Alternativa var å flytte i blokk eller på hytta. Valet var ikkje spesielt vanskeleg.

Omkransa av skog ligg huset til Olaug Holmen. Det er grått og minner om det som det ein gong var ei løe.

Løehuset til Olaug Holmen gjer ikkje mykje vesen av seg der det ligg tilbaketrekt i skogsranda.  Foto: Fredrik Refvem

Her på Solbakken ovanom Ølesund på Randøy, kan 80-åringen sitja lenge og berre la auga segla inn over Jøsenfjorden si stadig endrande vassflate.