Sjur Røthe om landslagsuttaket: – Alltid litt spennande

Den knallsterke sesongavsluttinga i NM betydde truleg meir for sjølvkjensla enn uttaket.

TEKEN UT: Sjur Røthe er teken ut på allroundlaget for komande sesong. Her etter sigeren på ti kilometer klassisk under NM i Alta.  Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Måndag blei langrennslandslaga for sesongen 2018–2019 presenterte. Petter Northugs retur blei det store samtaleemnet, men det var ein ørliten spenning knytt til landslagsframtida til Sjur Røthe (29).