– De som jakter mote og design, må besøke noen andre. For oss er det viktigst å ha det smått og funksjonelt.

I ein liten leilighet på 47 kvadratmeter i Røldal Alpingrend har familien på fem funne basen til å dyrka si store ski -og snøbrettglede.

Denne gjengen elskar snø og er ute i bakkane på ski og brett heile dagane. Frå venstre Mikkel, Lotte, Torbjørn Presthus, August og Bodil Mauritzen. Fremst, alltid like entusiastiske Kalki.  Foto: Fredrik Refvem

Ekteparet Bodil Mauritzen og Torbjørn Presthus har nettopp hatt si første økt i snøen då me kjem på besøk den siste vinterferiedagen. Torbjørn har fersk hjelmsveis og svinsar rundt i stillongs, Bodil har lufta familiehunden Kalki og tuslar rundt barbeint medan ho lagar kaffi.