Denne 30-millionershemmelegheita skal lokka alpinistane til Voss

– No er det vår tur. Me slår tilbake no, seier sjefen for alpinanlegget på Voss.

MYKJE SNØ: - Det er typisk at det snør mykje akkurat når me har investert i snøproduksjonsanlegg, seier Anna Bryn, dagleg leiar for Voss Resort Fjellheisar. Her står ho oppå ein betongkonstruksjon og ser ned på kollega Jörgen Näs.Foto: Rune Sævig

Saken oppdateres.

VOSS: Tett innpakka i skodde og nokre få, men iskalde, minusgrader ligg det ein dam like nedanfor Hangurstoppen på Voss.

Dersom du passerer forbi han ein vinterdag som denne kan du fort koma i skade for å ta det som kva som helst vatn, men det er det langt i frå.

For dette vatnet er det ikkje naturen som har gravd ut gjennom tusenvis av år med forflytning av is og stein.

Her har nokon lagt 30 millionar kroner på bordet for å skaffa til vegs dynamitt, mannskap og maskinar for å skapa eit menneskeforma vatn. Kvifor? For å kunna produsera kunstsnø.

OM HAUSTEN: Slik såg høgdebassenget nedanfor Hangurstoppen ut før snøen kom.Foto: Voss Resort

– Me har lenge drøymt om eit slikt høgdebasseng. Det er ei stor investering, men me tru me kjem til å tena på det til slutt, seier Anna Bryn, dagleg leiar for Voss Resort Fjellheisar.

Myrkdalen treng nesten aldri laga snø

Bryn sit på pauserommet i Bavallen på Voss. Ho snakkar om den store satsinga som no skjer i bygda. Det kjem eit nytt bygg nede ved togstasjonen som vert ein slags hub for all turisme.

Herifrå kan folk gå rett frå toget til den nye gondolen til 250 millionar kroner, og reisa i lufta opp til Hangurstoppen. Med ski på beina om vinteren, eller fotoapparat rundt halsen om sommaren.

MANGE GJESTAR: - Før var det 4000 alpinistar på ein god dag på Voss. No er det rundt 9000 fordelt på Eikedalen, Myrkdalen og oss i Voss Resort på ein god dag, seier Anna Bryn.Foto: Rune Sævig

Voss Resort har allereie investert 25 millionar kroner i gondolen. Så har ein altså satsa 30 millionar kroner på i høgdebasseng, kunstsnøanlegg og fleire lysløyper i alpinanlegget i tillegg.

Føremålet er å få ta opp hansken og konkurrera med den ivrige fetteren inne i Myrkdalen. Kampen mellom Voss Resort, Myrkdalen og Eikedalen om å trekkja til seg alpinistar frå bergensområdet, er hard. Men alle kan gleda seg over at det totale talet på alpinistar er aukande.

– Myrkdalen har bygd opp eit veldig bra anlegg, men med desse investeringane og gondolen, føler me at me kan slå tilbake. Det er store investeringar, men det er vår tur no, seier Bryn.

Harald Haaland, administrerande direktør i Myrkdalen Fjellandsby, seier han ser meir på Voss resort som ein kollega, meir enn ein konkurrent. Sjølv om Myrkdalen er eit snøhol med opptil to meter snø nett no, så planlegg ein også der investering i snøproduksjon.

– Det ligg i korta at me kjem til å bruka pengar på det framover. Me har eit anlegg no også, men det går år mellom kvar gong me slår det på. Me har berre brukt det nokon gongar for å sikra tidleg sesongstart. Dei er meir sårbare for snømangel på Voss, seier Haaland.

Framfor denne sesongen har Myrkdalen satsa mellom anna på å dobla kapasiteten i varmestova og utvida langrennsløypene. I løpet av dei 10 neste åra skal Myrkdalen etter planen opna tre nye heisar med høg kapasitet. Det vil bidra til å auka kapasiteten i alpinanlegget frå 5000 gjestar til 12.000.

– Me vil bli det tredje største anleggt i Norge bak Trysil og Hemsedal, seier Haaland.

Mindre snø framover

Med det nye høgdebassenget i fjellet kan Voss Resort skaffa seg mykje meir stabile snøforhold. Bassenget ligg høgt oppe, slik at ein er sikra godt trykk ut i snøanlegget. I tillegg har ein tilgang på mykje vatn som enten sig inn frå naturen eller vert pumpa opp frå vassdraget i Skulestadmo.

– Høgdebassenget gjer at me kan produsera mykje kjappare når temperaturen er her. Før trong me 14 dagar med minusgrader for å produsera nok snø, men no får me gjort alt på tre-fire dagar, seier Bryn.

LAGAR SNØ: Slik ser dei ut, snøkanonene som står plassert uti alpinløypene på Voss. Det finst 40 slike som spyr ut snø når det trengst.Foto: Rune Sævig

Vêret på Voss er ustabilt frå før. Ifølge NVE sine heimesider skal følgjande skje når det gjeld utsiktene for snø i framtida:

«Det er beregnet en betydelig reduksjon i antall dager med snødekke. Snøsesongen kan bli flere måneder kortere. I lavereliggende områder, langs kysten, vil snøen bli nesten helt borte.»

I dette perspektivet vert evna til å laga snø vikigare og viktigare i åra som kjem. Likevel, behovet for kulde kjem ein ikkje vekk frå, det trengs minst tre minusgrader for å produsera kunstig snø til alpinbakkane.

Starten på førre sesong var utfordrande for Voss Resort med sesongstart først 27. desember. I år har vêret vore betre, og alpinanlegget er allereie opna.

ARBEIDAR: Gintas Lappinskas jobbar med å få snøproduksjonsanlegget på Voss til å fungera.Foto: Rune Sævig

– Anlegget for snøproduksjon gjer at me er skodde for alle scenario og hadde me hatt det nye snøanlegget på plass i fjor, ville me vore i gang i midten av november. Det som sikrar god økonomi i skianlegg er drift tidleg i sesongen. Då er interessa størst, seier Bryn.

Afterski i Eikedalen

Årets sesong har starta svært godt for alle alpinanlegga, også i Eikedalen. Trekket som ligg nærast Bergen opna allereie 2. desember, noko som nesten var rekordtidleg.

Dermed kan dette verta det første året på fire år der Eikedalen ikkje går med minusresultat.

Før sesongen har ein i Eikedalen avslutta eit arbeid med å planera terrenget som har kosta fem millionar kroner.

– Me har hatt mange knausar og mykje berg som har gjort det vanskeleg å preparera løypene utan mykje snø. No når me har sprengt vekk mykje, er det enklare å gjera løypene klare, sjølv om det er mindre snø. Det gjer at sesongen vert lengre, seier Fredrik Tønjum, dagleg leiar i Eikedalen skisenter.

I år kan også turistane på Kvamskogen gå på after ski i Eikedalen.

– Det har vore eit problem at det ikkje har skjedd nokon ting på Kvamskogen på kveldstid. No opnar me after ski slik at ikkje folk treng sitja på kvar sin hytteterrasse og sjå på kvarandre, seier Tønjum.

§
Vis debatt
Gikk du glipp av disse?
 
 
 
 
 
 
På forsiden nå