Huset med den hemmelege takterrassen

I Tunveien 5 i Sandnes står eit funkishus med saltak. Dette taket gøymer ein skjult oase.

Familien elskar å vera på den godt skjulte takterrassen. Her kan dei gjera kva dei vil utan at naboane ser dei, med mindre naboane har dronar då….  Foto: Fredrik Refvem

Står du ved fasaden av huset og ser nøye etter, kan du så vidt skimta ein liten sprekk i taket langt der oppe. Der går Eileen Oftedal og steller epletrea sine, langt over terrassane til dei andre i nabolaget. Neste sommar skal ho også ha urtehagen sin her.