Hødd og Brattvåg har berre vunne ein bortekamp kvar

Hødd har ikkje vunne ein bortekamp på to månader, medan Brattvåg ikkje har gjort det same sidan 16. mai. No spelar begge to viktige bortekampar.

Hødd og Brattvåg har gått fleire månader utan å vinne ein kamp på bortebane. I helga får dei ein ny sjanse mot Levanger og Vidar.  Foto: Hødd Fotball

Det er berre Hødd, Brattvåg og botnlaget Byåsen som står med ein siger på bortebane i denne avdelinga i 2. divisjon. Hødd fekk sin bortesiger då dei slo Vidar 1–0 2. juni. Etter det har Hødd berre plukka eitt poeng på dei neste fem bortekampane.