Han er klar for å trena Øygarden FK

– Det ville ha overraska meg om dei ikkje vil ha meg med på reisa, seier Steffen Landro.

KLAR: Steffen Landro ønskjer å halda fram som trenar sjølv om Nest-Sotra vert erstatta av Øygarden FK.  Foto: Paul S. Amundsen

Saken oppdateres.

Det ligg an til at Nest-Sotra vert erstatta av den nye klubben Øygarden FK frå og med neste sesong. Trenar Steffen Landro er klar for å vera med vidare.

– Det ville vore overraskande om dei ikkje vil ha meg med på reisa. Eg er veldig motivert for å vera med vidare, seier Steffen Landro.

Trenaren har kontrakt med Nest-Sotra ut 2020-sesongen. Om Øygarden FK overtek Nest-Sotra sin plass i seriesystemet – 1. divisjon slik det ser ut no – tek dei også over tilsetjingsforholdet til Landro. I tillegg til dei spelarane som har kontrakt ut over dette året.

– Tilsetjingsforholdet vil halda fram i den nye klubben. Det er prinsippet som gjeld når ein overfører lisensen frå den eine klubben til den andre, seier Toralf Rugland, nestleiar i Øygarden FK. Han er også nestleiar i Nest-Sotra.

PÅ KONTORET: Steffen Landro på kontoret saman med hjelpetrenar John Andreas Husøy.  Foto: Silje Katrine Robinson

Tre år med suksess

Dette er den tredje sesongen Landro er trenar for Nest-Sotra åleine. Før det delte han trenaransvaret med Ruben Hetlevik. I sin første sesong vann han 2. divisjon. I fjor vart det 6.-plass i 1. divisjon og kvalifiseringsspel om opprykk til Eliteserien. Så langt i år ligg Nest-Sotra på 8.-plass.

– Alle veit at eg er ein mann med ambisjonar. Om den nye klubben vil opp og fram, så vil eg definitivt vera med på det, seier Landro.

– Har du andre tilbod, med tanke på at det går såpass bra med Nest-Sotra?

– Foreløpig ingenting. Så får me sjå om det endrar seg. Det viktigaste er å gjera det så bra som mogeleg her eg er. Så dukkar det nok opp noko etter kvart. Ein får alltid som fortent til slutt, seier Landro.

Nest-Sotra-trenaren har stor tru på den nye klubben Øygarden FK. Han understrekar at han brenn for å utvikla Sotra-fotballen og trur dette er rett veg vidare.

– Nest-Sotra har betydd utruleg mykje for meg, men eg har skjønt at det ikkje er liv laga. Eg har tru på at ei ny satsing kan verta endå betre, seier Landro.

I GARDEROBEN: Steffen Landro nyt stor respekt hos mange fotballfolk på Sotra.  Foto: Ørjan Deisz

– Strileblodet er spesielt

Eit mål med Øygarden FK er å samarbeida tett med dei lokale klubbane i Fjell, Sund og Øygarden – som vert Nye Øygarden kommune – med mål om å utvikla endå fleire lokale toppspelarar.

– Det er viktig å hugsa at me allereie er best på lokale spelarar i divisjonen. Men me skal ikkje stoppa med det. Me vil utvikla nye spelarar, seier Landro og utdjupar.

– Det er ingen tvil om at strileblodet er noko anna enn vanleg blod. Me må ha fleire med strilementalitet. Dei er tøffare enn folk flest og får ting til. Det er ikkje tilfeldig at det sit strilar på topp over alt, både her og i Brann, seier Landro.

På forsiden nå