Opnar døra til fortida: – Eg er veldig knytta til den verda eg skapte den gongen

Silje Natland har prøvd å fanga stemninga og atmosfæren frå barndommen i feriehuset sitt i Suldal.

Huset er bygd i fleire platå for å gli godt inn i naturen. Steinhellene kjem frå Randøy. Ytterveggane er behandla med jernvitrol for å få ein farge som passar godt med steinen.  Foto: Jonas Haarr Friestad

Oppveksten i fjellbygda Natland ovanom Erfjord i Rogaland fyller henne med nostalgi. Silje Natland hadde ikkje mange leikekameratar. I silregn sat ho ofte og kikka over til andre sida av Natlandsvatnet og dikta liv til steinar og tre.