Dei flytta frå byen til bygda: – Me kom frå eit lite funkishus i Stavanger, kor me trong små møblar. I dette huset måtte me tenkje motsett.

Då Ketil Barkved viste Elin Haga annonsen for huset på Randøy, ante Elin ikkje kvar Randøy var.

Elin og Ketil satsar på naturtomt. Då dei flytta hit, heldt huset på å bli innegrodd av furuskog.   Foto: Jonas Haarr Friestad

Det er i Hjelmeland, svarte ektemannen. Ikkje tale om at eg flyttar til Hjelmeland, det er jo langt frå alt, protesterte Elin.