Tur med barn? Løp i motbakke? Vandring heile dagen? Her er alternativa til Stoltzekleiven, Fløyen, Vidden og Ulriken.

Sjekk vår liste over turar, sånn litt utanfor allfarveg.

Hald minst ein meters avstand til andre enn dei du er i familie med, er oppmodinga frå styresmaktene når du er på tur. Her kosar Vivian og Tiana Haaberg seg på Byfjellene.  Foto: Tor Høvik

Koronaviruset tvingar folk til å halda avstand til kvarandre, og då er det på tide å gå på gjengrodde stiar. Eller i alle fall finna gode turalternativ til folkefavorittane Ulriken, Fløyen, Vidden og Stoltzekleiven.