Vebjørn (25) trenar 1000 timar i året. Han har aldri vore topp fem i verdscupen.

Vebjørn Turtveit gir alt for å ta det siste, lange steget opp i verdseliten i langrenn.

ANNA Å GJERA PÅ: Vebjørn Turtveit er utdanna elektrikar. No tek han teknisk fagskule på nett innimellom trening og konkurransar. Så mykje meir er det ikkje plass til i livet hans.  Foto: Rune Sævig

Saken oppdateres.

Ikkje eit glipptak, ikkje ein konkurrent å sjå, pulsen er fin, pusten likeins. Her er ingen teikn til ein snikande kollaps.

Langrenn om sommaren kan stå fram som eit bilete på eit vellukka løpsopplegg. Men inne i skallen på ein som førebur seg i einsemd på noko som skal skje først når snøen har kvelt graset, kvernar det naturlegvis: Om det er nok, om det er rett, om han burde gjera noko anna.

Ofte tenkjer vossing og landslagsløpar Vebjørn Turtveit slike tankar.

STAKING: I fin stil langsmed Hamlagrøvatnet. Det er tre og ei halv mil heimanfrå.  Foto: Rune Sævig

To økter på julaftan

Du anar det når du ser han gå. Viljen han har gått inn i det med. Målretta til siste sveitteperle. I kvar einaste av dei rundt tusen treningstimane han legg ned.

– Eg trente to økter på 17. mai, og to på julaftan. Det var kanskje ikkje nødvendig, seier 25-åringen.

Men å legga seg klokka ti på kvelden, det er det ingen veg utanom. Å bli hekta på ein TV-serie, kan han ikkje tillata seg.

– Eg er nøye med å få nok søvn. Ni timar, minst. Søvn er heilt avgjerande for restitusjonen, understrekar Turtveit.

I fjor fekk han gå sju verdscuprenn, med niandeplassen i Cogne som resultatmessig høgdepunkt. Der tok han innersvingen på store namn som Sergej Ustjugov, Alex Harvey, Maurice Manificat og Didrik Tønseth.

– Han er profesjonell. Inntil det kyniske, seier ein av hjelparane, Bjørn Magne Bryn.

Fallskjermhopparen, som sjølv var ein dugande langrennsjunior, er ein frivillig del av det vesle støtteapparatet som Vebjørn Turtveit omgir seg med privat. Bryn følgjer med på mange av hardøktene og nokre av langturane.

No manøvrerer han elsykkelen opp på sida av Turtveit, fiskar fram telefonen og filmar, slik at dei to saman i ettertid kan setja seg ned og studera om dei kan gjera noko annleis teknisk.

– Han gjer jobben samvitsfullt, og lukar ut alt som ikkje tener formålet: Å bli betre, utdjupar Bryn.

ROMSLEGE SPONSORAR: Vebjørn Turtveit har god hjelp i satsinga si frå lokalt næringsliv. Dei krev ikkje så mykje tilbake i form av at han stiller opp på ulike tilskipingar. I staden kan han konsentrera seg om treninga.  Foto: Rune Sævig

Gjeve skalpar i beltet

Kva han tenkjer på, Turtveit, der han fullkome harmonisk diagonalgår Dalavegen frå Vangsvatnet og like til endes oppe på Hamlagrø, er ikkje godt å vita. Kanskje tenkjer han nede ved Liland at det er bratt og smertefullt, det som ventar.

Kanskje tenkjer han når han passerer hoppbakkane oppe ved Ukvitno at han skulle ha valt ein annan idrett.

Når han gløttar bort på bøen der vegen flatar ut ved Skjeldal, og kreftene framleis fløymer, tenkjer han kanskje heller at det er dette han elskar, det er dette han var esla for, slik somme nettopp på Skjeldal var det før han.

VAKEN: Eit lam ligg midt i vegen og drøvtyggjer. Vebjørn Turtveit må manøvrera utanom.  Foto: Rune Sævig

Støtt kjem det nye vossingar som aspirerer til ein plass i verdseliten i langrenn, og nærmast ein plass i det feltet er det Vebjørn Turtveit som er nett no.

