Får endå ein tittel å kjempa om under boksefesten på Sotra

Tim-Robin Lihaug kan verta europameister i det store forbundet WBO.

KLAR: – Eg klarar nesten ikkje å venta på at kampen skal byrja, seier Tim-Robin Lihaug.  Foto: Bård Bøe

Det er knappe to veker til det skal skje. Laurdag kveld, den 23. mars, er det tittelkamp i proffboksing i Sotra Arena mellom Tim-Robin Lihaug frå Hjelteryggen og finske Timo Laine.