet skal barn kasta spyd. Det får friidretten til å frykta for tryggleiken.

– Spyd kan treffa menneske, seier Jarle Iversen i IL Fri.

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Haakon L. Aarø og Jarle Iversen er bekymra for kåra til friidretten dersom det kjem kunstgras på fotballbana. – Me vil kjempa med nebb og klør for at dette skal verta så bra som mogeleg, seier Aarø.  Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Det er vindstille i Arna idrettspark, slik det vanlegvis er med dei beskyttande fjella som ligg rundt stadion. Forholda er vanlegvis gode her for både fotball og friidrett, dei to idrettsgreinene som høyrer heime på den flotte, kommunale arenaen til 80 millionar kroner.