Milan-spelar Stine Hovland om livet i italiensk koronakarantene: Lange køar i matbutikken og 5000 euro i bot for å gå ut utan grunn

Stine Hovland er inne i si tredje veke med karantene. – Jo fortare folk i Norge forstår alvoret, jo fortare kan dei koma tilbake til normalen.

– Gjer den dugnaden som trengst og hald deg inne. Så kan livet fortare koma tilbake til normalen, seier Stine Hovland.  Foto: Fredrik Varfjell, Bildbyrån

Den italienske fotballdraumen vart ikkje heilt som Stine Hovland hadde rekna med. Etter fotball-VM sist sommar reiste ho til Milano for å spela for sjølvaste AC Milan, og midt i februar låg laget på tredjeplass i Serie A.