Dei har Norges høgaste bru som nabo

Sandsfjordbrua ragar majestetisk over hytta til Halldis og Kjell Ekkjestøl på Omsmaneset i Suldal.

Nå er det fem somrar sidan Kjell Ekkjestøl og kona Halldis har kunna nyta hyttelivet her. I mellomtida har dei fått ei bru like ved.Foto: Jonas Haarr Friestad

Saken oppdateres.

Paret fra Sauda har brua nesten over hyttetaket, og når dei sit ute høyrer dei vanlegvis berre ein stille sus frå bilane som kjører forbi langt der oppe.

Brua er Norges høgaste og ragar 73 meter over sjøen.Foto: Jonas Haarr Friestad

– Men inne høyrer me ingenting. Lyden ute sjenerer oss heller ikkje stort, bilane frå brua høyrest betre på andre sida av fjorden. Unntaket er når det kjem ein sverm motorsyklistar, det høyrer me, forsikrar ekteparet.

Gardinlaust

Me sit inne i den lyse stova. Hytta har mange vindauge i fronten, og ingen gardiner stel merksemd frå den spektakulære utsikta som vegvesenets ingeniørkunst og sjøens evig skiftande overflate kan tilby.

I fem somrar har dei vore utan hytte, for gamlehytta måtte bort då brua skulle byggast. Vegvesenet rådde paret til å byggja seg ei ny hytte ein annan stad, men paret ville halda seg på neset sitt og ei ny hyttetomt blei regulert inn.

Gamlehytta låg like ved det eine brukaret. Den nye hytta ligg litt høgare oppe, så nå har dei fått panoramautsikt over sjøen.

Halldis og Kjell Ekkjestøl si nye hytte ligg der få skulle tru at nokon ville bu.Foto: Jonas Haarr Friestad

Ei vakker bru

Å ha ein slik mastodont like utanfor hyttevindauget var ikkje ønskedraumen, men når ting blei som det blei, trøystar Kjell og Halldis seg med at det no blei ei vakker bru. Dei gler seg også over det stadig skiftande lyset og skimmeret i sjøen – og alle geitene på Åsarød-holmen.

Om kveldane når gatelyktene oppe på brua er tende og dei blå pyntelysa på brukara glitrar i fjorden, kan me innbilla oss at me har hytte i ein storby, skøyar dei.

Å venta på bru

Men sanninga er at hytta ligg på eit veglaust nes langt ute i Sandsfjorden. Her på dette neset har familien til Halldis hatt hytte sidan 1968. Då stod gamlehytta ferdig, bygd av far hennar.

Like utanfor hytta til Halldis og Kjell Ekkjestøl ruvar Sandsfjordbrua.Foto: Jonas Haarr Friestad

– Foreldra mine brukte alle feriepengane sine på hytta dei første åra. Me reiste med snekke frå Sauda. Turen tok tre timar med den eldste båten, minnest ho.

Planane om å byggja bru over Sandsfjorden har eksistert i fleire tiår. Foreldra visste at då dei bygsla den 4,8 mål store tomta frå garden Hamra i ytre Jårvik, kunne dei risikera at hytta kom i vegen for brua. Men familien valde å ta sjansen.

Både store og små elska den nye hytteplassen sin. Her beit fisken villig vekk og hytta yrte av familiemedlemmer og gjester heile somrane. Halldis tok raskt kjærasten Kjell frå Røldal med ut hit, og han blei like glad i plassen som henne.

Far til Halldis døydde i 1999, i 2005 blei det bestemt at ho og Kjell skulle overta hytta etter mora.

Ingen gardiner får stela utsikta frå hytta på Omsmaneset i Sandsfjorden.Foto: Jonas Haarr Friestad

Brubygginga nærma seg

Hyttelivet gjekk sin gong. Dei tok endå til sjansen på å bygga seg ein ny do, sjølv om dei visste at brubygginga truleg nærma seg.

– Det var snakk om tre alternativ for brua, så me håpte i det lengste ho ikkje skulle kryssa over neset kor me held til. Så kom beskjeden; hytta måtte vekk, men vegvesenet kunne ikkje fortelja når. Dei fekk vita at det kunne ta ti og tjue år, fortel Halldis og Kjell.

Hytteeigarane har prøvd å handla mest mogleg lokalt. Trappa som har eiketrinn er produsert av Suldal Trevare.Foto: Jonas Haarr Friestad

Nesten heilt fram til byggestart var det mykje att og fram. Dei flytta ut alt pikkpakket frå hytta i februar eit år for så å få kontrabeskjed om at brubygginga var utsett. Dermed drog dei tilbake til hytta med ein del av det eldste utstyret. Brubygginga starta våren 2013, og brua blei opna seinhausten 2015.

