Her hadde Dale Oen-brørne sine første skuleår. No gir kommunen bygget til Robin.

– Det er svært mange kjensler knytt til dette bygget, seier Robin Dale Oen.

PLASS FOR UNGDOM: Breivik skule har dei siste åra fungert som barnehage. No er det ungdommar som skal inn i lokala, som kan tilby 650 kvadratmeter over tre etasjar.  Foto: Privat

Han er leiar for organisasjonen The Dale Oen Experience, som denne veka fekk ei skikkeleg gladmelding frå Øygarden kommune.