Boksaren Tim-Robin (26) får draumekamp på Sotra. Reaksjonane er langt frå berre positive.

– Personleg vil eg ikkje bruka ein kveld på å sjå folk slå på kvarandre, seier Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

SER SNILL UT: – Eg får ofte høyra at eg ikkje ser ut som ein proffboksar, seier Tim-Robin Lihaug frå Hjelteryggen på Litlesotra.  Foto: Marita Aarekol

SOTRA ARENA: Det var lite som minna om proffboksing då Tim-Robin Lihaug gjekk rundt mellom betongkonstruksjonane i Sotra Arena fredag formiddag.