Endeleg fekk dei draumen oppfylt: – Denne hytta har me spart til i mange år

Håkon Smedsvig vedgår at han heile livet har vore bittelitt misunneleg på folk som har hytte.

Håkon og Anne Grethe Smedsvig er storfornøgde med hytta arkitekt Camilla Thorsen, til høgre, har teikna for dei.  Foto: Jonas Haarr Friestad

Nå var det endeleg han og kona Anne Grethe sin tur til å få hyttedraumen oppfylt. Ekteparet frå Haugesund hadde 3,5 millionar kroner å bruka på hytte og tomt. Ikkje eit øre meir.