Handballstjerna håpar ny mensenforsking kan gi svar på kva som gjekk gale

– Då korsbandet mitt rauk, hadde eg mensen, seier Kjerstin Boge Solås.

VARMAR OPP: Kjerstin Boge Solås (til v.) og Kristin Risnes syklar litt før dei skal utføra meir krevjande fysiske testar på Høgskulen på Vestlandet.  Foto: Marita Aarekol

På Høgskulen på Vestlandet går to unge damer rundt og tek blodprøve og fyller ut skjema. Spurtar, pressar og hoppar. Den eine er Kjerstin Boge Solås – Tertnes-spelaren som vart Norges yngste EM-vinnar i handball nokosinne.