Fekk erstatning

Hytta og annekset blei taksert i 2011. Vegvesenet betalte erstatning til Ekkjestøl-paret, slik at dei skulle kunna få seg ei ny hytte.

– Tenkte de nokon gong på å klaga over trasévalet?

– Nei, me gjorde ikkje det, fordi me visste det ikkje ville ha nytta. Me ville berre ha utsett byggeprosessen, seier paret.

Utsikten er bevart.Foto: Jonas Haarr Friestad

Men både dei og dei tre barna visste at dei ville tilbake til neset sitt, sjølv om vegvesenet åtvara dei mot bildur og andre ulemper. Dei var regelmessig ute og kikka under bygginga av Sandsfjordbrua.

I starten blei hytta deira brukt som spisebrakke av anleggsarbeidarane. Deretter blei ho riven fordi ho stod i vegen for det eine brukaret.

Både Kjell og Halldis rosar brubyggjarane for god informasjon.

– Me fekk mellom anna vere med og gå opp i vindeltrappa i det eine brukaret, fortel dei.

I fjor byrja arbeidet med den nye hytta. Kjell har gjort det meste av arbeidet inne i vinter. Nå er det meste på plass innomhus, og han er i full gong med å laga terrasse rundt heile hytta. Eit naust er også i ferd med å bli reist nede ved strandkanten.

– Det er eit dugnadsprosjekt kor heile storfamilien er involvert. Me elskar å ha heile familien rundt oss, seier Halldis.

Hurtigbåten tutar

Hytteliv for familien er synonymt med uteliv.

– Me kosar oss ute med fisking og bading. Steiking av fisk på gassbluss utandørs er populært blant dei yngste. Barnebarna har også stor glede av å vinka til hurtigbåten når han går forbi, og då tutar ofte mannskapet, fortel Halldis og Kjell.

I sundet under brua får dei nærkontakt med skipstrafikken. Desse slepebåtane skal inn til Sauda og henta eit skip.Foto: Jonas Haarr Friestad

Ho og mannen likar også å sjå på båttrafikken.

– Dei store skipa som går til og frå fabrikken i Sauda, ruvar godt i sundet, fortel Kjell.

Sidan paret er pensjonistar, brukar dei hytta mykje. Kjell har arbeidd som faglaborant på smelteverket. Halldis har vore kjøkkensjef og kokk i Sauda kommune.

Dei dreg gjerne ut på dagsturar også. Båten har dei liggjande i Marvik, men er det større ting dei skal ha frakta ut til Omsmaneset, har dei avtale med grunneigaren på ytre Åsarød om at dei kan bruka kaien hans.

Tungvint å bygga her

Kjell og Halldis forsikrar at det var krevjande å bygge hytte på eit veglaust nes. All material og utstyr til hytta måtte anten fykast på plass eller fraktast på lekter og i båt.

Hytta har ferdigmalte plater på veggane og laminatgolv i alle rom.Foto: Jonas Haarr Friestad

– Det er blitt ein del lasting og lossing og bæring, forsikrar dei.

Ingen av dei saknar lenger gamlehytta. Nyhytta er både større, ligg finare til og er mykje meir komfortabel.

Hytta har både straum og vatn. Grunnflata er på 70 kvadratmeter. Den gamle hytta var på 28 kvadratmeter, annekset på 12 kvadratmeter.

På vei mot hytta.Foto: Jonas Haarr Friestad

Ekkjestøl-paret plar ikkje vera så mykje på Omsmaneset om vinteren. Dei satsar på å bruka hytta mellom april og november. Dei har nemleg fjellhytte i Sauda, og den er mykje i bruk vinterstid. I tillegg har dei feriebustad i Røldal.

– Me har hytteliv i blodet og blir aldri arbeidslause, seier dei og smiler.

Ingen av dei ønsker seg veg til hytta. Dei likar å halde til litt usjenert og har håp om å få mange nye gode år her ute. Dessutan gler dei seg over at barn og barnebarn også vil ha glede av hytta i åra framover.

Sandsfjordsbrua dagen før den blei opna i november i 2015.Foto: Jon Ingemundsen

Frå hytta si har Halldis og Kjell Ekkjestøl stålkontroll både på Sandsfjordbrua og hurtigbåten.Foto: Jonas Haarr Friestad

§
Vis debatt
Gikk du glipp av disse?