Kari Traa om OL-gullet, suksessbedrifta og det berømte nakenbiletet

Mora til Kari Traa visste om nakenbiletet, men vart likevel sjokkert over resultatet.

VART SUPERKJENDIS: Etter nakenbiletet, like før OL i 2002, vart Kari Traa kjent for den jamne nordmann. – Eg tenkte at eg kunne ikkje gjera jolehandelen på Voss det året, så eg reiste til Bergen. Men der vart eg også gjenkjend, og det var mykje kviskring og tisking. Det vart ikkje så mange som fekk julepakkar frå meg det året, for å seia det slik.   Foto: Rune Sævig

Ho var den store stjerna, Kari Traa, då ho sto på startstreken i Deer Valley i Salt Lake City. Vossingen hadde vunne det meste i forkant. 28-åringen var soleklar favoritt. Den alle venta skulle vinna.