Hødd tok poeng frå Fredrikstad: – Burde tatt alle poenga

Hødd imponerte stort i serieopninga i 2.-divisjon borte mot opprykksfavoritt Fredrikstad. Oppgjeret enda 1–1.

Wachirawut Phudithip set inn 1-1 for Hødd mot Fredrikstad  Foto: Geir Carlsson

Det var eit nytt og ungt Hødd-lag som gjekk ut på banen søndag, og det var knytte stor spenning til kva de kunne vise. Klubben har mista mange spelarar frå i fjor, fått ny trenar og bytta ut store deler av leiinga grunna økonomi og konfliktar.