Sist sesongoppkøyring prioriterte han kapasiteten. Før denne sesongen er det det tekniske han spesielt har teke tak i.

– Det er motiverande å oppleva framgang, seier Turtveit.

Meir enn det ber han ikkje om. Samstundes er han så langt komen i utviklinga si at vidare framgang vil vera einstydig med opprykk til sjølvaste verdseliten.

OPTIMIST: – Eg trur eg ligg betre an enn i fjor, seier Turtveit om førebuingane til sesongen som kjem.  Foto: Rune Sævig

Røthe: Hardtarbeidande

– Vebjørn tok eit stort steg sist vinter. Han er ein hardtarbeidande utøvar som eg trur snart vil vera fast inventar på landslaget, seier Sjur Røthe.

Sambygdingane kjenner kvarandre godt, og Røthe har sjølv gått ein lang veg før han blei stabil i verdseliten. Først med VM-sigrane i Seefeld i år tok 31-åringen det endelege steget. For Vebjørn er han ein verdfull sparring-partner.

– Vebjørn er veldig ivrig etter å gjera det som skal til. Og så har han funne sine eigne småting som han har veldig tru på. Det bygger karakter, seier Røthe.

Turtveit smiler lurt.

Visst har han noko han trur kan gi han eit fortrinn samanlikna med konkurrentane. Noko som er berre hans. Han har ikkje tenkt å røpa kva det er, for han, om nokon, veit at marginane er små i dette spelet.

KONTROLL: Laktattesten på veg opp mot Hamlagrø er fin. Det er viktig å halda kontroll med kroppens evne til å ta imot trening. Tidlegare i sommar måtte Vebjørn ta pause. Då tok han teltet med seg og strauk til fjells.  Foto: Rune Sævig

Å kjenna seg privilegert

Men det er krydderet i treningskvardagen. Det harde, grunnleggande treningsarbeidet kjem ingen utanom, som har tenkt seg til topps i kondisjonsidrett.

Som mange andre slike utøvarar, har Vebjørn Turtveit den evna at han kan nyta å ha det litt vondt, og på dagar som denne, med sola fløymande over landskapet, er det jamvel råd å kjenna seg privilegert midt der i motbakken.

Det er berre to år sidan han kom tilbake etter sjukdom. Kyssesjuke sette han ut av spel i sju av ein halv månad. Det tok eit år berre å byggja opp att den fysiske kapasiteten. No er han der han meiner han må vera. Klar til å setja inn toppstøyten.

Men det er utfordrande også, dette livet. Ein av fordelane med å vera på landslaget er at du kan prikka forma til dei store og viktige tevlingane.

– Eg, derimot, må vera i så god form at eg klarer å kvalifisera meg. Samstundes skal eg også vera i god form når eg får sjansen. Det kan vera ein vanskeleg balansegang, seier Turtveit.

FARS TERRITORIUM: Skiparken er imponerande. Her i smørebua er det far Trygve som regjerer. Han har vore skismørjar for sonen sin gjennom det meste av hans karriere.  Foto: Rune Sævig

Mor og far i støtteapparatet

Han har sett seg på terrassen i solsteika. Frå barndomsheimen under Sonvesåsen, der perfekte løyper blir preparert så snart det er snø og gode nok tilhøve til det, er det vidt og vakkert utsyn over Vangsvatnet og Vossebygda.

Med pensjonistforeldra Ingrid og Trygve som heilhjarta bidragsytarar i støtteapparatet kan Vebjørn konsentrera seg om skigåinga.

– Eg har stilt to vilkår, seier Trygve, far, sjåfør og skismørjar.

– At det skal vera moro, og at det skal vera sunt.

No er det både det første og det andre, så må vinteren visa om det også er det tredje og avgjerande:

Framgangsrikt.

VIKTIG HJELP: Bjørn Magne Bryn (til v.) er profesjonell fallskjermhoppar, men på fritida si stiller han opp for Vebjørn Turtveit. Her etter ei hardøkt på 2 timar og 35 km med mål oppe ved Hamlagrøvatnet.  Foto: Rune Sævig

På forsiden nå